Hopp til innhald

Fagstoff

Det første stortinget i 1814

Hausten 1814 vart det første stortinget halde. Dette første stortinget vart også kalla «den andre grunnlovsgivende forsamling» eller «det første overordentlige storting».
Den gamle stortingssalen slik han såg ut i 1815 då han var i auditoriet på katedralskolen i Christiania. Salen har ei rekkje sete med grønt trekk, nokre krakker står framfor dei. Fremst er det eit podium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

«Det overordentlige storting»

Hausten 1814 vart det første stortinget halde. Dette første stortinget vart også kalla «den andre grunnlovsgivende forsamling» eller «det første overordentlige storting». Det vart kalla «overordentlig» (som tyder 'ekstra', 'uvanleg') fordi det møttest på eit anna tidspunkt enn det Grunnloven sa. Det var avtroppande konge, Christian Frederik, som skreiv ut valet til dette overordentlege stortinget.

Som ved riksforsamlinga på Eidsvoll var det også denne gongen kort tidsfrist, og Nord-Noreg vart ikkje representert no heller. Reisevegen vart for lang. Dermed møttest 79 representantar i auditoriet på Katedralskolen, som denne hausten fungerte som stortingssal.

Revisjon av Grunnloven og forhandlingar med svenskane

Representantane var samla frå 7. oktober. Dei møttest for å revidere Grunnloven av 17. mai slik at han kunne fungere i ein union med Sverige, og for å velje Karl Johan til ny konge. Bakteppet var den korte sjølvstendekrigen med svenskane som gjekk føre seg på sommaren, og Mossekonvensjonen av 14. august 1814. Mossekonvensjonen avslutta krigen og innebar at Karl Johan godtok Eidsvoll-grunnloven med dei endringane som var nødvendige for å gå i union med Sverige. Christian Frederik forplikta seg der til å abdisere.

Portrett av Wilhelm Frimann Koren Christie. Han har raud jakke med gullknappar, høg krage og ein medalje på brystet. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

9. oktober heldt Christian Frederik ein tale for 25 av stortingsrepresentantane på Bygdøy kongsgard. Der sa han frå seg trona ved Mossekonvensjonen. Han forlèt Noreg 10. oktober, og Stortinget med den nyvalde Wilhelm F.K. Christie i spissen startar arbeidet med å revidere Grunnloven og forhandle med svenskane.

Inn i union med Sverige

Den 19. oktober lykkast Christie i å få gjennom to vedtak. Det første gjekk ut på at Noreg som sjølvstendig rike skulle gå inn i union med Sverige, det andre at kongevalet skulle utsetjast til endringane i Grunnloven var gjennomført. Den 20. oktober vedtok Stortinget mot fem røyster å gå inn i unionen med Sverige.

Stortinget gjekk gjennom alle grunnlovsparagrafane før den reviderte Grunnloven vart godkjend av dei svenske forhandlarane den 4. november 1814. Karl 13. vart vald til konge av Noreg. Sjølv om Noreg ikkje lenger var sjølvstendig, vart det understreka at kongen var ein konstitusjonell konge som var vald av eit fritt storting. I tillegg hadde nasjonalforsamlinga fått behalde makta over dei væpna styrkane i Noreg, og dei fekk gjennomslag for avskaffing av ein framtidig adel.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Hege Røyert.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2021

Læringsressursar

Det moderne Noreg blir til