Hopp til innhald

Fagstoff

Sentrale personar i første verdskrigen

I første verdskrigen var det viktige personar både blant sigerherrane og taparane. Her er ei kort oversikt over nokre av dei.
To menn i militæruniformer studerer eit kart. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Woodrow Wilson

President Woodrow Wilson sit ved arbeidsbordet sitt, cirka 1910. Foto.

Woodrow Wilson var amerikansk president i åra 1913–21. Han var ein idealist som ønskte fred i Europa etter første verdskrigen. For å oppnå dette måtte det etablerast økonomisk stabilitet og ein fredsavtale som sørgde for forsoning mellom dei europeiske landa. Wilson tilrådde ein verdsomspennande organisasjon, Folkeforbundet, som skulle løyse konfliktar mellom land og hindre ny verdskrig. I tillegg ønskte han eit Europa der nasjonalitet skulle bestemme dei nye statsgrensene. Desse tankane vart presenterte som eit program for fred i dei såkalla Wilsons 14 punkt i januar 1918.

Wilson vart tildelt Nobels fredspris i 1919, men idéane hans fekk ikkje så stort gjennomslag i fredsoppgjeret som han hadde håpa på.

Georges Clemenceau

Portrett av Georges Clemenceau, fransk statsminister 1917-1920. Foto.

Georges Clemenceau var fransk statsminister i åra 1917–20. Han stod for den mest uforsonlege linja under fredsforhandlingane i Versailles og prega den endelege teksten i fredstraktaten. Clemenceau var på mange måtar kompromisslaus, og var oppteken av å straffe Tyskland etter første verdskrigen. I hans auge hadde Tyskland vore den mest aggressive stormakta før utbrotet av krigen. Alle øydeleggingane i Frankrike måtte dermed erstattast av Tyskland. Clemenceau frykta også at Tyskland igjen skulle bli ein trussel i framtida. Derfor var det viktig at det tyske militæret aldri skulle kunne true Frankrike og Europa igjen.

David Lloyd George

David Lloyd George var britisk statsminister i åra 1916–22. Lloyd George gjekk inn for å straffe Tyskland hardt i fredsoppgjeret, men var ikkje like uforsonleg og kompromisslaus som den franske statsministeren. Britane hadde lidd store tap i krigen, og det var forventningar i Storbritannia om at Tyskland skulle betale for dette. Lloyd George tok ofte ei meklarrolle mellom dei andre deltakarane i fredsoppgjeret.

Vittorio Emanuele Orlando

Italia var i utgangspunktet ein del av før første verdskrigen, men gjekk i krigen inn på side. Italia bytte side hovudsakleg mot lovnader om å overta tyske koloniar i Afrika og for å utvide territoriet sitt på kostnad av Austerrike-Ungarn. I fredsoppgjeret etter krigen fekk Italia gjennom få av krava sine, og det har vorte hevda at "Italia vann krigen, men tapte freden". Dette var ei av årsakene til framveksten av og Mussolinis maktovertaking på 1920-talet.

Tsar Nikolaj 2.

Nikolaj 2. var tsar i Russland fram til den russiske revolusjonen i 1917. I løpet av si tid som tsar tok han fleire uheldige val og vart svært upopulær. Spesielt den katastrofale krigføringa i første verdskrigen førte til at misnøya mot den politiske leiinga og tsaren enda opp i revolusjon. Nikolaj 2. vart tvinga til å gå av, og saman med familien sin vart han avretta av bolsjevikane under den russiske borgarkrigen i 1918.

Lenin

Portrett av Lenin. Foto.

Vladimir Lenin var bolsjevik og stod i spissen for oktoberrevolusjon i 1917. var den mest radikale grupperinga blant kommunistane. Med slagord som "brød, fred og jord" kuppa bolsjevikane makta, inngjekk ein fredsavtale med Tyskland i 1918 og gjorde Russland til ein kommunistisk stat. Etter ein brutal borgarkrig i Russland i åra 1918–22, vart den kommunistiske Sovjetunionen oppretta. Lenin døydde i 1924 og vart etter kvart etterfølgd av diktatoren Stalin.

Paul von Hindenburg

Paul von Hindenburg var offiser og politikar. Han skaffa seg heltestatus etter sigeren mot Russland ved Tannenberg i 1914, og vart etter kvart øvstkommanderande for den tyske hæren. I perioden 1924–1933 var Hindenburg tysk president i .

Erich Ludendorff

Erich Ludendorff var saman med Hindenburg dei to mest sentrale tyske offiserane og politikarane under første verdskrigen. Ludendorff var ein av opphavsmennene bak , og han deltok i Adolf Hitlers kuppforsøk i Tyskland i 1923.

Adolf Hitler

Adolf Hitler var nazist, politikar og diktator. Under første verdskrigen deltok han som frivillig soldat på tysk side og vart dekorert for krigsinnsatsen sin. Det tyske nederlaget kom som eit sjokk på han og skulle prege resten av livet hans. I 1921 vart Hitler leiar for nazipartiet NSDAP, og i 1933 vart han rikskanslar i Tyskland. Første september 1939 gjekk Hitler og Tyskland til krig mot Polen. Dette innleidde den andre verdskrigen.

Douglas Haig

Britisk feltmarskalk som leidde dei britiske styrkane i Frankrike. Han var ansvarleg for nokre av dei blodigaste offensivane ved fronten.

Philippe Pétain

Øvstkommanderande for dei franske styrkane i dei to siste krigsåra. Han var svært populær i heimlandet, men fekk eit tragisk ettermæle då han i 1940 vart statsminister i den tyskvennlege Vichy-regjeringa i Sør-Frankrike.

Relatert innhald

Kjelder

Egge, Å. (2020, 28. oktober) Nikolaj 2. I Store norske leksikon. https://snl.no/nikolaj_2.

Erich Ludendorff (2021, 27. oktober). I Store norske leksikon. https://snl.no/erich_ludendorff

Palmer, R. R., Colton & J. Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Paul von Hindenburg (2021, 27. oktober) I Store norske leksikon. https://snl.no/paul_von_hindenburg

Ugland, E. (2010) Å lykkest med nyere historie. Cappelen Damm. Oslo.

Versailles-traktaten (2021, 19. januar). I Store norske leksikon. https://snl.no/versailles-traktaten

Wilson's Fourteen Points (u.å.). I Library of Congress (u.å.). Henta 20.februar 2022 frå https://www.loc.gov/collections/world-war-i-rotogravures/articles-and-essays/events-and-statistics/wilsons-fourteen-points/

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik, Jostein Saakvitne og Stein Ugelvik Larsen.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022

Læringsressursar

Første verdskrigen