Hopp til innhald
Fagartikkel

Typiske feil i innlærartekstar

Kva for nokon feil finn du hos andrespråksinnlærarar? Her skal vi kort beskrive dei viktigaste områda og typar feil innlærarar gjer.

Mellomspråksanalyse

Kva får eleven til, og kva for nokon feil gjer eleven? Ved å analysere elevtekstar vil du få mykje informasjon om kor langt elevane har komme i læringsprosessen. Det er enklare å gi konkret rettleiing når du har denne informasjonen. Du kan lese meir om dette i fagartikkelen "Innlærartekstar og mellomspråk".

Desse er kort oppsumert kjenneteikna på at eleven har eit mellomspråk:

  • enkle setningar, dårleg utvikla ordforråd

  • fleire ulike versjonar av same ord i same tekst, til dømes er ord stava eller bøygde rett nokre stader, feil andre stader

  • transfer: ord, former og reglar frå førstespråket

  • generaliseringar og feil bruk av reglar

  • systematikk i feila: Eleven testar ulike hypotesar om språket

Sjølv om førstespråket påverkar kva for nokre typar feil elevane gjer, ser vi at elevar med ulik språkbakgrunn strevar med mykje av det same. Her beskriv vi kort nokre av dei vanlegaste feila du vil sjå i innlærartekstar:

Ortografi

Forholdet mellom tale og skrift er ulikt frå språk til språk, og må lærast. Norsk språk er ganske ortofont, som betyr at det er ganske godt samsvar mellom bokstav (grafem) og lyd (fonem). Det er likevel ikkje eit fullstendig ein-til-ein-forhold.

Vi har til dømes to representasjonar av vokalane – kort og lang i norsk. Dette er ikkje eit vanleg skilje i mange skriftspråk.

Vokalar

I norsk ortografi markerer vi vokallengde ved at vi bruker dobbeltkonsonant etter kort vokal, mens lang vokal står umarkert. Det er viktig at vi som lærarar er merksame på at dette med markering av vokallengde blir gjort ulikt på ulike språk.

Døme 1: gul/gull, mat/matt, fin/finn

Mange elevar med norsk som andrespråk vil bruke tid på å lære seg rett bruk av kort og lang vokal. Hugsereglar som til dømes at det er dobbel konsonant i "sprettord", fungerer berre om eleven faktisk klarer å høyre forskjellen. I tillegg har vi mange unntak frå regelen i ord som blir brukt ofte: "skal", "vil", "kan".

Konsonantar

Eit anna særtrekk ved norsk er at vi kan ha ganske komplekse samansetningar av konsonantar både i starten og i slutten av eit ord. Norsk kan ha ei maksimal staving som KKKVKKKK, slik vi finn i det norske ordet sprelskt. (K=konsonant, V=vokal)

I nokre språk, som vietnamesisk og arabisk, er det heilt andre reglar for kor mange konsonantar som kan stå saman. Vietnamesisk kan ha den maksimale stavinga KVK.

Det er få språk som har ein så kompleks stavingsstruktur som norsk. Andrespråksinnlærarar kan då ha som strategi at dei forenklar uttalen av norske ord ved å setje inn ekstra vokalar mellom konsonantane.

Døme 2: Ordet snill blir skrive med ekstra vokal og blir til senill, klo blir skrive med ekstra vokal og blir til kelo.

Elevane kan òg utelate delar av konsonantsambandet:

Døme 3: Ordet skrift blir skrive kif fordi delar av konsonantsambandet blir utelatne.

Det er viktig å vere klar over at det er stor variasjon mellom språka .

Syntaks

Plassering av dei ulike setningsledda er noko dei fleste innlærarar strevar med. Norsk er eit SVO-språk og har ganske fast ordstilling. V2-regelen, at verbet skal stå på andreplass i forteljande heilsetningar, er sentral å lære seg. Denne regelen er uvanleg i språka i verda, og det er derfor ein regel mange har problem med å internalisere. Derfor vil dei ofte seie eller skrive: I morgon eg skal reise til Oslo.

Elevar som har lært seg V2-regelen, kan likevel gjere feil. Det er vanskeleg med ulike reglar for kvar verbet skal stå i heilsetningar og leddsetningar. I leddsetninga står verbet etter subjektet, i heilsetninga på andreplass. I setninga under er "blir" verbalet i setninga og "eg" subjektet.

  • Korrekt setning: Når eg syklar, blir (V) eg (S) glad.

  • Vanleg feil: Når eg syklar, eg (S) blir (V) glad.

Les fagartikkelen om V2-regelen.

Les fagartikkelen om leddsetningar.

Morfologi

Morfologi fortel korleis språk lagar nye ord, og korleis ord blir bøygde. Vi skil mellom syntetiske og analytiske språk. Norsk språk er litt meir syntetisk enn analytisk, men har altså både analytiske og syntetiske trekk. Det betyr at norsk bruker bøyingar for å uttrykke mange forhold (syntetisk), men i tillegg bruker vi òg ein del funksjonsord til det same (analytisk).

Viss førstespråket til ein elev skil seg veldig frå norsk bøyings- og ordlagingssystem, vil det føre til ein del feil. Det vanlegaste er transfer, at dei bruker systema frå førstespråket sitt på det norske språket.

