Hopp til innhald

Fagstoff

Streik og fagorganisering

Industrialiseringa fekk fram ein heilt ny samfunnsklasse, industriarbeidarklassen, som ikkje fekk delta på same måte i demokratiseringa i Noreg som andre grupper.
Mange kvinner og unge jenter, og nokre få menn, samla i samband med fyrstikkarbeidarstreiken 1889. To plakatar med tekst blir haldne opp. Ein med "Hjelp de Streikende Fyrstik-pakkersker" og ein med "Vi forlanger Kun Et øre mere pr. Gros og bedre sanitere Forhold." Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kampsakene til arbeidarklassen

I Noreg kom industrialiseringa i gang på midten av 1800-talet, og vi fekk arbeidsplassar med svært mange arbeidarar som jobba svært lange dagar, og under til dels elendige forhold. Så lenge stemmeretten berre var for betrestilte borgarar, bønder og embetsmenn og vi hadde ei indirekte valordning, hadde arbeidarane liten politisk innverknad.

Kampsakene til arbeidarklassen var meir knytte til arbeidsplassen, med krav om meir rettferdig lønn og levelege arbeidsforhold.

Einar A. Terjesen ved Arbeiderbevegelsens arkiv meiner at perioden fram til 1914 kan kallast konsolideringsfasen innanfor arbeidarrørsla. Blant faktorane som spelte ei sentral rolle i etableringa av ei fagrørsle i Noreg, var fyrstikkarbeidarstreiken og typografstreiken i 1889.

Fyrstikkarbeidarstreiken

Annonse for møte 31. oktober 1889, til støtte for fyrstikkarbeidarstreiken. Møtet skal haldast i Arbeidersamfunnet, Bjørnstjerne Bjørnson er ein av talarane, og inngangsbilletten kostar 25 øre. Foto av annonse.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fyrstikkarbeidarstreiken i 1889 fekk stor offentleg merksemd. Streiken starta spontant og som ein konsekvens av at bedriftsleiarar ville kutte i lønna til dei kvinnelege fyrstikkarbeidarane. I tillegg vart det reist krav om å senke arbeidstida frå 13,5 til 12 timar dagen. Sidan arbeidet til kvinnene var å pakke fosforhaldige fyrstikker, vart dette også ein kamp mot dei helsefarlege forholda på fabrikkane.

Fyrstikkarbeidarstreiken blir rekna blant dei første i Noreg med fagleg organisering og streikeleiing. Streiken varte i seks veker, men vart oppløyst utan at nokon av krava vart innfridde. Ein viktig konsekvens av streiken var at den kvinnelege fagforeininga vart stifta 28. oktober 1889 med Margrethe Vullum frå Norsk Kvinnesaksforening som formann. Dagen etter vart den mannlege foreininga stifta, med fyrstikkarbeidar Johan Olsen som formann.

Dei kvinnelege fyrstikkarbeidarane fekk støtte frå mange hald. Blant fleire intellektuelle talte Bjørnstjerne Bjørnson varmt for saka til fyrstikkjentene. Det vart halde møte i Arbeidersamfunnet, arrangert støttekonsertar og samla inn pengar til dei streikande kvinnene.

Bjørnstjerne Bjørnson engasjerer seg og varslar om eit aukande opprør i arbeidarrørsla. Eit opprør som kom til å auke i styrke om ikkje levekåra til arbeidarane vart betra:

Nu banker det paa ganske forsiktig – med en Fyrstikpigefinger; men næste Gang blir det med en Mands Knytnæve, og næste Gang igjen med en Slægge. Vi blir ikke kvit dette.
(Bjørnstjerne Bjørnson, Dagbladet 22. november 1889, sitert i Skaarer, 2005))

Typografstreiken

Typografane streika òg i 1889, men nokre månader tidlegare enn fyrstikkarbeidarane. Bakgrunnen for streiken var kravet frå typografarbeidarane om ny tariffavtale hausten 1888.

Amandus Schibsted frå Aftenposten og boktrykkjar Carl Grøndahl fronta arbeidsgivarsida. For Schibsted var dette eit prinsippspørsmål meir enn eit spørsmål om kroner og øre: "Ingen utanforståande skulle gi ordre om kven Schibsted skulle tilsetje, og kva lønningar han skulle betale." Ønsket til arbeidarane om makt over sine eigne arbeidsforhold, kunne ikkje aksepterast.

Den typografiske foreininga hadde gode økonomiske ressursar for å halde streiken gåande, og hadde støtte frå fagforeiningar utanfor landegrensene. Arbeidsgivarane forsøkte på si side å erstatte dei streikande typografane med andre typografar som dei blant anna henta inn frå utlandet. Kampen mot streikebrytarane vart spesielt bitter. Etter fire månaders konflikt gjekk typografane, trass i kampviljen, på eit sviande nederlag. Og Aftenposten vart stengd for fagorganiserte i ti år framover.

Typografstreiken vart eit symbol på klassemotsetnadene som var i ferd med å etablere seg mellom bedriftsherrane og lønnsmottakarar i det norske industrisamfunnet. Samarbeid i arbeidslivet høyrde framtida til.

Klassemotsetningar og kjønnsskilnader

Desse streikane viser tydeleg klassemotsetnadene i det norske samfunnet fram mot hundreårsskiftet. Bedriftsleiarar viste lite, eller ingen sympati for krava til arbeidarane. Så lenge det fanst nok arbeidskraft tilgjengeleg, gagna dette bedriftsleiarane. Behovet for ei fagforeining med lojale medlemmer vart heilt nødvendig i arbeidarrørsla for å opptre i samla flokk overfor bastante bedriftsleiarar. I tillegg viser konfliktane spennet i arbeidarklassen, mellom ufaglærte kvinner på den eine sida, og ei ressurssterk, faglært typografforeining på den andre.

Kjelder

Relatert innhald

Den industrielle revolusjonen starta i England på 1700-talet. Dette var ein overgang frå handverk og muskelkraft til fabrikkproduksjon og maskinkraft.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Det moderne Noreg blir til