Hopp til innhald
Fagartikkel

Koordinatsystem i tre dimensjonar. Avstand mellom punkt

På vg1 og vg2 jobba du med koordinatsystem i to dimensjonar. Men verda er ikkje todimensjonal, og på vg3 blir matematikken tredimensjonal.

I matematikk R2 skal vi studere ulike objekt som vektorar, plan og kuler i tre dimensjonar eller i rommet, som vi òg seier. Når vi skal teikne desse objekta, bruker vi 3D-grafikkfeltet i GeoGebra.

Punkt i eit tredimensjonalt koordinatsystem med GeoGebra

Øving

Vi byrjar i det vanlege todimensjonale koordinatsystemet og teiknar punktet 3,2 ved å skrive (3,2) i algebrafeltet i GeoGebra. Gå til innstillingane til punktet og endre slik at det er koordinatane til punktet (verdien) som blir vist, ikkje namnet. Då skal det vanlege todimensjonale grafikkfeltet i GeoGebra sjå ut omtrent som den øvste figuren.

Slå på visning av 3D-grafikkfeltet. Då får vi eit nytt koordinatsystem der vi i tillegg til x- og y-aksen har fått ein tredje akse: z-aksen. Dersom koordinataksane ikkje automatisk får namn, kan du høgreklikke på ein tom plass i 3D-grafikkfeltet, velje "Grafikkfelt 3D ..." og skrive inn namn på dei tre koordinataksane på den same måten som du gjer i det vanlege grafikkfeltet. Punktet vi skreiv inn, blir vist, og det ligg i det vi kallar xy-planet, som er eitt av dei tre koordinatplana. Dobbeltklikk på punktet i 3D-grafikkfeltet. Då får plutseleg punktet ein tredje koordinat, 0. Sjå den andre figuren.

Den tredje koordinaten er z-koordinaten til punktet når vi er i eit tredimensjonalt koordinatsystem.

Tenk over

Kva fortel z-koordinaten til eit punkt?

Betydninga til z-koordinaten

z-koordinaten fortel kor stor avstanden er til xy-planet.

Skriv ei tilsvarande forklaring om kva x- og y-koordinaten til eit punkt fortel.

Betydninga til x- og y-koordinaten

x-koordinaten fortel kor stor avstanden til yz-planet er.
y-koordinaten fortel kor stor avstanden til xz-planet er.

Nytt punkt

Skriv inn punktet 3,2,3 i algebrafeltet og kontroller at punktet blir vist i 3D-grafikkfeltet.

Kvifor blir ikkje det nye punktet vist i 2D-grafikkfeltet?

Forklaring

Punktet blir ikkje vist fordi det ikkje ligg i xy-planet slik som det første punktet. Det todimensjonale grafikkfeltet til GeoGebra vil berre vise objekt som ligg i xy-planet.

Tenk over

Er det lett å finne avstanden mellom punkta 3,2,0 og 3,2,3? Kva blir avstanden?

Avstand mellom punkta

Vi går no ut frå at det første punktet heiter A og det andre B. Sidan B ligg rett over A sett frå xy-planet, må avstanden vere lik z-koordinaten til B, altså 3. For å kontrollere dette kan du skrive Avstand(A,B) i algebrafeltet eller i CAS-feltet (dersom punkta heiter A og B).

Tilpassing av 3D-grafikkfeltet

Du kan rotere og flytte på det tredimensjonale koordinatsystemet i GeoGebra ved å "dra" med musepeikaren. Prøv dette:

  • Roter på aksane slik at du siktar langs xy-planet.

  • Roter på aksane slik at du siktar ned langs z-aksen i negativ retning, altså at du ser rett ned på xy-planet. Ser du begge punkta no?

  • Hold Shift-knappen nede på tastaturet mens du dreg. Kva skjer?

Legg òg merke til at når 3D-grafikkfeltet er aktivt, kjem ei ny verktøyrad opp.

Avstanden mellom to punkt

Avstanden mellom to punkt i xy-planet

Hugsar du kva formelen for avstanden mellom to punkt Ax1,y1 og Bx2,y2 i to dimensjonar er? Kan du finne han ut ifrå figuren?

Avstand mellom punkt i planet

Avstanden, eller linjestykket AB, dannar hypotenusen i ein rettvinkla trekant der den vassrette kateten har lengde x2-x1 og den loddrette kateten har lengde y2-y1. Vi kan derfor bruke pytagorassetninga på sidene i trekanten, og lengda av hypotenusen blir derfor

AB2 = x2-x12+y2-y12AB = x2-x12+y2-y12

Avstanden mellom to punkt i rommet

Formlar for avstand mellom punkt i rommet er gitt i boksane under. Utleiinga av formlane skal du gjere i oppgåve 4.1.5 og 4.1.6, som du finn på oppgåvesida. Det lønner seg å gjere oppgåvene før du ser for nøye på formlane i boksen!

Avstand OP frå origo til punktet Px,y,z:

OP=x2+y2+z2

Avstanden AB mellom punkta Ax1,y1,z1 og Bx2,y2,z2:

AB=x2-x12+y2-y12+z2-z12