Truar kanselleringskultur ytringsfridommen?
Før du gjer desse oppgåvene, bør du ha lese artikkelen "Kanselleringskultur".
Finn eit døme på ein offentleg person i Noreg eller utlandet som hevdar å ha blitt utsett for kanselleringskultur.
Diskuter om denne personen burde få lov til å fremje dei meiningane hen har ytra?
Har kanselleringskultur ført til at det har blitt vanskelegare å debattere problem som rasisme og diskriminering?
Har det blitt for lett å skylde andre for å drive med kanselleringskultur i staden for å argumentere mot kritikken vi får?
Diskuter påstandane nedanfor gruppevis. Samanfatt i plenum:
Kanselleringskultur er ikkje eit problem i Noreg.
Det er ikkje mogleg å seie det du eigentleg meiner fordi samfunnet har blitt for oppteke av kva som er politisk korrekt.
Det er viktigare å uttrykkje seg slik at ingen blir såra enn å seie kva vi eigentleg meiner.
Vi har i dag blitt for opptekne av å bli "krenkte" på vegner av alle.
Kanselleringskultur er eit demokratisk problem fordi mange ikkje tør å delta i den offentlege debatten.
Kanselleringskultur er ein trussel mot ytringsfridommen.