Hopp til innhald

Fagstoff

Teknologihistorie

Teknologisk utvikling har påverka både menneske og samfunn i mange hundre år. Vi skal her sjå spesielt på teknologihistorie frå den industrielle revolusjonen og framover, med fokus på industriutviklinga.
Ein stor fabrikkhall med ulike spinnemaskiner. Foto frå Hjula Væveri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor teknologihistorie?

Kvifor skal vi lære om teknologihistorie? Teknologihistorie og dei store teknologiske omveltingane, spesielt frå den industrielle revolusjonen og framover, har påverka menneske og samfunn. I tillegg har det hatt noko å seie for korleis ulike menneske til ulike tider har sett på framtida si.

Når vi skal analysere historiske hendingar og forhold, kan vi bruke ein modell som blir kalla SPØKT. Der står T-en for teknologiske forhold, og vi kan mellom anna spørje oss korleis samfunnet såg ut før og etter ulike teknologiske oppfinningar. Ved hjelp av SPØKT kan vi sjå på årsaker til og verknader av ei hending. Ofte kan det vere lurt å sjå på alle delane i modellen for å finne ut korleis teknologiske forhold heng saman med sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle forhold. Viss du vil, kan du også sjå på naturlege forhold. Korleis har til dømes naturforholda i Noreg, med fossefall og vasskraft, påverka industrialiseringa?

Teknologi og Noreg som industriland

I norsk historie heng teknologiutviklinga i landbruket og industrien tett saman. Denne utviklinga, som i ein del samanhengar kan sjåast på som store omveltingar, påverka også flyttemønster og tilgang på arbeidskraft.

Med nye teknologiske omveltingar i landbruket – det såkalla hamskiftet på midten av 1800-talet – fekk ein eit maskinelt landbruk. Det gjorde at ein ikkje lenger hadde like stort behov for arbeidskraft på gardane. Slåmaskina var det fremste symbolet på denne utviklinga.

I byane auka derimot behovet for arbeidskraft. Det kom av at den første industrien vart starta opp.

Dei store teknologiske omveltingane som industrialiseringa representerte, til dømes maskinell produksjon av tekstil, var ei omvelting både når det gjaldt produksjon i større skala, og når det gjaldt moglegheitene menneske hadde til arbeid og deltaking i samfunnet.

Historikar Jan Eivind Myhre (2020) gir døme på maskiner, produkt og produksjonsteknikkar som prega det framveksande industrisamfunnet:

  • dampmaskiner til drift av jernbane, skip og industri

  • reiskapar i jordbruk og fiskeri, mellom anna slåmaskiner, treskemaskiner og nye fiskereiskapar

  • treforedling som tresliperi og tremasse- og cellulosefabrikkar (til papir)

  • tekstil frå spinne- og vevemaskiner

  • jern og stål til konstruksjon av skip, bygningar og bruer og dessutan til spiker

  • murstein frå teglverk

  • telegraf, telefon og belysning

Tenk over

  • På kva måte vart menneska si moglegheit til arbeid og deltaking i samfunnet påverka av industrialiseringa og den nye teknologien?

  • Vel deg eit par av punkta over. Korleis trur du desse maskinene og produkta prega samfunnet?

Teknologiske omveltingar innan transport og samferdsel

Inga utvikling skjer isolert, altså åleine. All utvikling påverkar eller blir påverka av anna utvikling. Eit godt døme her er den store utviklinga som skjedde frå midten av 1800-talet og i mange tiår framover når det gjaldt moglegheiter til transport og reise.

Menn med spadar og hakker i hendene framfor eit stort damplokomotiv. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jernbanen, som fekk si første linje i Noreg mellom Oslo og Eidsvoll i 1854, vart heilt sentral både som offentleg transport for reisande og for å frakte varer mellom bygd og by. Jernbanen i Noreg vart raskt utbygd dei neste tiåra, og fram til slutten av 1880-talet vart det opna banar både sentralt på Austlandet og til Stavanger, Bergen og Trondheim.

Nye typar skip bidrog til raskare eksport og import av industrivarer. Også langs kysten skjedde det ei utvikling ved at ein etter kvart satsa på ferjer til persontrafikk. Dette skjedde særleg i fylke med lange fjordar og mange øyar. Det heile starta med dampskip allereie på midten av 1800-talet, mens vi i dag har kome heilt fram til elektriske ferjer. Det var også ferjer over dei store innsjøane.

