Hopp til innhald

Er konspirasjonsteoriar farlege?

For mange kan konspirasjonsteoriar vere underhaldande og spennande, men dei kan òg føre til hat, vald og katastrofar for enkeltpersonar og samfunnet. Kvifor er konspirasjonsteoriar farlege?
Tre menn poserer med amerikanske flagg og høgreradikale symbol i ei offisiell bygning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er konspirasjonsteoriar, og korleis kjenner vi dei igjen?

I den tverrfaglege læringsstien Er konspirasjonsteoriar farlege? skal du setje deg inn i kva som ligg i konspirasjonsteoriar, og korleis du kan kjenne igjen slike teoriar.

Du skal lære om korleis konspirasjonsteoriar har blitt brukte til å demonisere andre, spreie frykt og skape hat. Ikkje minst skal du lære korleis konspirasjonsteoriar kan vere ein trussel mot demokratiet.

Jobb med konspirasjonsteoriar som eit tverrfagleg prosjekt

Konspirasjonsteoriar er eit viktig og sentralt tema som inngår i læreplanane i ulike fag. Temaet eignar seg derfor godt som utgangspunkt for eit tverrfagleg prosjekt, og det er mange moglegheiter for å nærme seg temaet frå ulike vinklar, i ulike fag.

Det finst fire opplegg på NDLA som tek for seg konspirasjonsteoriar frå ulike innfallsvinklar. Desse kan kombinerast og til dømes bli brukte til gruppearbeid i eit tverrfagleg prosjekt.

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, engelsk, historie, religion og etikk, mediesamfunnet 1, mediesamfunnet 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap, sosiologi og sosialantropologi

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022