Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor vart det verdskrig i 1914?

I denne oppgåva skal du drøfte årsakene til første verdskrigen og kven som hadde skulda for at krigen braut ut i 1914.
Dei fire statsleiarane på biletet har alle uniformer med mange ordenar og utmerkingar, alle har velfriserte bartar, og to av dei har òg skjegg. Sultanen har ein fes på hovudet. På biletet står det på tysk: "Freue Verbündete!". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Bruk NDLA-artikkelen Bakgrunnen for første verdskrigen for å finne svar på spørsmåla.

  1. Kva for underliggande årsaker meiner du var viktigast for å forklare at det vart krig i 1914?

  2. Tyskland og sentralmaktene fekk skulda for krigsutbrotet i 1914. I kva grad meiner du dette var rett?

  3. Drøft kva som kunne vore gjort for å unngå at det vart krig i 1914.

Oppgåve 2

Nedanfor er det fire korte filmar der professor Stein Ugelvik Larsen tek for seg ulike tema som gjeld verdskrigane. Sjå filmane og svar på spørsmåla.

Film 1: Spør historikaren - historikarane sine syn på årsakene til første verdskrigen

Spørsmål til film 1:

  1. Korleis har ulike historikarar forklart årsakene til første verdskrigen?

  2. Kvifor trur du det finst ulike forklaringar frå tyske og ikkje-tyske historikarar?

Film 2: Spør historikaren - prinsippet om maktbalanse

Spørsmål til film 2:

  1. Kva meiner historikar Stein Ugelvik Larsen når han seier at prinsippet om maktbalanse er ei forklaring på verdskrigane?

  2. Finst det ei form for maktbalanse i verda i dag?

Film 3: Spør historikaren - logistikken bak krigsutbrotet

Spørsmål til film 3:

  1. På kva måte kan logistikken bak krigføringa vere ei forklaring på at det blir krig?

  2. I kva grad er du einig eller ueinig i denne forklaringa?

Film 4: Spør historikaren - årsakene til verdskrigane

Spørsmål til film 4:

  1. Historikarane er ikkje alltid einige om kvifor noko har skjedd. Kvifor er ikkje alle einige om kva som var årsakene til at ein verdskrig starta?

  2. Kvifor har synet på årsakene til krigane endra seg?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 19.02.2022

Læringsressursar

Første verdskrigen