Hopp til innhald

Fagstoff

Fredsoppgjeret i Versailles i 1919

11. november 1918 vart det skrive under våpenkvile mellom dei stridande partane. Fire år med krig var over, og første verdskrigen var slutt. No skulle sigerherrane avgjere lagnaden til Tyskland og dei andre sentralmaktene. Kva vart resultatet av Versaillestraktaten?

Første verdskrigens sluttfase

I sluttfasen av krigen vart det meir og meir tydeleg kven som ville vinne. At USA gjekk med i krigen på side i 1917, vart eit vendepunkt, og etter den siste mislykka tyske offensiven på vestfronten i 1918 var krigen militært sett tapt for Tyskland. I tillegg var Tyskland på dette tidspunktet prega av krigstrøyttleik, desertering, varemangel og spontane revolusjonsforsøk. Keisar Vilhelm 2. flykta til Nederland, og keisardømmet vart erstatta av ein demokratisk republikk, den såkalla

11. november 1918 vart våpenkvila underteikna. Krigen var over, sjølv om ingen soldatar frå ententemaktene hadde sett sine bein i Tyskland. Trass i problema i Tyskland var det for mange tyskarar uforståeleg at krigen var tapt.

Spanskesjuka

I tillegg til enorme tapstal i krigen ramma ein global influensapandemi store delar av verda i åra 1918–1920. Denne influensaen vart kjend som spanskesjuka, og mellom femti og hundre millionar menneske mista livet. Denne enorme katastrofen bidrog til ønsket om å avslutte krigen.

Biletet viser mange menn som sit ved store bord i eit stort rom. Bak i rommet sit og står det endå fleire menn. Det er høge vindauge og lysekroner i taket.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fredskonferansen i Paris

Etter krigen var fredsønsket i Europa stort, men utfordringane var enorme. Tre keisarrike var gått i oppløysing og europakartet måtte teiknast opp på nytt. I tillegg måtte dei tapande partane, Tyskland, Austerrike-Ungarn og Det osmanske riket, bli straffa. I januar 1919 møttest representantar frå sigerherrane Storbritannia, Frankrike, USA og Italia i Paris for å forhandle fram ein fredsavtale. Fredsavtalen med Tyskland, den såkalla Versaillestraktaten, var den viktigaste.

Utgangspunktet til dei involverte partane var ulikt. Tyskland håpa at dei kunne påverke fredsvilkåra ved å be om våpenkvile i 1918 og ikkje kjempe til siste mann. Det dei tyske leiarane ønskte, var å bli behandla etter den amerikanske presidenten Woodrow Wilsons 14 punkt for fred, som vart presenterte i januar 1918. Desse punkta skulle vere utgangspunkt for ei fredsslutning alle partar kunne leve med. Eitt av hovudprinsippa til Wilson var sjølvråderetten til nasjonen, der nasjonalitet skulle bestemme dei nye statsgrensene. Ein slik fred ville vere til å leve med for mange tyskarar.

Wilsons 14 punkt

I januar 1918 erklærte president Woodrow Wilson sine kjende 14 punkt. Wilson var oppteken av å legge til rette for ei forsonande løysing alle involverte partar kunne akseptere. Her er hovudtrekka i Wilsons 14 punkt:

  1. Ingen hemmelege avtalar. Diplomatiet skal skje openlyst.

  2. Fri ferdsel på verdshava.

  3. Økonomiske hinder skal fjernast for å fremme fri og lik handel.

  4. Gjensidige garantiar for nedrusting til eit minimum som trengst for å verne eige land.

  5. Upartisk ordning av alle kolonikrav, der det blir teke omsyn til dei folka det gjeld.

  6. Tilbaketrekking av alle framande soldatar i russiske landområde.

  7. Tilbaketrekking av alle framande troppar i Belgia. Belgisk sjølvstende skal gjenopprettast.

  8. Tilbaketrekking av alle framande troppar i Frankrike. Okkuperte område og Alsace-Lorraine må bli gitt tilbake til Frankrike.

