Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: Hamskifte og industrialisering

1800-talet var eit hundreår for store endringar både i landbruket og i byane i Noreg. Ny teknologi var med på å skape endringar som førte med seg eit hamskifte og ein industriell revolusjon. Desse endringane la grunnlaget for det moderne Noreg.
Fotografi av alle arbeidarane framfor verkstadshallane Ved Akers mekaniske verkstad. Dei fleste i litt slitne arbeidsantrekk, men det er òg nokre funksjonærar med hatt og finare tøy.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den industrielle revolusjonen

Oppfinninga av maskiner og overgangen til fabrikkproduksjon har vorte kalla den industrielle revolusjonen. Denne såkalla revolusjonen starta først i tekstilindustrien i England på midten av 1700-talet. Frå 1840-åra såg vi den same utviklinga i Noreg.

Den første industrialiseringa i Noreg skjedde langs Akerselva i Oslo der vi fekk dei første tekstilfabrikkane. Tekstilproduksjonen fekk etter kvart fotfeste over store delar av landet. Noreg hadde nok av vasskraft som kunne drive maskinene ved veveria.

Samtidig som vi fekk tekstilfabrikkane, starta det òg opp ei rekkje mekaniske fabrikkar, kalla mekaniske verkstader på den tida. Fleire av desse starta òg opp med skipsbygging i løpet av eit par tiår.

Etter kvart vart industrien viktig for mange næringar, og nyvinningar gjorde at produksjonen kunne aukast betrakteleg.

Hamskiftet

Det som blir kalla det store hamskiftet, er endringane i landbruket på 1800-talet. Desse endringane hadde samanheng med industrialiseringa. Landbruket fekk nye maskiner som gjorde gardsdrifta meir effektiv, derfor trongst det ikkje like mange folk på gardane lenger. Hamskiftet handlar òg om overgangen frå sjølvhushald til salsjordbruk.

Påverknaden på samfunnet

Industrialiseringa påverka både flyttingar og sosiale forhold. Fleire flytta frå landet og til byane sidan det vart behov for færre folk i landbruket, og fleire fekk arbeid ved fabrikkane i byane. Samtidig betydde den stadig aukande urbaniseringa at folk måtte bu mange saman i små leilegheiter. Mange flytta frå fattigdom på landsbygda, dei såg byen og fabrikkane som ei moglegheit til eit betre liv. Det vart nok likevel store overgangar for mange.

Arbeidsvilkåra i industrien kunne vere tøffe, og ved fabrikkane var det òg ein del barnearbeid. Buforholda var som nemnt tronge, og klasseskilja auka med den nye arbeidarklassen.

Utover på 1800-talet byrja arbeidarane å organisere seg i fagforeiningar. Dei kom med krav til både arbeidsforhold og lønn, og vi fekk dei første streikane. I 1899 vart Landsorganisasjonen (LO) stifta. Organisasjonen kunne fronte krava til fagforeiningane om samfunnsendringar på nasjonalt nivå.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Det moderne Noreg blir til