Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: Demokratisering 1814–1905

1800-talet såg teknologiske og økonomiske endringar i samfunnet, og ikkje minst skjedde det store politiske endringar i hundreåret frå lausrivinga frå Danmark og Grunnlova i 1814 og til det sjølvstendige Noreg i 1905.
Foto av Stortingsbygningen frå 1861. Gangvegar og parkanlegg i front.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grunnlov og sjølvstyre

Med Grunnlova av 1814 gjekk Noreg frå kongeleg einevelde til konstitusjonelt monarki, og vi fekk ei tredeling av makta mellom Kongen, Stortinget og domstolane.

Sjølv om Noreg gjekk inn i ein ny union, no med Sverige, fekk landet auka sjølvstyre. Dette gav grobotn for auka demokratisering og nasjonalkjensle.

Demokratisering, nasjonalisme og parlamentarisme

Ein stor del av 1800-talet var prega av ønsket om, og kampen for, lokalt sjølvstyre og meir demokratisering. Dette vart mellom anna leidd av bonderepresentantane, som byrja å markere seg frå 1830-åra av. På 1800-talet fekk vi òg aukande nasjonalisme, noko som medverka til ønsket om eit sjølvstendig Noreg.

Innføringa av parlamentarismen, utviding av stemmeretten, økonomiske interesser og nasjonal tryggleik var av betydning for hendingane som leidde fram til unionsoppløysinga frå Sverige i 1905.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Jan Erik Auen .
Sist fagleg oppdatert 26.02.2022

Læringsressursar

Det moderne Noreg blir til