Analyse i historiefaget - Historie (vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Analyse i historiefaget

Når ein skal analysere og samanlikne samfunnsforhold, årsaker eller konsekvensar i historiefaget, kan det vere nyttig med nokre kategoriar. Her får du ei oversikt.

Det finst ulike modellar som ein kan bruke når ein skal analysere historiske forhold. Det er vanleg å dele inn i sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle forhold. Denne modellen blir gjerne kalla SPØK. Nokon legg òg til teknologiske forhold og kallar modellen for SPØKT. Vi vel i tillegg å inkludere naturlege forhold, og viss du vil ha ein hugseregel, må du gjerne kalle denne modellen for PØNSKT.

Her er ei oversikt over spørsmål du kan stille deg når du skal analysere eit historisk samfunn. Dei same kategoriane kan brukast til å dele inn i ulike årsaker og konsekvensar.

Politiske forhold

  • Kven har makt til å vedta lover og reglar, og til å fordele gode, plikter og rettar?
  • Korleis blir samfunnet styrt?
  • Kor mykje fridom har ulike samfunnsgrupper?
  • Kor mykje politisk innverknad har ulike samfunnsgrupper?
  • Er det konfliktar internt eller med andre samfunn?

Økonomiske forhold

  • Korleis skaffar ein seg mat?
  • Korleis utnyttar ein naturressursane?
  • Korleis er ressursane fordelte?
  • Kva næringsvegar er viktige?
  • Korleis blir handel drive?

Naturlege forhold

  • Kva for naturressursar finst?
  • Korleis påverkar landskapet samfunnet?
  • Kva betydning har klimaet og vêret?
  • Kva betydning har naturkatastrofar?

Sosiale forhold

  • Korleis lever menneske saman i samfunnet?
  • Er samfunnet delt i ulike grupper?
  • Har gruppene ulike rettar og pliktar?
  • Korleis er levekåra for dei ulike gruppene?
  • Kva kjønnsroller finst?
  • Korleis er befolkningsutviklinga?

Kulturelle forhold

  • Kva religionar, livssyn og skikkar dominerer samfunnet?
  • Kva verdiar og ideal er viktige?
  • Korleis er synet på kva som er rett og gale?
  • Kva slags utdanning blir gitt, og kven får ho?
  • Kva slags kunst og andre kulturuttrykk er viktige?
  • Har samfunnet eit kulturelt mangfald, eller er det éin kultur som dominerer?
  • Finst det kulturelle konfliktar mellom ulike grupper?

Teknologiske forhold

  • Kva reiskap og metodar blir tekne i bruk i produksjonen av energi, mat og andre varer?
  • Kva slags våpenteknologi finst?
  • Kva slags teknologi blir brukt til transport og kommunikasjon?
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2021