Hopp til innhald

Fagstoff

Samling under Christian Michelsen

Då Christian Michelsen danna ei brei samlingsregjering, utspelte det seg ein maktkamp mellom det norske Storting og kong Oscar II. Maktkampen enda i unionsoppløysing og folkerøysting.
Regjeringen Michelsen 1905. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsulatsaka

Under unionsfellesskapen med Sverige hadde ikkje Noreg eigen representasjon i utlandet, dvs. ingen eigne konsular og konsulat. Konsulane var felles for begge landa i unionen. Nordmennene meinte at mange utanlandske hamnebyar med stor norsk skipstrafikk mangla konsulat. Skipsfarten var viktigare for Noreg enn for Sverige, og den norske flåten var større enn den svenske. Konsulatsaka var dessutan sterkt symbolladd, for nordmennene ville sjølv representere landet sitt i utlandet.

Venstre var lenge det partiet som fronta konsulatsaka sterkast. Høgre rekna lenge unionen som noko positivt, men ville ha forhandlingar om norske konsular. Forhandlingar om eit norsk konsulatvesen vart tekne opp att i 1902 av unionslanda. Det svenske framlegget frå desember 1904 vart oppfatta som «lydrikepunkta» og fekk fram sterke nasjonale og anti-svenske strøymingar rundt om i landet.

Politisk samling med Christian Michelsen

Forhandlingane med svenskane køyrde seg fast på vårparten 1905, og unionsspørsmålet vart no «ein knute som ein ikkje kunne løyse opp, men måtte hogge over». Eit verkeleg gjennombrot kom med samlingsregjeringa til Christian Michelsen i mars 1905, som var villig til å vedta eit norsk konsulatvesen sjølv om det skulle setje unionen i fare. Etter det var det eit politisk spel i Stortinget, der Stortinget vedtok eit norsk konsulatvesen.

Christian Michelsen

Portrett av Christian Michelsen i 1905. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Christian Michelsen (1857–1925) har ein stor del av æra for unionsoppløysinga. Michelsen hadde bakgrunn både frå Høgre og seinare Venstre. Han var med det eigna som ein samlande figur.

7. juni-vedtaket

Kongen sin protokolltilførsel førte til vedtaket i Stortinget 7. juni, der unionen med Sverige vart erklært oppløyst. I vedtaket heiter det:

«Da Statsrådets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeter, da Hans Majestet Kongen har erklært seg ute av stand til å skaffe landet ny regjering, og da den konstitusjonelle kongemakt således er trådt ut av virksomhet, bemyndiger Stortinget medlemmene av det i dag avtrådte Statsråd til inntil videre som den norske Regjering å utøve den Kongen tillagte myndighet i overensstemmelse med Norges Grunnlov og gjeldende lover – med de endringer som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under én konge er oppløst som følge av, at kongen har opphørt å fungere som norsk konge.»
(kjelde:
Lausrivinga 1905)

Saksgang regjering, Storting og kongen

  1. Stortinget vedtek å opprette eit norsk konsulatvesen i slutten av mai 1905.
  2. Kongen nektar sanksjon.
  3. Dei norske styresmaktene nektar å kontrasignere Kongen si avgjerd om sanksjonsnekting.
  4. Statsrådane leverer inn avskilssøknadene sine.
  5. Kongen nektar å ta imot desse (fordi han då ville vore utan ei norsk regjering).
  6. Statsminister Michelsen melder i Stortinget at regjeringa har gått av.
  7. Stortinget vedtek samrøystes 7. juni-erklæringa.

«Da det er meg klart, at noen annen Regjering ikke nu kan dannes, så bifaller jeg ikke statsrådenes avskjedsansøkninger.»
Oscar II
(kjelde: Lausrivinga 1905)

Unionen går i oppløysing

Stortinget under opplesning av erklæring om unionsoppløsning, 9. juni 1905. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter 7.juni-erklæringa kunngjorde Stortinget at Oscar II var ute av stand til å danne regjering i Noreg, noko som etter Grunnlova er plikta til kongen. Stortinget erklærte svært radikalt at han heller ikkje lenger var konge i Noreg, og sidan kongen var det einaste unionsleddet, tolka ein at unionen også var oppløyst. Den 7. juni 1905 la regjeringa makta si i hendene på Stortinget, men vart beden om å halde fram på mellombels basis i tråd med den norske Grunnlova.

Forsvaret blir mobilisert

Sommaren 1905 vart 20 000 kalla inn til å vere grensevakter. Mot eit overlegent svensk forsvar, vart det norske forsvaret mobilisert utan at partane kom til militære samanstøytar. Oskar II valde likevel å kalle inn til tingingar i Karlstad. Svenske styresmakter gjekk til tingingane med utgangspunkt om unionen skulle oppløysast eller ikkje, nordmennene om korleis. Kongen kravde også folkerøysting om unionsoppløysinga i Noreg.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen og Bjørnar Sandvold.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2021

Læringsressursar

Det moderne Noreg blir til