Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Versaillestraktaten. Kva skjedde eigentleg?

Fredsoppgjeret etter første verdskrigen har i ettertid vorte kritisert, og resultatet la opp til ny verdskrig nokre tiår seinare. Utforsk motiva til dei ulike partane, og vurder konsekvensane av fredsoppgjeret ved bruk av puslespelmetoden.
Fire menn med grått hår, kledd i mørke dressar. Dei står på ei trapp med ei open dør i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Fredskonferansen i Paris var dominert av "dei fire store", altså statsministrane frå Storbritannia, Frankrike og Italia, og dessutan den amerikanske presidenten. I denne oppgåva skal de sette dykk inn i kva utgangspunkt dei ulike statsleiarane hadde før og under fredskonferansen. Deretter skal de drøfte ulike spørsmål til fredsoppgjeret.

Oppgåva skal løysast ved å bruke puslespelmetoden, eller jigsaw-metoden. Du kan lese meir om jigsaw-metoden her. Heile opplegget tek cirka 90 minutt.

Les artikkelen Fredsoppgjeret i Versailles før de byrjar.

Førebuingar

  • Del dykk inn i basisgrupper på fem elevar. Viss det ikkje går opp, kan de ha seks elevar på nokre av gruppene. Då må to elevar på desse gruppene jobbe med same tema.

  • Fordel temaa under på medlemmene i gruppa. Gruppemedlemmene skal no bli ekspertar på kvart sitt tema.

Ekspert 1: USA og Woodrow Wilson

Finn ut:

  • Kven var Woodrow Wilson?

  • Kva handla Wilsons 14 punkt om?

  • Kva meinte USA var viktigast å gjere i fredsoppgjeret?

Tips:

Følgande kjelder frå NDLA kan brukast, gjerne saman med andre kjelder, for å finne ut meir om fredsoppgjeret.

Ekspert 2: Frankrike og Clemenceau

Finn ut:

  • Kven var Georges Clemenceau?

  • Kva meinte Frankrike om Tyskland etter krigen?

  • Kva krav vann Frankrike fram med i forhandlingane?

Tips:

Følgande kjelder frå NDLA kan brukast, gjerne saman med andre kjelder, for å finne ut meir om fredsoppgjeret.

Ekspert 3: Storbritannia og George

Finn ut:

  • Kven var David Lloyd George?

  • Kva var Storbritannias standpunkt før freden i Paris?

  • På kva måte endra Storbritannia meining undervegs?

Tips:

Følgande kjelder frå NDLA kan brukast, gjerne saman med andre kjelder, for å finne ut meir om fredsoppgjeret.

Ekspert 4: Italia og Orlando

Finn ut:

  • Kven var Vittorio Emanuele Orlando?

  • Kva ønskte Italia å få ut av fredsforhandlingane?

  • I kva grad vart ønska til Italia oppfylte?

Tips:

Følgande kjelder frå NDLA kan brukast, gjerne saman med andre kjelder, for finne ut meir om fredsoppgjeret.

Ekspert 5: Tyskland

Finn ut:

  • Korleis vart første verdskrigen avslutta?

  • Korleis såg dei tyske leiarane for seg at fredsforhandlingane skulle ende?

  • Kva vart resultatet for Tyskland?

Tips:

Følgande kjelder frå NDLA kan brukast, gjerne saman med andre kjelder, for finne ut meir om fredsoppgjeret.

Individuelt arbeid

Jobb individuelt i 15–20 minutt. Fordjup deg i temaet ditt, og svar på spørsmåla.

Ekspertgrupper

Sett dykk saman i ekspertgrupper og jobb saman i 10 minutt. Dei som har fordjupa seg i same tema, skal no sitje saman. Del det de har funne ut. Hjelp kvarandre til å forstå og bli einige om kva som er viktigast. Førebu dykk på korleis temaa dykkar skal presenterast for basisgruppa.

Deling og diskusjon

Sett dykk tilbake i basisgruppene, og presenter for kvarandre det de har funne ut. Presenter i rett rekkefølge. Kvar ekspert får 3–4 minutt til å presentere svar på spørsmåla sine.

  • Når alle er ferdige med presentasjonane, skal de samanfatte hovudtrekka i fredsoppgjeret. Kva vart resultatet for Tyskland?

Deretter skal de diskutere følgande spørsmål i basisgruppa:

  1. Kven var vinnarane og taparane etter fredsoppgjeret?

  2. I kva grad vart Wilsons 14 punkt følgde i fredsoppgjeret?

  3. Korleis påverka prinsippet om sjølvråderetten i nasjonen europakartet etter første verdskrigen?

  4. Sigerherrane handla etter det dei meinte var rett i 1919. Sett med auga til notida, burde sigerherrane gjort noko annleis? I så fall kva?

  5. I kva grad har første verdskrigen og fredsoppgjeret hatt noko å seie heilt fram til i dag?

  6. Til slutt: Snakk saman i basisgruppa.

  1. Kvar basisgruppe skal skrive ned to ting de har lært om fredsoppgjeret etter å ha jobba med puslespelmetoden.

  2. Vurder din eigen innsats i basis- og ekspertgrupper med låg, middels eller høg måloppnåing. Kva kunne du gjort annleis?

Samanfatt i klassen viss de får tid.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2022

Læringsressursar

Første verdskrigen