Hopp til innhald

Fagstoff

Akerselva og den industrielle revolusjonen i Oslo

Akerselva er ei naturperle og ein naturressurs som renn tvers gjennom Oslo frå Maridalen til Vaterland. Elva er vakker, og dei kraftfulle fossane er imponerande. Desse vassfalla var i si tid utgangspunktet for den første tekstilindustrien i Noreg.
Akerselva ved Vaterlands bru der elva flyt sakte gjennom byen. Små båtar ligg fortøydde tett i tett  langs elva. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Industrialisering langs Akerselva

Krafta i Akerselva, eller Frysja, som ho tidlegare vart kalla, har vorte utnytta av menneske i hundreår. Vi har kjelder heilt frå mellomalderen som viser at det har vore kornmøllar langs elva. Krafta har òg vore brukt til stampar av ulike slag, og til papirmøller, oljemøllar og sagbruk.

Industribygningar ved fossefall i Akerselva. Ei bru kryssar elva lenger opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Akerselva hadde stor betydning for den industrielle revolusjonen i Noreg på 1850-talet, og det var tekstilindustrien som starta det heile. Vi kan seie at det er to forteljingar om industrialiseringa langs Akerselva:

Den eine handlar om utviklinga, optimismen og framtidstrua som sørgde for ei betydeleg verdiskaping i det fattige Kristiania. Industrialiseringa gav nemleg arbeid til mange, og framveksten av kapital gav kjøpekraft til både bedriftseigarar og arbeidarar. Denne framstillinga av historia kan vi kalle "den blå sida" – ho fortel om krafta i kapitalismen.

Den andre sida av historia handlar om dei tøffe arbeidsvilkåra som dei tilsette i industrien opplevde. Det resulterte mellom anna i framveksten av arbeidarrørsla, og vi kan kalle dette for "den raude sida" av historia.

Relatert innhald

Den industrielle revolusjonen starta i England på 1700-talet. Dette var ein overgang frå handverk og muskelkraft til fabrikkproduksjon og maskinkraft.

CC BY-NC-SASkrive av Miriam Rösler. Rettshavar: Oslo Museum
Sist fagleg oppdatert 26.10.2021

Læringsressursar

Industrialisering og teknologiske omveltingar