Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidarrørsla blir etablert

Den sosialistiske sida i norsk politikk vart sameint på brei front med danninga av Arbeidarpartiet (1887) og samanslutninga av fagforeiningar i Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (LO) (1889).
Kvinner i lange skjørt og sjal står og arbeider ved vevemaskiner. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samfunn i endring

Samfunnet rundt hundreårsskiftet var i stor endring, med aukande grad av industrialisering og urbanisering. Jern- og metallindustrien blir utvikla, hermetikkindustrien på Sør-Vestlandet blømer og treforedlingsindustrien med Borregaard i spissen veks opp i nærleiken av elvane på Austlandet. Bruk av elektrisitet som energikjelde for å drive maskinene utnytta vasskrafta langt betre enn tidlegare, og skapte ein meir føreseieleg produksjon og industriell utvikling.

Tungindustri

Fabrikkbygningane til Norsk Hydro på Rjukan, handfarga diasbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etableringa av Norsk Hydro (1905) på Rjukan er kroneksempelet på kapital- og energikrevjande industrietablering. Ved hjelp av elektrisitet, greidde Kristian Birkeland (1867-1917) og Sam Eyde (1866-1940) å finne ein metode som kunne binde nitrogen i lufta og omdanne det til salpetersyre og kunstgjødsel. Produksjon av kunstgjødsel kravde avansert kompetanse innanfor kjemi og teknologi, attåt store innvesteringar og rikeleg tilgang på energi. Det store behovet for energi var den viktigaste grunnen til at kunstgjødselproduksjon vart lagd til Rjukanfossen ved Vemork.

Klassesamfunnet

Med aukande industrialisering vart den norske arbeidarrørsla etablert i andre halvdel av 1800-talet. I 1890-åra ser vi konturane av eit kapitalistisk klassesamfunn i Noreg. Samfunnet er etter kvart prega av tydelege klasseskilje, mellom bedriftseigarar, ein ny middelklasse og den framveksande industriarbeidarklassen. Typograf- og fyrstikkarbeidarstreiken i 1889 viste tydeleg klassemotsetnadene i det norske samfunnet.

Fagorganisering

Heile arbeidsstokken (over hundre) er med på biletet, berre menn. Fremst sit tenåringar og unge gutar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei første fagforeiningane vart danna av handverksarbeidarar som opplevde at arbeidsforholda vart forverra. Nye maskiner og ny teknologi endra måten å arbeide på, og enkelte tradisjonelle yrkesgrupper vart erstatta med nye. Dei fleste lokale tariffavtalar som vart inngått før 1905, hadde bakgrunn i truslar frå arbeidsgivarane om å senke lønna og rettane til arbeidarane. Etter kvart kom dei nye industriarbeidarane med offensive krav. Alt dette bidrog til å auke forståinga av at fagorganisering og felles handling var nødvendig, også på landsbasis. Dette skapte også eit større klassemedvit innanfor arbeidarrørsla som etter danninga av Landsorganisasjonen (LO) i 1899 kunne fronte arbeidarrørsla sine krav om samfunnsendringar på nasjonalt nivå.

LO blir danna

Ved etableringa av LO i 1899 hadde LO 1600 medlemmer. Motparten deira på arbeidsgivarsida, NAF (i dag NHO) vart danna året etter. Frå 1905 til 1914 auka Landorganisasjonen medlemstalet til det firdobbelte. Fagrørsla sitt mål var å auke lønningane og betre arbeidsforholda, og å stå samla i kampen for ei meir rettferdig fordeling i samfunnet. Den første landsomfattande tariffavtalen (lønnsavtalen) vart inngått i 1907, der jern- og metallarbeidarane forhandla som kollektiv gruppe. Streikevåpenet vart også teke i bruk. Ein landsomfattande konflikt i papirindustrien gjekk føre seg same året.