  9. Italias grenser blir trekte etter nasjonalitet.

  10. Folka i Austerrike-Ungarn bør få høve til sjølvstendig utvikling.

  11. Tilbaketrekking av alle framande troppar i Romania, Serbia og Montenegro. Okkuperte område må tilbakeførast. Serbia må få fri og sikker tilgang til sjøen. Nye grenser må trekkast etter nasjonalitet.

  12. Dei tyrkiske delane av det noverande osmanske riket må bli sikra sjølvstende. Andre nasjonalitetar under tyrkisk herredømme må få si eiga sjølvstendige utvikling.

  13. Ein uavhengig polsk stat må bli oppretta der det bur polakkar. Staten må ha tilgang til havet.

  14. Skiping av Folkeforbundet.

Kjelde

Wilson's Fourteen Points (u.å.). I Library of Congress (u.å.). Henta 20. februar 2022 frå https://www.loc.gov/collections/world-war-i-rotogravures/articles-and-essays/events-and-statistics/wilsons-fourteen-points/

Sigerherrane på si side var einige om at Tyskland måtte bere hovudansvaret for krigen og skulle straffast deretter, men det var usemje om korleis dette skulle gjerast.

USA og president Woodrow Wilson ønskte at fredsoppgjeret skulle vere ei forsoning mellom alle stridane partar og legge til rette for samarbeid og fred i Europa og verda. Frankrike hadde ei mindre forsonleg linje og ønskte at Tyskland skulle straffast strengt. For Frankrike var det viktig at Tyskland aldri igjen skulle bli ein trussel mot freden i Europa, og at dei måtte betale for skadane påført Frankrike. Storbritannia ønskte òg å straffe Tyskland økonomisk, men følgde ikkje same harde linje som Frankrike. Italia, som enda opp på sigerherranes side, ønskte påskjønning for krigsinnsatsen sin, men det fekk dei ikkje. Italia "vann krigen, men tapte freden".

Fire menn med grått hår, kledd i mørke dressar. Dei står på ei trapp med ei open dør i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Versaillestraktaten

Tyskland fekk ikkje delta ved forhandlingsbordet og vart presentert fredsforslaget frå sigerherrane. Tyskarane hadde forventa ein fredsavtale bygd på forsoning og felles ønske om å bygge Europa opp på nytt, men fekk i staden presentert ein avtale med usedvanleg harde vilkår. Tyskarane ønskte ikkje å godta fredsavtalen, men dei hadde ikkje noko val. Vart ikkje avtalen godteken, ville krigshandlingane bli tekne opp att. Den nye Weimarrepublikken meinte dessutan at dei ikkje kunne stå ansvarleg for kva det gamle keisarriket Tyskland hadde hatt ansvar for.

Ansvaret for krigen

Det punktet Tyskland hadde størst problem med å akseptere, var punktet om krigsskuld. Tyskland måtte ta på seg det juridiske og moralske ansvaret for krigen. Dette vekte kraftige tyske reaksjonar, både hos det tyske folket, frå politikarar og i militæret. Tyskarane sjølve meinte at skulda måtte fordelast, og at dei åleine ikkje hadde heile ansvaret. Denne audmjukinga skulle Adolf Hitler bruke i sin i åra før utbrotet av neste verdskrig.

Militæret blir bygd ned

Heile Europa vart oppmoda om å ruste ned militært, men Tyskland vart pålagt å ruste ned i alle våpengreiner. Hæren skulle berre bestå av cirka 100 000 soldatar. Dette var for lite til at det utgjorde nokon trussel overfor nabolanda, men stort nok til å kunne vareta indre fred og slå ned opprør og revolusjonsforsøk. Ved slutten av krigen var det frykt for revolusjonsforsøk i Tyskland, spesielt frå kommunistane.

