Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: industrialisering og teknologiske omveltingar

Den industrielle revolusjonen innebar store omveltingar på mange område, også det teknologiske. Korleis påverka den industrielle revolusjonen individ og samfunn, og kva for nokre andre teknologiske omveltingar har påverka oss mest?
Sheffield i England i 1884. Vi ser mange fabrikkbygningar der det kjem røyk ut av pipene, og andre små trebygningar. Det går ei elv gjennom byen, og det er ei bru over elva. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omveltingar

Det er vanleg å tenkje på den industrielle revolusjonen som ei både sosial, økonomisk og politisk omvelting. Men det var også ei teknologisk omvelting. Det var teknologi som mogleggjorde industrien og nye oppfinningar, mellom anna dampmaskina.

Industrialisering

Fabrikkbygningar ved ei elv. Det ligg fleire båtar på elva. Biletet er teke frå motsett side, og det er eit gjerde framfor elva. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den industrielle revolusjonen var ei av dei største omveltingane i historia. Industrialiseringa skjedde ikkje over natta, og ho medførte endringar også i resten av samfunnet. Den industrielle revolusjonen var ei gradvis økonomisk og sosial endring som også fekk politiske følgjer. Det som starta i England på midten av 1700-talet, spreidde seg til andre land, først og fremst i Europa, og kom til Noreg på midten av 1800-talet.

Den industrielle revolusjonen innebar ein overgang frå handverk til store fabrikkar. Frå enkle reiskapar og mykje muskelkraft (og noko vasskraft) til maskinkraft, mellom anna gjennom dampmaskina. Frå å produsere til eige behov til å produsere store mengder for store marknader i både inn- og utland.

Tekstilproduksjon og mekaniske verkstader

Industrialiseringa gjorde seg gjeldande spesielt på to område, som begge var knytte til nye oppfinningar og utvikling i samfunnet:

  • tekstilindustrien

  • jern- og metallindustrien

Tekstil var i utgangspunktet noko dei fleste laga sjølv, men etter kvart var det syersker som laga plagg som vart selde. Med dampmaskin og spinnemaskiner vart tekstilproduksjonen mekanisert, og vi fekk dei første industrialiserte veveria som kunne produsere klede i større skala.

Jern- og metallindustri var viktig for ulike typar produksjon. Frå slutten av 1700-talet kom ein i gang med storproduksjon av jern i England, og landet vart etter kvart ein stor eksportør av jern. Tilgang på jern var avgjerande i mange typar produksjon. Gruvedrift var viktig, og med dampmaskina fekk ein fabrikkar i nærleiken av gruvene.

Dei mekaniske verkstadene hadde ulike spesialitetar innan jern- og metallindustrien og kunne ha både smie, støyperi og plateverkstad. Etter kvart dreiv dei også med skipsbygging.

Industrialisering i Noreg

På same måte som i England var det mekaniske verkstader og tekstilfabrikkar som starta industrialiseringa her i landet. Eit sentralt aspekt ved industrialiseringa i Noreg er at industrien vart starta først og fremst ved hjelp av vasskraft. Dei første fabrikkane vart lagde ved elver der industrieigarane kjøpte fallrettar, altså rettar til å bruke fallet i elva til å drive fabrikkane.

I Noreg set vi dessutan den industrielle revolusjonen i samanheng med dei teknologiske endringane i landbruket og overgangen frå sjølvhushald til salsjordbruk, altså det såkalla hamskiftet. I tillegg hang industrialiseringa også her saman med utviklinga av ein moderne infrastruktur. Det vil seie at samferdsel som jernbane og skipsfart fekk det store gjennombrotet sitt.

Å vere eit industriland

Sjølv om industrialiseringa kom til Noreg på midten av 1800-talet, tok det nokre tiår før vi kunne kalle oss eit industriland. Dette gjeld sjølvsagt også andre land som hadde ei form for industriell revolusjon. Historikar Jan Eivind Myhre skriv at det var først i 1914 at Noreg kunne kallast eit industriland. Grunnen er at det då var mange sysselsette i industrien samanlikna med andre næringsvegar, og at industrien utgjorde ein betydeleg del av samfunnsøkonomien (Myhre, 2020).