Du kan lese meir om morfologi i fagartikkelen "Syntetiske og analytiske språk".

Bestemt/ubestemt

Dette med å markere bestemtheit er noko mange elevar har problem med. I norsk bøyer vi substantiv i bestemt og ubestemt. Bestemtheit viser at det vi omtaler, er noko kjend. Vi signaliserer til mottakaren at dei bør vite kva det er vi viser til. Vi bøyer òg adjektiva i samsvar med substantiva:

  • eit gult hus – det gule huset

Mange språk skil mellom kjend og ukjend informasjon, men det kan visast på andre måtar enn ved substantivbøying. Det kan til dømes vere å bruke artiklar som står framfor, som på engelsk (a boy/the boy), i motsetning til norsk som viser bestemtheit morfologisk ved eit suffiks. I mange slaviske språk blir han vist ved å flytte det kjende substantivet fram i setninga.

Les fagartikkelen om bestemtheit i substantiv.

Andre vanlege grammatiske feil

Det er ein del særtrekk i norsk språk som gjer at elevane ikkje så lett kan støtte seg på språktrekk i førstespråket sitt. Ofte kan vi som lærarar forstå dette betre når vi har litt kunnskap om førstespråket til eleven, og av og til kan vi då sjå eit system i feila eleven gjer.

Kjønn i substantiv

På norsk har substantiv tre kjønn (hankjønn, hokjønn og inkjekjønn), men slik er det ikkje i alle språk. Det er derfor ganske vanleg at andrespråksinnlærarar har utfordringar med å bruke rett kjønn på substantiva.

I somali har substantiv to grammatiske kjønn: hankjønn og hokjønn. Det er derfor ein ganske vanleg feil at somaliske elevar bøyer norske substantiv berre i hankjønn og hokjønn basert på kunnskap om substantiv frå førstespråket sitt.

Døme 4: Substantivet "eit hus" blir bøygd som hankjønn i staden for inkjekjønn. Korrekt bøying er eit hus–huset, mens ein vanleg feil er at det blir bøygd ein hus–husen.

Kjønn i nokre ulike språk

Språk

Kjønn i substantiv

somalisk

berre hankjønn og hokjønn

vietnamesisk

manglar grammatisk kjønn

tyrkisk

manglar grammatisk kjønn

Lydverket kan påverke ortografien

Mange støttar seg på lydar når dei skal skrive ord. Lydar som er ukjende i førstespråket til eleven, kan vere meir krevjande å lære seg på norsk. Viss elevane ikkje klarer å skilje mellom lydane, vil det kunne påverke skriftspråket. Det er derfor nyttig at du som lærar har noko kjennskap til lydverket i førstespråket til eleven, spesielt kva for nokon lydar i norsk språk som er heilt eller delvis ukjende for eleven.

Til dømes er vokallydane i norsk ganske unike og vanskelege for stort sett alle som skal lære seg språket. Lydane /y, ʉ og ø/ vil til dømes vere framande for elevar som snakkar vietnamesisk. Dei norske diftongane /øy/ og /æʉ/-"au" vil òg vere ukjende.

Verbtider

Mange innlærarar synest det er vanskeleg å bruke fortidstempusa i norsk korrekt. Det er spesielt forskjellen mellom preteritum og presens perfektum som skaper problem. Det er komplekse reglar for når vi bruker høvesvis preteritum og presens perfektum, og mange elevar har ikkje dei same reglane i førstespråket sitt.

Preteritum blir brukt om noko som har skjedd og er avslutta, og når du er spesielt oppteken av tidspunktet noko skjedde på:

  • Eg sykla til skulen i går.

  • Eg budde i Sverige i tre år.

Perfektum bruker vi når ei handling i fortid har konsekvensar for notida, eller når ei handling starta i fortid og framleis held på:

  • Eg har sykla til skulen.

  • Eg har budd i Noreg i tre år.

Dette skiljet er noko norske førstespråksbrukarar ikkje tenker så mykje over, men for ein andrespråksbrukar er dette ein nyanse som ikkje nødvendigvis blir uttrykt i førstespråket deira på same måten.

Les artikkelen om preteritum og perfektum.

Kjelder

Alver, Berggren & Sørland. 2021. God nok i norsk? Språk- og skriveutvikling hos elever med norsk som andrespråk. Cappelen Damm Akademisk.

Selinker, L. 1972. Interlanguage. International Review of Applied Linguistics in Language. https://www.degruyter.com/document/doi/10.1515/iral.1972.10.1-4.209/html

Mellomspråk. NAFO. Lest 02.02.24. https://nafo.oslomet.no/kompetanseheving/ord-og-uttrykk-spraklege-minoritetar-i-opplaeringa/#mellomsprak

Husby, O. 2017. Innvandreres morsmål – en ressursbok for lærere. Fagbokforlaget.

Monsen & Randen, 2018. Andrespråksdidaktikk – en innføring. Cappelen Damm Akademisk.

Næss, Å. 2019. Global grammatikk: språktypologi for språklærere. 2. utgave. Gyldendal Akademisk.

Relatert innhald