Ytringsfridom under press
I 2021 blei dei to afghanske journalistane Neamatullah Naqdi og Taqi Daryabi banka opp og arresterte då dei dekte ein kvinnedemonstrasjon i Kabul i Afghanistan. Dette er arbeidsforholda journalistar i enkelte land må arbeide under. Styresmakter som er skeptiske til kritiske medium, tyr gjerne til vald og vilkårlege arrestasjonar for å kneble regimekritikarar.
Ytringsfridom og pressefridom
I eit demokrati er ytringsfridom eit overordna prinsipp og handlar om retten og fridommen til å gi uttrykk for det vi meiner på den måten vi sjølv ønskjer. Dette inneber kritikk av styresmakter og urett i samfunnet. Pressefridom inneber at pressa og journalistar har rett til å drive med informasjon, kritikk og debatt utan sensur.
I dag er pressefridommen og tryggleiken til journalistar under eit aukande press. Amnesty International Norge fryktar for ei meir autoritær retning, der journalistar og andre forkjemparar for ytringsfridommen blir knebla, sette i fengsel eller i verste fall drepne. I 2020 blei 50 journalistar drepne medan dei var på jobb.
Det er òg ein tendens til at medium i ulike land blir underlagde statleg kontroll, slik at folket blir servert dei nyheitene styresmaktene ønskjer at dei skal få. Det er ikkje uvanleg at nettsider blir stengde eller internettilgang blir kutta. Journalistar som er regimekritiske, kan utsetjast for svertekampanjar eller blir skylda for å vere utanlandske agentar.
Tenk etter
Kor mange journalistar trur du blei drepne mellom åra 2011–2020?
I kva land trur du desse journalistane har blitt drepne?
Kor mange journalistar trur du har blitt fengsla i 2021?
Svar på spørsmåla finn du i denne oversikta frå Reportere uten grenser.
Journalistar og pressa kan bidra til å avdekkje menneskerettsbrot, setje søkjelys på urett og tvinge verdssamfunnet til å handle. Derfor er det viktig at både journalistar og andre medieforteljarar synleggjer at mange menneske i verda manglar grunnleggjande menneskerettar.
I mange tilfelle har journalistar avslørt maktmisbruk, valdsbruk, korrupsjon og fridomskrenking. Medium bidreg òg til å gi menneske eit ansikt vi kan identifisere oss med og skape ei forståing av situasjonar og lidingar menneske går gjennom.
I videoen nedanfor kan du sjå kva ytringsfridommen betyr for menneske, kva utfordringar ytringsfridommen står overfor, og kva forhold journalistar jobbar under i delar av verda i dag.
Tenk etter
Tek vi ytringsfridom for gitt i Noreg i dag?
Kor viktig er ytringsfridommen for deg?
Kunne du jobba som journalist i eit land der presse- og ytringsfridommen er under press? Kvifor? Kvifor ikkje?
Kierulf A., Gisle J. & Elden J.C. (2021, 3. november). Ytringsfrihet. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/ytringsfrihet
Matre J. & Johnsen M. (2021, 10. desember). Pressefriheten blir truet verden rundt. I VG. Henta frå https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/x87d3v/pressefriheten-trues-verden-rundt
Paszkiewicz Z. & Reiså M. (2021, 16. september). Dekket demonstrasjon i Kabul, banket opp. I NRK Urix. Henta frå https://www.nrk.no/urix/journalister-pa-jobb-banket-opp-1.15644235
Pressefrihet (2021, 10. oktober). I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/pressefrihet
Reporters without Borders (2021). https://rsf.org/en