Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Wilsons 14 punkt og Versaillestraktaten

8. januar 1918 presenterte den amerikanske presidenten Woodrow Wilson dei 14 punkta sine for fred for Kongressen i USA. I denne oppgåva skal du vurdere i kva grad desse vart følgde i fredsoppgjeret etter første verdskrigen.
President Woodrow Wilson sit ved skrivebordet. Han har ein penn i høgre hand, og nokre papir ligg framfor han. Han ser mot fotografen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuing

Før du gjer oppgåvene må du lese desse artiklane:

Fredsoppgjeret i Versailles i 1919

Verknadene av fredsoppgjeret

Oppgåve 1

I fredsoppgjeret etter første verdskrigen meinte den amerikanske presidenten Woodrow Wilson at sigerherrane skulle ta omsyn til sjølvråderetten til nasjonen, der nasjonalitet skulle bestemme dei nye statsgrensene.

  1. I kva grad vart dette prinsippet følgt med tanke på Tyskland og tyskarar?

  2. I kva grad vart dette prinsippet følgt når europakartet vart teikna opp på nytt etter første verdskrigen?

  3. Kva konsekvensar fekk det nye europakartet i mellomkrigstida?

Oppgåve 2

Woodrow Wilson presenterte i januar 1918 dei 14 punkta sine for fred. Desse punkta skulle vere utgangspunkt for ei fredsslutning alle partar kunne leve med. Hovudtrekka i Wilsons 14 punkt er lista opp nedanfor:

Wilsons 14 punkt
  1. Ingen hemmelege avtalar. Diplomatiet skal skje openlyst.

  2. Fri ferdsel på verdshava.

  3. Økonomiske hinder skal fjernast for å fremme fri og lik handel.

  4. Gjensidige garantiar for nedrusting til eit minimum som trengst for å verne eige land.

  5. Upartisk ordning av alle kolonikrav, der det blir teke omsyn til dei folka det gjeld.

  6. Tilbaketrekking av alle framande soldatar i russiske landområde.

  7. Tilbaketrekking av alle framande troppar i Belgia. Belgisk sjølvstende skal gjenopprettast.

  8. Tilbaketrekking av alle framande troppar i Frankrike. Okkuperte område og Alsace-Lorraine må bli gitt tilbake til Frankrike.

  9. Italias grenser blir trekte etter nasjonalitet.

  10. Folka i Austerrike-Ungarn bør få høve til sjølvstendig utvikling.

  11. Tilbaketrekking av alle framande troppar i Romania, Serbia og Montenegro. Okkuperte område må tilbakeførast. Serbia må få fri og sikker tilgang til sjøen. Nye grenser må trekkast etter nasjonalitet.

  12. Dei tyrkiske delane av det noverande osmanske riket må bli sikra sjølvstende. Andre nasjonalitetar under tyrkisk herredømme må få si eiga sjølvstendige utvikling.

  13. Ein uavhengig polsk stat må bli oppretta der det bur polakkar. Staten må ha tilgang til havet.

  14. Skiping av Folkeforbundet.

Kjelde

Wilson's Fourteen Points (u.å.). I Library of Congress (u.å.). Henta 20.februar 2022 frå https://www.loc.gov/collections/world-war-i-rotogravures/articles-and-essays/events-and-statistics/wilsons-fourteen-points/

  1. Kva punkt vart følgde i Versaillestraktaten?

  2. Kva punkt vart ikkje følgde? I så fall kvifor ikkje?

  3. Undersøk kva straff Tyskland fekk i Versaillestraktaten. Er det noko av straffa som ikkje var nemnd i Wilsons 14 punkt?

Oppgåve 3

Eitt av Wilsons punkt var skipinga av Folkeforbundet. Den viktigaste oppgåva til Folkeforbundet var å forhindre ny verdskrig, men det vart kritisert for å ikkje ha lykkast med dette.

  1. Kvifor lykkast ikkje Folkeforbundet med å hindre utbrotet av ein ny verdskrig?

  2. På mange måtar er Dei sameinte nasjonane (SN) ein etterfølgar av Folkeforbundet. Undersøk kva som er likskapane og forskjellane mellom desse to organisasjonane.

Oppgåve 4

Drøft følgande påstand:

Andre verdskrigen ville ikkje skjedd om fredsoppgjeret hadde følgt Wilsons 14 punkt.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Første verdskrigen