Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Truar kanselleringskultur ytringsfridommen?

I denne oppgåva skal de sjå nærare på korleis cancel culture, eller kanselleringskultur, kan vere eit demokratisk problem og ei utfordring for ytringsfridommen.
Kvinne slår mann med knyttneven gjennom eit papirark. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du gjer desse oppgåvene, bør du ha lese artikkelen "Kanselleringskultur".

Oppgåve 1

Finn eit døme på ein offentleg person i Noreg eller utlandet som hevdar å ha blitt utsett for kanselleringskultur.

  1. Diskuter om denne personen burde få lov til å fremje dei meiningane hen har ytra?

  2. Har kanselleringskultur ført til at det har blitt vanskelegare å debattere problem som rasisme og diskriminering?

  3. Har det blitt for lett å skylde andre for å drive med kanselleringskultur i staden for å argumentere mot kritikken vi får?

Oppgåve 2

Diskuter påstandane nedanfor gruppevis. Samanfatt i plenum:

  1. Kanselleringskultur er ikkje eit problem i Noreg.

  2. Det er ikkje mogleg å seie det du eigentleg meiner fordi samfunnet har blitt for oppteke av kva som er politisk korrekt.

  3. Det er viktigare å uttrykkje seg slik at ingen blir såra enn å seie kva vi eigentleg meiner.

  4. Vi har i dag blitt for opptekne av å bli "krenkte" på vegner av alle.

  5. Kanselleringskultur er eit demokratisk problem fordi mange ikkje tør å delta i den offentlege debatten.

  6. Kanselleringskultur er ein trussel mot ytringsfridommen.

Geriljabroderi med teksten: "Har du husket å føle deg krenket i dag?" Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Ytringsfridom under press