Hopp til innhald
Oppgåve

Kva veit eg? Konspirasjonsteoriar

Kva er konspirasjonsteoriar? Kva kjenneteiknar slike teoriar? Er konspirasjonsteoriar underhaldning og moro, eller kan dei vere farlege? I denne podkastepisoden spør Jonis Josef om alt han lurer på når det gjeld konspirasjonsteoriar. Lytt til episoden og løys oppgåvene.

Oppgåve 1. Førebuing

Før du lyttar til podkasten, så tenk etter:

  1. Kva konspirasjonsteoriar kjenner du til?

  2. Kva er eigentleg ein konspirasjonsteori?

  3. Skriv ned alle omgrep som blir nemnde i episoden som du synest er vanskelege.

Jonis Josef, som har svart, krøllete hår og skjegg, poserer framfor eit mikrofonstativ. Han smiler og ser imøtekommande ut. Foto.
Kva veit eg?

Konspirasjonsteoriar

I denne podkasten spør Jonis Josef om det han lurer på når det gjeld konspirasjonsteoriar. Gjesten er Peder Nustad. Han er prosjektleiar i Dembra, som jobbar med demokratisk beredskap mot rasisme og ...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og AS / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 2. Sentrale omgrep

Sit saman parvis eller i små grupper:

  1. Kva for vanskelege omgrep har de skrive ned? Prøv å finne forklaringar på dei.

  2. Etterpå kan de sjekke omgrepsforklaringane i lista nedanfor.

Omgrepsforklaringar til podkastepisoden "Kva veit eg? Konspirasjonsteoriar"

JFK

I 1963 blei den amerikanske presidenten John F. Kennedy skoten og drepen i Dallas. Drapet utløyste ei rekke ulike teoriar om kven som "eigentleg" stod bak attentatet.

Transparent

I denne samanhengen handlar omgrepet om at noko er ope, gjennomsiktig og føreseieleg. Eit transparent samfunn er altså eit ope samfunn.

Entreprenør

Ein entreprenør er i denne samanhengen ein person som opptrer nyskapande og produserer konspirasjonsteoriar. Desse entreprenørane bidreg òg til å spreie teoriane.

9/11

9/11 viser til konspirasjonsteoriane om terrorangrepet mot USA 11. september 2001. Desse teoriane hevdar at amerikanske styresmakter visste om eller dekker over det som "eigentleg" skjedde denne dagen.

QAnon

QAnon er ein konspirasjonsteori som spring ut frå ein nettprofil som kallar seg Q, og som visstnok skal vere ein ikkje-identifisert person med tilgang til topphemmeleg informasjon. Denne informasjonen blir spreidd gjennom koda meldingar som anonyme følgarar, såkalla anons, tolkar. Konspirasjonsteoriane knytte til QAnon handlar mellom anna om ei samansverjing av djeveldyrkande pedofile som styrer USA. Ifølge tilhengarane av QAnon skal Donald Trump avsløre og rydde opp i denne enorme konspirasjonen.

Illuminatar

Ifølge konspirasjonsteoretikarar styrer illuminatar, eller Illuminat-ordenen, all verdsens maktorgan og står bak det meste av det som er vondt i verda.

Skull and Bones

Skull and Bones skal, ifølge konspirasjonsteoretikarar, vere eit nettverk av hemmelege klubbar som styrer verda. Dette går føre seg i løyndom, og medlemmene består av mektige menn.

Byråkrati

Nemninga byråkrati beskriv ein avgjerdsprosess der saker skal behandlast etter eit felles sett med reglar. Det å følge korrekt framgangsmåte kan vere tidkrevjande, og derfor blir omgrepet byråkrati ofte brukt som eit nedsetjande uttrykk for tungvint saksbehandling.

Marginalisering

Omgrepet marginalisering blir brukt i fleire samanhengar. Her blir det brukt om ein prosess der enkeltindivid eller grupper blir skovne ut i ytterkantane av samfunnet. Nokre blir altså haldne utanfor makt eller innverknad.

Kaninholet

Kaninholet blir brukt som ein metafor for det å fortape seg i ei verd full av løgn og bedrag. Referansen kjem frå boka Alice i Eventyrland, der Alice fell ned i eit hol i bakken og hamnar i ei fantasiverd.

4chan og 8chan/8kun

4chan og 8chan er brukarskapte diskusjonsforum på internett. Dei er anonyme nettstader som mellom anna har blitt brukte til å spreie konspirasjonsteoriar. Nettprofilen Q, som er sentral i konspirasjonsteorien QAnon, skreiv dei første innlegga sine på nettstaden 4chan. Seinare flytta Q seg til nettstaden 8chan, òg kjend som 8kun.

Holocaust(nekting)

Holocaust er nemninga som blir brukt på folkemordet mot jødane og andre grupper under andre verdskrigen. Dette folkemordet er det mest veldokumenterte folkemordet i historia, men holocaustnektarane påstår at det aldri har funne stad.

Polarisering

Polarisering er når ytterpunkta av standpunkta i ei sak dominerer, slik at to klart motstridande og ofte ekstreme oppfatningar får mest merksemd, mens nyansane mellom dei to ytterpunkta blir usynlege. I politikken er polarisering at avstanden langs politiske skiljelinjer aukar, til dømes avstanden mellom dei politiske partia.

Oppgåve 3. Konspirasjonsteoriar

  1. Korleis definerer Peder Nustad ein konspirasjonsteori?

  2. Korleis oppstår konspirasjonsteoriar, og korleis spreier dei seg?

  3. På kva måtar kan konspirasjonsteoriar vere farlege?

  4. Kva konspirasjonsteoriar meiner Peder Nustad er farlege i dag?

  5. Korleis burde du møte ein konspirasjonsteoretikar?

  6. Kva kan vi som samfunn gjere for å motverke konspirasjonsteoriar?

Oppgåve 4. Diskusjon

Diskuter desse påstandane:

  1. Vi er alle til ein viss grad konspirasjonsteoretikarar.

  2. Det beste verkemiddelet for å bli kvitt konspirasjonsteoriar er å forby dei.

  3. Det er sannsynleg at "nokon" styrer verda i det skjulte.

Oppsummer i plenum til slutt.

Kjelder

Drangsholt, J.S. (2015, 10. november). Ser deg nede i kaninhullet. I Aftenposten. Henta frå https://www.aftenposteninnsikt.no/kulturtrender/ser-deg-nede-i-kaninhullet

Færeseth, J. & Dyrendal, A. (2021, 3. februar). QAnon. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/QAnon

Hansen, T. (2020, 26. januar). Byråkrati. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/byr%C3%A5krati

Larsen, J.H. (2013, 30. november). De ti beste konspirasjonsteoriene om Kennedy-drapet. I NRK. Henta frå https://www.nrk.no/urix

Nilstun, C. (2021, 8. november). Transparent. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/transparent

Nordbø, B. (2018, 17. april). Marginalisering. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/marginalisering

Thorsen, D.E. (2020, 4. november). Polarisering. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/polarisering

Simonsen, K.B. (2019, 4. april). Holocaustbenektelse. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/holocaustbenektelse

Skiphamn, S.S. & Bergsaker, T. (2017, 14. september). Nei, det er ikke innlysende at 9/11 var en eksplosjon. I Faktisk.no. Henta frå https://www.faktisk.no/artikler

Søderlind, D. (2006, 18. mai). Den egentlige makten bak makten. I Forskning.no. Henta frå https://forskning.no/historie