Hopp til innhald

Fagstoff

Krigens gang 1914–1918

Første verdskrigen var den første globale krigen i historia. Ofte har krigen vorte omtalt som den første moderne krigen i verda, men kva skjedde eigentleg? Korleis gjekk krigen føre seg? Kva skjedde i Europa, Afrika og Asia?

Krigens gang i Europa 1914–1918

Som ei følge av skota i Sarajevo, erklærte Austerrike-Ungarn krig mot Serbia i 1914. Denne krigserklæringa førte til ei rekke hendingar som drog inn alliansesystemet og dei andre stormaktene. I løpet av kort tid vart Tyskland, Russland, Frankrike og Storbritannia dregne inn i konflikten.

Første verdskrigen vart i hovudsak utkjempa i Europa, der vestfronten og austfronten var dei viktigaste arenaene. Spesielt vestfronten, der Tyskland kjempa mot den franske og britiske hæren, var avgjerande for utfallet av første verdskrigen.

Vestfronten

Tysklands største frykt var ein tofrontskrig, der den tyske hæren måtte slåst på to frontar, mot Frankrike og Russland, samtidig. Løysinga på dette problemet var Schlieffenplanen, utarbeidd av den tyske strategen generalstabssjef Alfred von Schlieffen i 1906. Tyskland gjekk ut frå at det ville ta Russland seks veker å mobilisere hæren. I løpet av denne tida måtte Tyskland sette inn alle kreftene for å overvinne Frankrike så raskt som mogleg. For at planen skulle lykkast, måtte Frankrike invaderast gjennom Belgia. Etter at Frankrike var overvunne, kunne alt så blir sett inn i aust mot Russland.

Invasjonen av Belgia førte til at Storbritannia erklærte krig mot Tyskland. Den ambisiøse Schlieffenplanen lykkast ikkje, og den tyske hæren vart stoppa før han nådde Paris. Begge sidene grov seg deretter ned i skyttargraver som strekte seg frå den engelske kanalen til Sveits. Der vart soldatane verande i fire år.

Intet nytt fra Vestfronten

Filmen Intet nytt fra Vestfronten tek oss med til skyttargravene i første verdskrigen. Filmen er basert på ei bok med same tittel. Ho blir rekna som ei av dei fremste krigsskildringane i verda.

Austfronten

I aust var situasjonen annleis. Her var fronten mykje meir bevegeleg og bølga fram og tilbake. Russland innleidde eit angrep på Tyskland i 1914, i det som blir kalla Aust-Preussen, men vart raskt slått tilbake. Deretter vart Russland pressa tilbake til sine eigne område. Mesteparten av krigføringa i aust vart utkjempa på russisk territorium. Austerrike-Ungarn hadde òg ein viss suksess i kampane mot Russland. I 1916 kom det ein vellykka motoffensiv frå Russland, men allereie året etter kollapsa den russiske hæren, delvis på grunn av krigstrøyttleik og mangel på forsyningar.

Krigen i aust vart avslutta då Russland slutta fred med Tyskland i Brest-Litovsk i 1918. No kunne Tyskland flytte styrkane til vestfronten for eit siste desperat forsøk på å vinne krigen.

Bruk kartet nedanfor

Kartet viser nokre hovudtrekk i første verdskrigen. Klikk på boksen i høgre hjørne på kartet for å få det i fullskjerm. Deretter klikkar du på spørsmålsteikna for å få ei kort oversikt over dei viktigaste hendingane i løpet av krigen.

Ein moderne krig?

Krigserklæringane vart tekne imot med jubel og begeistring og det var ei generell oppfatning om at soldatane "ville vere heime til jul". Ingen føresåg ein lang og utmattande krig. Kvifor det ikkje vart sånn, heng saman med at verken politikarar eller militære forstod konsekvensane av moderne krigføring og ny teknologi.

Effektive hurtigskytande kanonar og heilautomatiske maskingevær gjorde framrykking over "ingenmannsland", altså områda mellom skyttargravene, til ein livsfarleg aktivitet. Generalane på begge sider sende tusenvis av soldatar i tette formasjonar mot fienden, med forferdelege tapstal som einaste resultat. Med moderne våpen vart forsvar av stillingar mykje enklare enn å erobre område frå fienden. For å bryte stillstanden på vestfronten introduserte derfor begge sidene kjemiske våpen, som stridsgass. Krigen vart òg utkjempa i lufta, og på slutten av krigen fekk vi dei første stridsvognene, utan at desse fekk avgjerande innverknad. Eit nytt, moderne våpen som derimot fekk mykje å seie, var dei tyske ubåtane.

