Hopp til innhald

Fagstoff

Den industrielle revolusjonen

Den industrielle revolusjonen starta i England på 1700-talet. Dette var ein overgang frå handverk og muskelkraft til fabrikkproduksjon og maskinkraft. Oppfinningar som dampmaskina og spinnemaskina var viktige for den aukande industrialiseringa.
Kjolekledde kvinner og ei jente arbeider i ein stor, ganske lys fabrikkhall i England i 1834. Trykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein industriell revolusjon?

Den industrielle revolusjonen er ei av dei største omveltingane i samfunnssoga. Han handlar om overgangen frå eit jordbrukssamfunn til industri og urbanisering, frå handverk og muskelkraft til fabrikkar og maskinkraft. Alt dette leidde også til eit meir klassedelt samfunn der særleg arbeidarklassen, men også middelklassen, vaks sterkt.

Det er vanleg å dele den første perioden med industrialisering inn i to: Den første industrielle revolusjonen og den andre industrielle revolusjonen. Den første starta rundt 1750 og varte fram til om lag 1850, då den andre industrielle revolusjonen starta. Vi skal likevel ta desse årstala med ei klype salt, då historikarane stadig debatterer avgrensingane av denne perioden.

Somme historikarar hevdar også at vi ikkje bør kalle denne perioden for nokon «revolusjon», då dei meiner at det var ei gradvis økonomisk og sosial endring. Joseph A. Montagna ved Yale University i USA skriv at termen «revolusjon» både er passande og upassande. Passande fordi denne perioden så til dei grader endra måten ein gjorde ting på. Upassande fordi ordet symboliserer plutselege forandringar, men desse endringane skjedde gradvis. Også den norske historikaren Tore Pryser strekar under at den industrielle revolusjonen var ein langvarig prosess, som først eit godt stykke ut på 1800-talet spreidde seg til andre land i Europa og USA.

Bakgrunn

Kva årsaker låg bak den raske industriutviklinga i England? Ein av dei viktigaste faktorane var den sterke folketalsveksten på 1700-talet. Folkeveksten skapte behov for større matproduksjon og ein større etterspurnad etter billege klede. Matproduksjonen auka gjennom ei modernisering av landbruket, og for å få billege klede måtte tekstilproduksjonen moderniserast. I tillegg hadde England lenge hatt stor produksjon av ull som dei eksporterte, og det vart etter kvart naudsynt å effektivisere produksjonen og få opp innteninga for produsentane.

Starten

Det var nettopp i tekstilproduksjonen at den industrielle revolusjonen starta med innføring av nye spinne- og vevemaskiner. Dei første fabrikkbyane dukka opp i nærleiken av elver, fordi dei store maskinene vart drivne av vasskraft. Den første fabrikkbyen var Manchester nord i England.

Det var nettopp i tekstilproduksjonen at den industrielle revolusjonen starta med innføring av nye spinne- og vevemaskiner. Dei første fabrikkbyane dukka opp i nærleiken av elver, fordi dei store maskinene vart drivne av vasskraft. Den første fabrikkbyen var Manchester nord i England.

Spinning Jenny

Spinnemaskina Spinning Jenny. Ho har eit stort hjul som driv tråden rundt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei av dei første og mest kjende tekniske oppfinningane til bruk i industrien, var spinnemaskina til James Hargreaves. Ho kom i 1765 og fekk namnet «Spinning Jenny». Spinnemaskinene vart drivne med handkraft, men kunne produsere 20 gonger meir enn ved ein vanleg rokk.

Dampmaskina

Den første maskina som gjorde det lettare å fri seg frå handkraft, var dampmaskina. Det hadde vore gjort forsøk på å lage dampmaskiner tidlegare, men det er maskina som James Watt tok patent på i 1769, som er den mest kjende Ho har vorte ståande som den første dampmaskina. Dampmaskina er ein motor som blir driven av damp under trykk. Dampmaskina vart først teken i bruk i tekstilindustrien - mellom anna til å drive spinnemaskinene som tidlegare vart drivne med handkraft. Det tok ikkje lang tid før dampmaskiner vart brukte innanfor ei lang rekkje industriar, og kanskje særleg innanfor transport. Dampbåtar og damplokomotiv vart viktige for å frakte varer raskare enn tidlegare.

Spreiing av industrien

Ein av grunnane til at det tok så lang tid før industrialiseringa spreidde seg til andre land, var at engelskmennene la ned forbod mot eksport av maskiner fram til 1842. På denne måten hindra dei ei utvikling av moderne industri i andre land. I Noreg dukka den første industrien opp rundt Akerselva ved Kristiania i 1840-åra. Det er likevel vanskeleg å seie at det er den industrielle revolusjonen i Noreg, då industrireisinga her i landet var i startfasen heilt fram til 1875. I Kristiania var det Akers Mekaniske Verksted som var først ute i 1841. Sidan kom det fleire verkstader, og også her i landet var tekstilindustrien tidleg ute med spinneri og veveri langs elva.

Det første dampskipet i Noreg

Dampskipet Nidelven. Ein hjuldampar med seglmaster og flagget "Sildesalaten". Teikning frå 1857.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trondheim var også tidleg ute med industri. I 1844 kom Fabriken ved Nidelva - Nidelvas mekaniske verkstad. Det var ved Nidelva det første dampskipet vart bygd. Det første lokomotivet vart også bygd ved fabrikken. Trolla Brug kom i 1854 og vart i 1872 slege saman med Nidelva til Trondhjems Mekaniske Værksted.

Denne artikkelen vart opprinneleg publisert på kildenett.no

Kjelder

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Industrialisering og teknologiske omveltingar