Hopp til innhald

Fagstoff

Russland og den første verdskrigen

Tsaren sitt autoritære regime motsette seg alle forsøk på å reformere landet. Russland under den første verdskrigen kan på mange måtar samanliknast med ein trykkokar som til slutt vil eksplodere. I 1917 vart den russiske revolusjonen utløyst.
Kroning av tsar Nikolaj 2 og keisarinne Aleksandra i 1898. Overdådig seremoni med russisk-ortodokse prestar og fullsett kyrkje. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tsar-Russland

Russland hadde ved inngangen til den første verdskrigen eit autoritært styresett. Makta låg hos tsar Nicolai 2 av Romanov-slekta, med god støtte frå den russisk-ortodokse kyrkja og adelege godseigarar med eigne privilegium. Frå 1890-åra vart den russiske nasjonalismen meir framståande i den offisielle politikken til regimet. Denne russifiseringa favoriserte alt russisk, og det førte til ei sterkare radikalisering blant russiske minoritetar.

Regimet motsette seg folket sine ønske om demokratisering i Russland og brukte makta si til forfølging av politisk opposisjon, sensur og hemmeleg politi. Dette skapte meir motstand mot tsar-regimet.

1905-revolusjonen

1905-revolusjonen var ein betydeleg konflikt mellom tsar-regimet og grupper som ønskte reformer i Russland. Tapet i same år vart oppfatta som ei nasjonal audmjuking og forsterka motsetningane som fanst i det russiske samfunnet. Det som seinare har vorte kjent som "den blodige søndagen" i januar 1905, starta som ein fredeleg folkeleg demonstrasjon med krav om enkle reformer. Då demonstrantane nådde Vinterpalasset i St. Petersburg, opna tsaren sine soldatar eld mot dei og drap 130 personar. Denne massakren av den fredelege og uvæpna folkemassen vekte kraftig harme og styrkte samarbeidet blant motstandarane av tsar-regimet.

Soldatar skyt inn i folkemassen på blodige søndagen utanfor Vinterpalasset i St. Petersburg i 1905. Måleri
Opne bilete i eit nytt vindauge

I løpet av 1905 spreidde folkeopprøret seg i Russland. Landet var prega av streikar, bondeopprør og uro blant minoritetane. Tsaren måtte derfor kome befolkninga i møte. Liberale politikarar fekk ønsket sitt innfridd då ei rådgivande folkeforsamling – Dumaen – vart etablert. I tillegg lovde styresmaktene at arbeidsforholda i industrien skulle bli betre.

Blant dei sosialistiske partia oppstod det ulike arbeidarråd (sovjet) som følgje av streikane knytte til 1905-revolusjonen. Organiseringa styrkte den revolusjonære opposisjonen og bidrog til at arbeidarråda vart ein alternativ maktbase i kampen mot tsar-regimet.

Politisk opposisjon mot tsar-regimet. Figur som beskriv dei politiske rørslene som ønskte endringar i Russland før den første verdskrigen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Russland under den første verdskrigen

1905-revolusjonen i Russland skaka tsar-regimet, men skapte også motsetningar blant dei opposisjonelle partia. I tida fram til den første verdskrigen gjorde tsaren og støttespelarane hans sitt ytste for å avgrense makta til Dumaen. Mange av dei politikarane miste trua på eit konstitusjonelt monarki og vart ytterlegare radikaliserte. Også blant revolusjonære parti var det sprikjande oppfatningar av kva det nye Russland skulle bestå i.

Russland inngjekk i med Frankrike og Storbritannia. Ved krigsutbrotet vart den russiske arméen mobilisert og sett inn på austfronten i kamp mot tyske og austerrikske styrkar. Trass i indre sosial uro blomstra den russiske patriotismen i den første fasen av krigen. Dette skulle vise seg å vere kortvarig, og i takt med krigsnederlaga vart kritikken retta mot den manglande evna tsar-regimet hadde til å styre landet i krig. Den politiske leiinga vart oppfatta som udugeleg, og tsaren lét vere å bruke dei liberale politikarane i Dumaen for å skaffe seg støtte i befolkninga. Krigsnederlaga på austfronten enda med at tsar Nicolaj 2 i mars 1917 valde å abdisere frå trona. I det politiske vakuumet som oppstod utover sommaren, tok makta i oktober 1917.

Vladimir Lenin framfor ei folkemengd på Den raude plass i Moskva under den russiske revolusjonen i oktober 1917. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fred med Tyskland

Etter at bolsjevikane kom til makta, underteikna Russland i mars 1918 ein fredsavtale med Tyskland i Brest-Litovsk. Det nye styret hadde lite forhandlingsrom og måtte godta at store russiske landområde i vest vart sjølvstendige eller annekterte av Tyskland. Lenin trudde at den første verdskrigen skulle ende i ein verdsomspennande revolusjon, og såg på denne fredsavtalen som eit mellombels tilbakeslag. Trass i fred på austfronten braut det ut ein borgarkrig i Russland sommaren 1918 mellom bolsjevikane og motstandarane av det nye regimet.

Har du fått med deg dette?

Kjelde

Egge, Å. (1993). Fra Aleksander II til Boris Jeltsin. Russlands og Sovjetunionens moderne historie. Universitetsforlaget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2022

Læringsressursar

Første verdskrigen