Krigen på havet

Krigen vart ikkje berre ført på land. Også til sjøs gjekk det føre seg ei intens krigføring. innførte total handelsblokade av Tyskland, både for å hindre at krigsviktige varer kom fram, og for å skape uro blant sivilbefolkninga når dei ikkje fekk nok mat. Mottrekket til tyskarane var dei effektive ubåtane som senka tusenvis av handelsskip som frakta forsyningar til Storbritannia og Frankrike.

Den tyske ubåtkrigen gjekk hardt utover nøytrale handelsskip som segla i havområda rundt Storbritannia. Tyskarane vurderte dette som ei krigssone. Dette involverte òg Noreg, som mista femti prosent av handelsflåten i krigsåra. Ein konsekvens av ubåtkrigen var at det britiske passasjerskipet Lusitania vart senka i 1915. Mange amerikanarar mista livet, og denne hendinga bidrog til at USA gjekk bort frå nøytralitetslinja og gjekk inn i krigen på ententemaktene si side i 1917. USA hadde ønskt å halde seg utanfor krigen, men krigsmotstanden endra seg gradvis på grunn av ubåtkrigen. At amerikanarane gjekk med i krigen, vart eit avgjerande vendepunkt, og balansen vippa i favør av ententemaktene.

Tiåra før første verdskrigen hadde Tyskland drive ei aggressiv flåteopprusting for å true den britiske dominansen på verdshava. Desse to flåtane barka i hop i første verdskrigens største sjøslag utanfor Jylland i 1916. Slaget enda utan at nokon av partane fekk nokon avgjerande fordel.

Fleire krigsskip frå den tyske flåten på tokt under første verdskrigen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krigen i Midtausten og Asia

gjekk inn i krigen på sentralmaktenes side hausten 1914, og dermed vart Midtausten ein del av krigen. Britane frykta at osmanske styrkar skulle true den strategisk viktige Suezkanalen og sende soldatar til Egypt, som var under britisk kontroll. I løpet av krigen tok britiske styrkar, saman med allierte, kontroll over Iran, Irak og Palestina. I Midtausten var det arabisk misnøye mot Det osmanske riket, og den britiske utanriksministeren Arthur Balfour bad både arabarar og jødar i Palestina om å slåst mot osmanane og tyskarane, med lovnader om at dei skulle få opprette eigne nasjonalstatar etter krigen. Desse løfta vart ikkje følgde opp.

I 1915 prøvde britiske, franske, australske og newzealandske styrkar å invadere Det osmanske riket ved Gallipoli. Spesielt den britiske marineministeren Winston Churchill ivra for eit slikt angrep der målet var å erobre Konstantinopel, skaffe kontroll over Dardanellane og hjelpe Russland. På grunn av dårleg planlegging, og at det osmanske forsvaret var betre førebudd enn forventa, mislykkast operasjonen. Churchill måtte til slutt gå av som marineminister.

Britane tok i stor grad i bruk soldatar frå India, både i kolonikrigane og på slagmarka i Europa. Japan, som var alliert med Storbritannia, erobra tyske område i Kina og i Stillehavet.

Britiske troppar i Mesopotamia, det som i dag er Irak, under første verdskrigen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krig i Afrika

Første verdskrigen var ikkje berre ein europeisk krig, han vart utvida til kamphandlingar i andre verdsdelar. Stormaktene i Europa hadde mange koloniar i Afrika, og desse vart dregne inn i krigshandlingane. Alle europeiske statar som kjempa i Afrika, innlemma mange lokale soldatar i hærane sine.

Tyskland vart raskt nedkjempa i dei afrikanske koloniane sine, og områda vart overtekne av ententemaktene. Berre tyske avdelingar i Aust-Afrika heldt ut heilt fram til slutten av krigen i 1918. Dei tyske styrkane i Afrika var underlegne motstandarane sine både i tal og utstyr. Dei vart likevel sette på som viktige, sidan dei batt opp allierte styrkar som elles kunne vorte brukte på vestfronten. Betydninga til koloniane kjem fram ved at Frankrike, til dømes, sende fleire hundre tusen soldatar frå koloniane sine i Afrika og sette dei inn i skyttargravskrigen på vestfronten.


Kjelder

Brazier, E. & Kirkhusmo, A. (2021, 7.mai). Første verdskrigen. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/første_verdenskrig

Palmer, R. R., Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik, Jostein Saakvitne og Stein Ugelvik Larsen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Første verdskrigen