Det vart lagt ned forbod mot moderne militærteknologi, noko som innebar forbod mot ubåtar, stridsvogner og fly. Flyvåpenet og Marinen vart altså dramatisk redusert. I tillegg skulle dei vestlege områda mot Frankrike demilitariserast, det vil seie at det tyske forsvaret ikkje kunne vere til stades i desse områda.

Tapte landområde

Tyskland måtte avstå store landområde til nabolanda. Det attreiste landet Polen fekk tildelt store område spesielt frå Tyskland, men også frå Russland og Austerrike-Ungarn. Sidan Polen skulle ha tilgang til Austersjøen, vart Aust-Preussen skild frå resten av Tyskland av "den polske korridoren". Frankrike fekk tilbake Alsace og Lorraine, som Tyskland hadde erobra under den fransk-tyske krigen i 1870–1871. Dei viktige tyske kolgruvene i Saar-området vart overtekne av Frankrike for ein periode på 15 år. Danmark fekk tilbake delar av Sør-Jylland som vart okkupert under den dansk-tyske krigen i 1864. Tyskland mista alle koloniane sine, først og fremst til Frankrike og Storbritannia.

På grunn av fredsoppgjeret enda mange tyskarar utanfor Tysklands grenser, ikkje berre på grunn av tapte landområde for Tyskland, men også på grunn av andre grenseendringar. Som ei følge av at Austerrike-Ungarn vart oppløyst, vart det meste av den tysktalande minoriteten, sudettyskarane, i det tidlegare dobbeltmonarkiet innlemma i det nyoppretta Tsjekkoslovakia.

Krigsskadeerstatning

Sigerherrane påla Tyskland å betale ei gigantisk erstatning for skadar og tap påført under første verdskrigen. Summen enda opp på 132 milliardar gullmark. Dei fleste meinte at dette var umogleg å gjennomføre, men sigerherrane stod på sitt. Det nytta lite å vise til at Tyskland låg utarma etter krigen og at økonomien var lagd i ruinar. Som ein konsekvens av krigsskadeerstatningane måtte Tyskland slite med økonomiske svingingar gjennom heile mellomkrigstida.

Tenk etter

Versaillestraktaten har i ettertid vorte kritisert for å ha straffa Tyskland for hardt. I kva grad er dette rett?

Ei stor folkemengde protesterer utanfor eit stort praktbygg, riksdagsbygningen i Berlin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Høyr podkasten Freden som mislyktes i NRK-programmet Verdibørsen viss du vil lære meir om Versaillestraktaten og konsekvensane av han.

Kjelder

Brazier, E. & Kirkhusmo, A. (2021, 7. mai). Første verdenskrig. I Store norske leksikon. https://snl.no/f%c3%b8rste_verdenskrig

Fosshaugen, K. (2019, 1. september) Det armenske folkemordet. I Store norske leksikon. https://snl.no/det_armenske_folkemordet

Mamelund, S. E. (11. august 2021). Spanskesyken. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/spanskesyken

Palmer, R. R., Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Ugland, E. (2010) Å lykkes med nyere historie. Cappelen Damm.

Versailles-traktaten (2021, 19. januar). I Store norske leksikon. https://snl.no/versailles-traktaten

Treaty of Versailles (2020, 22. mars) I Wikisource. https://en.wikisource.org/wiki/treaty_of_versailles/part_v#Article_160\

Wilson's Fourteen Points (u.å.). I Library of Congress (u.å.). Henta 20. februar 2022 frå https://www.loc.gov/collections/world-war-i-rotogravures/articles-and-essays/events-and-statistics/wilsons-fourteen-points/

Relatert innhald

Første verdskrigen og fredsoppgjeret endra Europa og verda for alltid. Kva for økonomiske og politiske verknader fekk krigen og fredsoppgjeret?

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik, Jostein Saakvitne og Stein Ugelvik Larsen.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2022

Læringsressursar

Første verdskrigen