Den andre industrielle revolusjonen

Den andre industrielle revolusjonen gjekk føre seg frå seint på 1800-talet til rundt 1920. Han handla i stor grad om teknologiske endringar basert på at ein fekk tilgang til elektrisitet som energikjelde.

Den første industrielle revolusjonen handla i stor grad om større og meir effektiv produksjon av mellom anna tekstil ved hjelp av dampmaskin og spinnemaskiner. Den andre industrielle revolusjonen medførte ein heilt annan produksjon av produkt takk vere elektrisitet og elektrokjemiske prosessar. Med dette fekk vi behov for nye yrkesgrupper som teknikarar og ingeniørar.

Den andre industrielle revolusjonen starta meir samtidig i større delar av Europa og verda, då bruk av elektrisitet raskare vart innført i mange land.

Industrieventyret i Noreg

Fabrikkbygningane ved Norsk Hydro på Rjukan. Handfarga diasbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi seier ofte at tida rundt 1905 var gjennombrotet til storindustrien i Noreg. Det var i denne perioden vi fekk kraftstasjonar, gjerne langs norske elvar, som gjorde at det vart etablert storindustri utanom dei store byane. Desse fabrikkane og kraftstasjonane vart til det vi kallar hjørnesteinsbedrifter i nye lokalsamfunn rundt omkring i Noreg. Det var også i denne perioden Noreg fekk bedrifter som satsa på aluminium og kunstgjødsel.

I 1914 var Noreg eit av dei rikaste landa i Europa. Dette kom i stor grad av eksport av industrivarer, men også eksport av varer som tømmer, plank og fisk.

Kommunikasjon og transport

Transportmåtar for varer og reiser kallar vi gjerne kommunikasjonsmiddel. Som du har lese over, var utbygginga av jernbanen frå midten av 1800-talet viktig både for industrien, for transport av varer til hamnene og for privatpersonar.

Vi har snakka om elektrisitet som ein ny type teknologi. Også den skapte nye kommunikasjonsmiddel, nemleg trikken. Trikken kom til Oslo og Trondheim allereie tidleg på 1900-talet.

Etter kvart kom det andre transportmiddel òg. Då Sørlandsbanen vart ferdig i 1944 og Nordlandsbanen så seint som i 1962, hadde bilen i stor grad teke over for dei små jernbanestrekningane.

Etter den andre verdskrigen vart det også eit stadig større fokus på vegutbygging som var tilpassa motorisert ferdsel. Etter at personbilane kom, dukka etter kvart lastebilane opp. Dette førte til meir godstransport og transport av ulike produksjonsvarer.

Nye typar teknologi på 1970-talet

I nokre større byar og gamle industriområde starta veksten i informasjonsteknologi og kunnskapsproduksjon i løpet av 1970-talet. Desse områda tok opp i seg ein annan type teknologi.

Informasjonsnæringa var noko nytt i norsk arbeidsliv. Ho handlar om å skape, samle eller bruke informasjon. Når det gjeld teknologi, skjedde den viktigaste utviklinga innan den nye datateknologien. Både mikroprosessor, programmeringsspråk og ikkje minst moglegheita til behandling av store datamengder var viktig. Frå 1980 kom det også personlege datamaskiner.

Informasjonsteknologi kombinert med forsking opna også for store framsteg i omsorgssektoren. Med ny teknologi kunne ein stille betre diagnosar gjennom mellom anna ultralyd, mammografi og fiberoptikk. Den nye teknologien innebar også nye behandlingsmoglegheiter.

Oljeeventyret

Sjå filmen Olja – et norsk eventyr for å få med deg det viktigaste om oljefunnet utanfor norskekysten, og om korleis det vart til storproduksjonen som har gjort Noreg til eit av dei rikaste landa i verda. Teknologien som tek opp oljen ute i sjøen, er sentral i oljeproduksjonen.

Kjelder

Benum, E. (2020, 2. november). Teknisk kunnskap, storindustri og optimisme. I Norgeshistorie. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1549-teknisk-kunnskap-storindustri-og-optimisme.html

Benum, E. (2020, 3. november). Industrisamfunn på hell. I Norgeshistorie. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/oljealder-og-overflod/1927-industrisamfunn-pa-hell.html

Hundstad, D. (2020, 27. oktober). Landet bindes sammen: transport. I Norgeshistorie. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/forste-verdenskrig-og-mellomkrigstiden/1622-landet-bindes-sammen-transport.html

Myhre, J. E. (2020, 2. november). Norge blir et industriland. I Norgeshistorie. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1504-norge-blir-et-industriland.html

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Industrialisering og teknologiske omveltingar