Hopp til innhald

Fagstoff

Verknadene av fredsoppgjeret

Første verdskrigen og fredsoppgjeret endra Europa og verda for alltid. Kva for politiske og økonomiske verknader fekk krigen og fredsoppgjeret?
Marsjerande soldatar ved triumfbogen i Paris. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Politiske verknader

Første verdskrigen skulle vere "krigen som enda alle krigar", men fredsoppgjeret enda opp med å legge grunnlaget for ein endå verre verdskrig. Dei økonomiske og politiske verknadene av krigen fekk store konsekvensar i mellomkrigstida og heng tydeleg saman.

Tyskland audmjuka

Fredsoppgjeret skulle avklare Tysklands rolle i Europa og løyse det såkalla "tysklandsproblemet". Resultatet vart eit audmjukande fredsoppgjer, som taparane i krigen måtte godta. Tyskland rolle som stormakt vart avgrensa både økonomisk og militært. Krava mot Tyskland var delvis for å svekke stormakta, men dei hindra samtidig vidare fred og stabilitet i Europa. Det unge demokratiet i Tyskland, , fekk mange problem å løyse i mellomkrigstida.

Mange tyskarar opplevde Versaillestraktaten som audmjukande, spesielt krigsskuldparagrafen og krigsskadeerstatningane var vanskelege å akseptere. Militæret vart redusert, landområde vart fråtekne dei, og mange tyskarar enda opp utanfor eigne grenser. Skulda for elendet vart av mange tyskarar lagd på ein indre fiende som hadde "dolka Tyskland i ryggen" under krigen. Dette er den såkalla , der mellom anna jødar og kommunistar vart sett på som forrædarar.

Frankrike og Storbritannia

Frankrike og Storbritannia vann krigen, men dei menneskelege lidingane og økonomiske kostnadene var svært høge. Folk var leie av krig, og militær nedrusting vart viktig for å halde utgiftene nede.

Frankrike og Storbritannia beheldt koloniane sine og fekk òg nokre nye etter krigen, men motstanden mot dette auka i mellomkrigstida. Første verdskrigen bidrog til sterkare nasjonalkjensle i koloniserte område, og spesielt for Storbritannia var det ei utfordring å halde imperiet saman. Frankrike på si side måtte bygge opp att landet etter dei enorme materielle øydeleggingane av skyttargravskrigen, som hadde gått føre seg på deira eige territorium.

USA

Den einaste stormakta som kom politisk og økonomisk styrkt ut av krigen, var USA. På mange måtar kan vi seie at USA fekk ei større politisk rolle internasjonalt, men dei trekte seg etter krigen tilbake til den tradisjonelle isolasjonismen sin. Dette var ein tankegang innanfor amerikansk utanrikspolitikk der USA ikkje skulle blande seg inn i forhold utanfor Amerika, spesielt gjaldt dette forhold i Europa.

Økonomisk fekk USA enormt oppsving på 1920-talet, men dette skulle endre seg med børskrakket i New York i 1929.

Nytt europakart

Etter første verdskrigen forsvann europeiske keisardømme og imperium. Dei vart erstatta av nye nasjonalstatar med demokrati som styreform. I mellomkrigstida skulle desse vise seg ikkje å vere rusta for dei utfordringane som kom.

Kartet nedanfor viser korleis europakartet vart endra etter Versaillestraktaten. Klikk på boksen i høgre hjørne på kartet for å få det i fullskjerm. Deretter klikkar du på informasjonsteikna for å få ei kort oversikt over kva som skjedde.

Folkeforbundet

Lidingane i den første verdskrigen hadde vore enorme. Millionar var døde, mange var skadde og leid av . Korleis skulle ein forhindre slike katastrofar i framtida?

Den amerikanske presidenten Woodrow Wilson ønskte å opprette ein verdsomspennande organisasjon, Folkeforbundet, som skulle hindre ny verdskrig. Folkeforbundet skulle vere ein arena der statar og nasjonar kunne avgjere usemje gjennom forhandlingar i staden for krig. Organisasjonen kan seiast å vere ein forløpar for det som i dag er Dei sameinte nasjonane (SN).

