Hopp til innhald

Fagstoff

Parlamentarisme og politiske parti

Etter at parlamentarismen vart innført, endra det politiske systemet i Noreg seg. Stortinget styrkte posisjonen sin på kostnad av konge og regjering. Slik vart folkestyret og demokratiet i Noreg styrkt.
Stortingsbygningen i 1861. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Parlamentarisme i praksis

Ein konsekvens ved innføringa av parlamentarismen er danninga av politiske parti og parlamentarisk praksis.

Utover i 1880-åra vart den store venstrekoalisjonen splitta i dei lekmannskristne og dei radikale intellektuelle byrepresentantane. Etter av parlamentarismen vart innført, miste rørsla samarbeidsgrunnlaget sitt. I 1889 fremja Høgre mot regjeringa Sverdrup, som valde å søkje avskil. Høgre danna ei ny regjering i 1889. Ein annan parlamentarisk praksis som vart innført, var , då Høgre-statsministeren Emil Stang som første statsminister truga med å gå av i 1891. Han fekk ikkje støtte i Stortinget for forslaga sine, og valde å gå av.

Eit bilete med enkeltvise portrett av Kong Oscar og dei norske statsrådane frå juli 1889. Bileta er ovale og kong Oscar er i midten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stortinget får større innverknad

Grunnlova vart ikkje endra, men den parlamentariske praksisen vart innført som konstitusjonell sedvanerett. Det betyr at praksisen vart endra slik at det vart oppfatta som ein regel, eller lov.

I praksis fekk Stortinget større innverknad over regjeringa gjennom større kontroll. Kongemakta og embetsmennene sitt maktmonopol vart svekt etter 1884, til fordel for eit auka folkestyre. I forlenginga av innføringa av parlamentarisme vedtok Stortinget ei forsiktig stemmerettsutviding i 1885. Først i 1898 fekk alle menn over 25 år stemmerett, kvinner i 1913. Av andre viktige saker fekk Sverdrup-regjeringa innført ei juryordning i straffesaker, likestilling av norsk riksmål og landsmål, og ei skulereform som skulle leie fram til folkeskulelova av 1889.

Politiske parti

Ei anna viktig endring gjennom parlamentarisk praksis i Noreg er at partia blir danna. Tidlegare representerte stortingsrepresentantane seg sjølv og valdistriktet og stemte «ut frå si eiga overtyding». Etter innføringa av parlamentarismen vart det ein fordel for ei regjering å ha ei organisert partigruppe i ryggen for å kjempe fram politiske saker. No kunne ikkje stortingsrepresentantane berre stemme ut frå eigne politiske og moralske overtydingar, men måtte rette seg etter partiprogram og vise partilojalitet.

Relatert innhald

Johan Sverdrup spelte ei sentral rolle i vetostriden som til slutt enda i ein riksrettsdom mot regjeringa Selmer, og innføringa av parlamentarismen.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2021

Læringsressursar

Det moderne Noreg blir til