Hopp til innhald
Oppgåve

Folkeopplysningen: Konspirasjonen

Finst det krefter i samfunnet som prøver å skjule viktig informasjon for befolkninga? Andreas Wahl og Folkeopplysningen undersøker om vi blir utsette for ein stor konspirasjon.

Oppgåve 1

Etter at du har sett filmen, les desse to artiklane:

  1. Bruk det du har lese i artikkelen "Konspirasjonsteoriar". Kva slags konspirasjonsteori meiner du vi får presentert i filmen?

  2. Bruk det du har lese i artikkelen "Korleis avsløre ein konspirasjonsteori?" Kor mange av dei seks kjenneteikna på konspirasjonstenking kjenner du igjen i filmen?

  3. Trudde du på konspirasjonsteorien i filmen? Viss ja – kva syntest du var truverdig? Viss nei – kva var usannsynleg?

Oppgåve 2

Les artikkelen "Alle er konspirasjonsteoretikarar".

  1. Kvifor trur vi på konspirasjonsteoriar?

  2. Drøft kvifor nokon kunne trudd på den fiktive konspirasjonsteorien i filmen.

Oppgåve 3

Les artikkelen "Kvifor er konspirasjonsteoriar farlege?"

  1. Kvifor kan konspirasjonstenking og konspirasjonsteoriar vere farlege?

  2. Drøft i kva grad konspirasjonsteorien i filmen kan vere farleg.

Relatert innhald