Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Industrialiseringa si betydning for samfunnet

Industrialisering har hatt betydning for samfunnet på ulike måtar. Her skal du jobbe med ulike sider ved industrialiseringa sin påverknad på samfunnsutviklinga i ulike land.
Ulike typar bygningar nedanfor ein veg der vi ser nokre få gåande. Det er bygningar på både tvers og langs ved sida av vegen. Dette er reperbanen og Trondhjems Mekaniske Verksted. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vel deg eitt land som vart industrialisert for minst 100 år sidan. Utforsk ulike måtar som industrialiseringa og teknologien har påverka samfunnet på.

Vel blant følgjande land: Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Noreg, USA og Japan.

Jobb gjerne i par eller høgst tre personar saman. Lag ein kort presentasjon i det formatet de sjølv ønskjer, basert på funna dykkar.

Det er fint om læraren passar på at ikkje alle vel dei same landa.

Punkt som bør vere med

  • Når vart landet industrialisert, og kva slags type (typar) industri var vanleg(e) i starten av industrialiseringa?

  • Kor vart industrien etablert?

  • Kva moglegheiter og rettar hadde arbeidarane?

  • Korleis utvikla industrien seg? Skjedde det endringar i typen industri eller i kvar det vart etablert fabrikkar?

  • Kor viktig var teknologiske nyvinningar?

  • Kva andre område påverka industrialiseringa?

    • døme: samferdsel, arbeidsforhold, barnearbeid, bustadforhold, andre arbeidsliv

  • Kva slags industri har landa i dag? Kvifor og korleis har det utvikla seg slik?

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Industrialisering og teknologiske omveltingar