Det var mange svakheiter med organisasjonen, og sett i ettertid var han ingen suksess. Folkeforbundet mangla handlekraft og truverdige sanksjonsmiddel når konfliktar oppstod. Dette såg vi til dømes då Italia invaderte Etiopia i 1936, Japan invaderte Mandsjuria i Kina i 1931, i den spanske borgarkrigen, 1936–1939, og ikkje minst med Hitlers aggressive utanrikspolitikk etter 1933. Ein del av forklaringa på Folkeforbundets handlingslamming var at mange statar stod utanfor organisasjonen. USA vart aldri med. Tyskland og Sovjetunionen vart dei første åra haldne utanfor.

Økonomiske verknader

Første verdskrigen forandra verdsøkonomien, og spesielt overgangen frå krigsøkonomi til fredsøkonomi var vanskeleg. Under krigen hadde den sivile produksjonen måtta omstillast for å tilfredsstille dei militære behova. Etter krigen måtte økonomien leggast om på nytt samtidig som mange fabrikkar anten var nedslitne eller øydelagde. Denne overgangen var vanskeleg for mange land, spesielt for Tyskland.

På grunn av ustabil valuta og trykking av for mykje pengar oppstod det i Tyskland ein hyperinflasjon, som toppa seg i 1923. Pengane mista i praksis all sin verdi. Weimarrepublikken var makteslaus og klarte ikkje å handtere alle problema. Dette førte til ei der både nazistane og kommunistane fekk større oppslutning.

Europa vann aldri tilbake den økonomisk dominerande posisjonen sin, og dei økonomiske verknadene av krigen prega mellomkrigstida. For å finansiere krigføringa hadde franske og britiske styresmakter teke opp store lån frå USA. Etter krigen måtte dei betalast tilbake. Frankrike og Storbritannia var avhengige av kriseskadeerstatning frå Tyskland for å finansiere tilbakebetalinga av dei amerikanske låna. Tyskland, på si side, var avhengig av store, kortsiktige amerikanske lån for å halde oppe ein stabil valuta, og for å betale erstatningar til Frankrike og Storbritannia. Siste nedbetaling skjedde i 2010.

Trekant som viser at USA gir lån til Tyskland. Tyskland betaler krigserstatning til Frankrike og Storbritannia. Frankrike og Storbritannia nedbetaler gjeld til USA. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Korleis heng dei økonomiske og politiske verknadene av første verdskrigen saman i mellomkrigstida?

Midtausten

, som hadde kjempa saman med sentralmaktene, kollapsa etter første verdskrigen. I 1923 vart republikken Tyrkia oppretta, men områda i Midtausten som ikkje vart ein del av Tyrkia, vart administrerte av Folkeforbundet. I praksis overtok Frankrike og Storbritannia kontrollen over Irak, Syria og Libanon.

Palestina, som hadde vore underlagt Det osmanske riket, vart mot slutten av krigen okkupert av Storbritannia etter at osmanane vart fordrivne. Palestinarane hadde indirekte vorte lova sjølvstyre som påskjønning for å slåst mot osmanane, men etter krigen vart ikkje dette følgt opp. Etter fredsforhandlingane vart Palestina eit britisk mandatområde, og det vart lagt til rette for jødisk busetting.

Dei arabiske folka i Midtausten fekk ikkje det sjølvstendet dei meinte dei hadde vorte lova. Dette har fått store følger for situasjonen i Midtausten fram til i dag.

Kjelder

Gjerde, Å. B. (2020, 30. desember). Mellomkrigstiden. I Store norske leksikon. https://snl.no/mellomkrigstiden

Palmer, R. R., Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Versailles-traktaten. (2021, 19. januar). I Store norske leksikon. https://snl.no/versailles-traktaten

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik, Jostein Saakvitne og Stein Ugelvik Larsen.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2022

Læringsressursar

Første verdskrigen