Hopp til innhald

Fagstoff

Innføringa av parlamentarismen

«All makt i denne sal» er det mest kjende uttrykket i kampen for parlamentarismen. Johan Sverdrup spelte ei sentral rolle i vetostriden som til slutt enda i ein riksrettsdom mot den kongevenlege regjeringa Selmer, og innføringa av parlamentarismen i Noreg.
Stortingssalen med seta til representantane i halvsirkel og med stolen til stortingspresidenten og talarstolen fremst. Biletet viser salen slik  han såg ut rundt 1870. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vetostriden

Fram mot 1884 er kongen og Stortinget på kollisjonskurs. 9. juni-vedtaket om at statsrådane hadde møteplikt i Stortinget, skapte begeistring hos opposisjonen og provoserte motstandarane. Dette vart følgt opp gjennom politisk agitasjon i den framveksande pressa som støtta kvar sine leirar. Statsminister Fredrik Stang søkte avskil og vart erstatta av Christian August Selmer som heldt fram sin lojalitet til kongen. Likevel hadde Selmer ikkje slik autoritet som forgjengaren sin, verken blant motstandarane eller blant støttespelarane sine.

All makt i denne sal

Denne krisa måtte få ei politisk løysing, Sverdrup og tilhengjarane hans planla å stille regjeringa for Riksretten, fordi ho ikkje tok omsyn til stortingsfleirtalet. Kongen og embetsmennene oppfatta dette som svært provoserande og skjerpa frontane meir. Riksretten bestod av Høgsterett og lagtingsmedlemmene (i dag valde av Stortinget) som er i fleirtal, og var ein spesiell domstol for å dømme statsrådar. Odelstinget (i dag Stortinget i plenum) reiste tiltale i riksretten.

Riksretten

Framstilling av møtet i Riksretten 1884. Mange menn sit i ein halvsirkel og nokre sit på rekkje fremst i salen. På galleria sit det tett i tett med tilhøyrarar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Valet i 1882 vart det første partivalet i norsk historie. Rundt omkring i heile landet vart det halde heftige politiske debattar og møte i framkant av valet. Hovudtemaet var tillit eller mistillit til regjeringa Selmer. Det gjekk føre seg ei stor politisk veljarmobilisering ved dette valet, som til slutt førte til at Sverdrup og venstreopposisjonen hans vann ein knusande politisk siger ved stortingsvalet. Det som skulle bli partiet Venstre, fekk alle plassane i Lagtinget, og fekk fleirtal i Odelstinget. Dermed kunne dei stemne regjeringa Selmer for riksrett.

Parlamentarismen blir innført

Riksretten kom saman i 1883. Frå begge politiske leirar herska det uvisse om kva høgre- og venstresida skulle gjere. Enkelte på høgresida oppfordra kongen indirekte om å ta makta gjennom å oppløyse Stortinget, og i løynd vart slike planar lagde. Kongen og forsvarsleiinga tvilte likevel på lojaliteten til soldatane. Venstresida var også villig til å setje makt bak krava, og hadde støtte i dei landsomfattande frivillige skyttarlaga.

Dom i riksrettssaka fall våren 1884. Lagtingsrepresentantane i riksretten fekk gjennomslag for sitt syn i dommen. Statsminister Selmer og fleire regjeringsmedlemmer vart frådømde embeta sine, andre fekk bøter. Høgsterettsdommarane stemte for frifinning. Røyster frå høgresida meinte riksrettsdommen var ei politisk rettsak, der eit «politisk tribunal» dømde sine politiske motstandarar. Johan Sverdrup forsvarte riksrettsdommen med at sidan normal politisk saksgang ikkje vart respektert, så fanst det ingen annan veg enn gjennom riksretten for at styresmaktene skulle respektere folkeviljen. Det viktigaste var likevel at riksrettsdommen vart akseptert av Høgsterett, sjølv om kongen i første omgang utnemnde ei ny regjering utan støtte i Stortinget.

Parlamentarisme

Eit politisk system som går ut på at ei regjering ikkje kan styre utan å ha fleirtal i nasjonalforsamlinga bak seg.

Regjeringa Sverdrup

Sommaren 1884 måtte kongen gi etter for stortingsfleirtalet og riksrettsdommen. Han vende seg for første gong i historia til leiaren av stortingsfleirtalet, Johan Sverdrup. Danninga av regjeringa Sverdrup blir dermed rekna som gjennombrotet for parlamentarismen i Noreg.

Relatert innhald

Embetsmennene skulle spele ei vesentleg rolle i norsk politisk historie etter innføringa av Grunnlova og norsk sjølvstyre frå 1814.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2017

Læringsressursar

Det moderne Noreg blir til