Følgjer av industrialiseringa

Fyrstikkarbeidarstreiken i 1889. Ei stor forsamling, hovudsakleg beståande av kvinner. Dei har med seg to parolar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med industrialiseringa vaks byane rundt fabrikkane. Dette gjaldt mellom anna nokre av dei store byane i Nord-England. I Noreg var det Oslo, eller Kristiania, som vaks til å bli ein storby, og befolkningsveksten i bygdene stoppa opp.

Mange flytte til byane fordi det ikkje lenger var like stort behov for dei i landbruket, og fordi dei ville jobbe i industrien. For mange var dette ein ny start. Lønt arbeid var både nytt og viktig for dei fleste.

Samtidig var dei sosiale forholda dårlege for mange. Veldig mange budde trongt i bygardar og delte leilegheit med fleire andre. Forholda på arbeidsplassen var heller ikkje alltid så mykje å skryte av – med tungt arbeid, dårleg belysning og lange arbeidsdagar. Og dei fleste hadde berre fri på søndagar.

Klassesamfunn

Med industrialiseringa og urbaniseringa fekk vi eit klassesamfunn. Dei som jobba i industrien, vart den nye arbeidarklassen. Før vi fekk eit klassesamfunn, hadde vi eit standssamfunn. Kort fortalt var det forskjell på folk både i klassesamfunnet og i standssamfunnet, men mens ein i standssamfunnet kjende lojalitet til sine overordna, medførte klassesamfunnet i staden lojalitet til andre som høyrde til same klasse. Tidlegare hadde til dømes adelen eit ansvar for dei som høyrde under godset. Fabrikkeigarar hadde derimot ikkje eit personleg forhold til sine tilsette.

Den veksande arbeidarklassen fekk etter kvart behov for å organisere seg, slik at dei kunne få innverknad på forholda på arbeidsplassen. Fagforeiningar vaks fram, og på slutten av 1800-talet fekk vi også dei første streikane. Arbeidarar fekk også meir å seie med innføringa og utvidinga av den allmenne stemmeretten i 1898 (alle menn) og 1913 (også alle kvinner).

Teknologisk utvikling

Dampmaskina til James Watt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrepet teknologi vart først teke i bruk på slutten av 1800-talet, men utviklinga av fabrikkar og drifta av desse var i stor grad basert på teknologiske oppfinningar.

Vi veit at det har skjedd ulike former for teknologiske omveltingar også før 1700-talet. Hjulet, kompasset og teleskopet var til dømes viktige oppfinningar. Det same var boktrykkjarkunsten og utviklinga av skipsbygginga.

For utviklinga av industrien var dampmaskina og spinnemaskina heilt sentrale. Spinnemaskina "Spinning Jenny" blir rekna som utgangspunktet for den industrielle revolusjonen, som starta med tekstilindustri i England. Dampmaskina gjorde at ein ikkje hadde behov for tilgang til vassfall, og at ein kunne leggje fabrikkar andre stader enn ved elver.

For landbruket sin del var dei teknologiske omveltingane med nye landbruksmaskiner viktige for å effektivisere produksjonen og frigjere arbeidskraft. Denne arbeidskrafta gjekk ofte til byane og den nye industrien.

Endringane i transportmetodar gjorde at det som vart produsert i industrien, lettare kunne transporterast og eksporterast.

Opp gjennom historia har det skjedd fleire store teknologiske omveltingar. Slike endringar kan ha stor innverknad på samfunnet. Dei kan til dømes effektivisere produksjonen og dermed påverke arbeidet og økonomien. Mange teknologiske endringar påverkar dessutan transport.

I Noreg fekk storindustrien eit gjennombrot rundt 1905. Då fekk vi mellom anna dei største kraftstasjonane i verda og industri basert på elektrisitet.

Kjelder

Myhre, J. E. (2020, 2. november). Norge blir et industriland. Norgeshistorie.no. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1504-norge-blir-et-industriland.html

Myhre, J. E. (2020, 2. november). Byene vokser. Norgeshistorie.no. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1524-byene-vokser.html

Godbolt, J. (2021, 22. juni). Den industrielle revolusjon. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/den_industrielle_revolusjon

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022

Læringsressursar

Industrialisering og teknologiske omveltingar