Den alvorlegaste av alle konfliktane før 1914 var i 1911. Ein gruvearbeidarstreik vart utvida med lockout frå arbeidsgivarane for 32 000 mann. Då greip regjeringa for første gong avgjerande inn i ein konflikt, fekk i gang mekling og til slutt frivillig skilsdom, som løyste striden.

Arbeidarpartiet

Ved sida av etablering av ulike lokale fagforeiningar og etter kvart LO, spelte også den politiske kampen, først og fremst kampen for ålmenn stemmerett for kvinner og menn ei viktig rolle i arbeidarrørsla sine krav om ei meir rettferdig fordeling i samfunnet. Arbeidarpartiet vart stifta i Arendal i 1887, der Christian Holtermann Knutsen (1845-1929) og Carl Jeppesen (1858 -1930) hadde viktige leiarroller. Partiorganisasjonen vart gradvis bygd opp, men partioppslutninga ved stortingsvala vart lenge svekt som følgje av avgrensa stemmerett og ei valordning som favoriserte partia Venstre og Høgre.

Ålmenn stremmerett

Då Venstre i 1898 oppnådde grunnlovsfleirtal, vedtok Stortinget å innføre ålmenn stemmerett for menn som på valdagen hadde fylt 25 år. Menn som gjekk på fattigkassa, hadde framleis ikkje lov til å stemme. Grunnlovsendringa førte til at 19 prosent av befolkninga hadde stemmerett ved valet i 1900.

Etter innføringa av ålmenn stemmerett for menn i 1898 kunne partiet kjempe meir aktivt i rikspolitikken. Ved stortingsvalet i 1903 fekk partiet sine første representantar på Stortinget (4). Etter unionsoppløysinga fekk Noreg ei ny valordning (fleirtalsval i einmannskrinsar). I 1912 fekk partiet 27 % av stemmene ved stortingsvalet, men berre 23 representantar som følgje av valordninga. Dette bidrog til auka radikalisering innanfor arbeidarrørsla. Frå Arbeidarpartiet sitt landsmøte i 1911 vart det tydeleg at det fanst ein revolusjonær opposisjon som skulle spele ei langt større rolle i partiet etter 1.verdskrigen.

Kamp for betre arbeidsvilkår

Leiaren for LO i perioden 1906-1925, Ole O. Lian, avslutta talen ved den 8. skandinaviske arbeidarkongressen i Stockholm i 1912 med desse orda:

«Som man vil forstaa av det tidligere anførte, mener jeg at fagorganisationen har betydning ikke bare for den daglige kamp for at vinde bedre arbeidsvilkaar og høine arbeiderklassens materielle liv. Den forbereder det nye samfund. Direkte ved at den skyver produktionen over i mere regulerte og tilsidst i samfundsmæssige former, og indirekte ved at arbeiderklassen gennem fagorganisationen oplæres til gode arbeidere, bygningsmænd og administratorer i det nye samfund. Vi indpoder solidaritetens og fælleprincippernes aand i arbeiderklassen. Og det er dette som er en hovedbetingelse for at det socialistiske samfund skal kunne gjennemføres».

Innanfor arbeidarrørsla kjempa ein heil generasjon fram 8-timarsdagen då han endeleg vart lovfest i 1919. Bakgrunnen for kravet om 8 timars normalarbeidsdag var den urimeleg lange arbeidstida, som kunne vere både 10, 12 og heilt opp i 14 timar for nokre.

Kjelde

  • Einar A. Terjesen (1999): "Respekt og selvrespekt. Perspektiver på fagbevegelsens historie", Arbeiderhistorie 1999

  • Arbeiderhistorie 12, 1977: Ole Lians tale på den skandinaviske arbeiderkongressen i Stockholm i 1912. Hentet fra https://www.arbark.no/eldok/Arbeiderhistorie1977_12.pdf

Relatert innhald

Streik blei første gongen teke i bruk i Noreg i samband med bergverksdrifta på 1600-talet. Streik vil seie at arbeidstakarane legg ned arbeidet.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Industrialisering og teknologiske omveltingar