Hopp til innhald

Fagstoff

Transspråking som ressurs

Du har antakeleg overhøyrt samtalar mellom elevar der dei bruker ei blanding av fleire språk. Når elevane blandar norsk, dari, engelsk og arabisk, kan det vere vanskeleg å vite korleis du som lærar skal forhalde deg til fenomenet. Lær meir om det å bruke eleven sin språkkompetanse som ressurs!
Ei kvit tavle der det står "språk er nøkkelen til livet" på tyrkisk og norsk. Illustrasjon.

Kva er transspråking?

Transspråking er når ein elev tek i bruk alle språkkunnskapane sine i ein kommunikasjonssituasjon. Tradisjonelt har det å blande språk blitt sett som noko negativt i andrespråksundervisninga. I ei slik tilnærming ligg òg førestillinga om det "reine" språket og tanken om at det finst éin korrekt måte å snakke på. Det har vore ei norm at i skulesamanheng skal elevar berre bruke målspråket (Neteland, 2024).

Nyare språkforsking legg vekt på kor viktig det er at vi bruker den samla språkkunnskapen til elevane og kallar det transspråking når eleven blandar språk. I omgrepet transspråking ligg det at eleven bevegar seg på tvers av tradisjonelle språkgrenser, og dei samla språkkunnskapane blir sette på som noko positivt (Neteland, 2024).

I ein transspråkleg kontekst vil all språkkompetanse reknast med, utan at nivået til eleven har noko å seie. Eleven kan ofte fleire språk på ulike nivå. Sjølv om hen til dømes ikkje kan skrive eit av språka godt, kan den munnlege kompetansen brukast i språkopplæringa (Dewilde, 2024). Då anerkjenner og bygger vi vidare på det samla språkrepertoaret til eleven i staden for å avgrense det til å berre sjå på den kompetansen eleven har i norsk.

Kva seier læreplanen?

I kompetansemåla for Norsk kort botid vgo (NOR09‑04) er det eit læreplanmål som seier at eleven skal kunne "sammenlikne noen særtrekk ved norsk språk med eget morsmål eller andre språk eleven kjenner". For somme kan kanskje dette eine kompetansemålet bli redusert til at eleven samanliknar grammatikken mellom norsk og førstespråket sitt skjematisk. Men som lærar for elevar med norsk som andrespråk er det viktig at du òg kjenner godt til kjerneelementa i læreplanen.

Under kjerneelementet "Språklig mangfold" vil du sjå at det blir støtta opp om ein pedagogikk der den samla språkkompetansen til elevane skal brukast som ein ressurs:

En felles ramme gir og skal gi rom for mangfold, og elevene skal få innsikt i hvordan vi lever sammen med ulike perspektiver, holdninger og livsanskuelser. Det elevene får i møte med ulike kulturuttrykk og tradisjoner, bidrar til å forme deres identitet. Et godt samfunn er tuftet på et inkluderende og mangfoldig fellesskap. (Kunnskapsløftet, 2020)

Ein annan stad under kjerneelementet "Språklig mangfold" står det:

Kunnskap om samfunnets språklige mangfold gir alle elever verdifull innsikt i ulike uttrykksformer, ideer og tradisjoner. Alle elever skal få erfare at det å kunne flere språk er en ressurs i skolen og i samfunnet. (Kunnskapsløftet, 2020)

Når vi då ser læreplanen i Norsk for kort butid i lys av kjerneelementa, kan vi sjå at læreplanen gir oss ei tydeleg retning i å undervise på ein slik måte at det å vere fleirspråkleg, blir sett på som ein ressurs. Det er noko langt større enn å berre samanlikne førstespråket til eleven med norsk. Vi skal i større grad òg dra nytte av den transspråklege kompetansen eleven har der all språkkompetanse eleven har, blir rekna med.

Kvifor er transspråking viktig?

Det å legge til rette for at den samla språkkompetansen til klassen blir synleg og kjem “i spel” i undervisningssamanheng, kan vere med på å skape eit betre læringsmiljø. Ikkje minst vil det å inkludere og løfte fram dei minoritetsspråklege elevane i ei gruppe med mange norskspråklege slå positivt ut. Det blir knytt positive assosiasjonar til språket deira.

I tillegg kan det hjelpe elevar med norsk som andrespråk å dra veksel på det dei kan på førstespråket når dei skal lære seg nytt fagstoff. Mange elevar har nytte av å lese fagstoffet på førstespråket sitt først, for så å lese det same på norsk, spesielt viss eleven framleis er i ein fase der norskkunnskapane er avgrensa. Då kan førstespråket vere ei støtte for eleven i innlæring av fagkunnskap. Det same gjeld når dei samarbeider med andre som kan same språket. Til dømes vil to minoritetsspråklege elevar som skifter over til eit felles førstespråk, kunne forklare kvarandre noko fagleg mens dei jobbar med ei oppgåve.

Når du tek inn minoritetsspråka i undervisninga, er det viktig å vere klar over det Van Hommeren kallar “innfødd-ideologi” der versjonen til førstespråkbrukaren av eit språk, blir rekna som den beste. Førstespråkbrukarar er gjerne raske til å kommentere avvik frå denne norma. Det kan hindre nokon i å delta i ein samtale og påverke sjølvtilliten deira, som igjen får direkte innverknad på læringsmiljøet (Van Hommeren, 2022). Ved å vise at fleirspråklegheit er ein ressurs, kan vi i større grad unngå denne utfordringa. Då vil førstespråkbrukarane sjå kva kompetanse andrespråkbrukarane har, og kanskje i større grad òg forstå korleis det er å lære seg norsk som andrespråk.

Rolla til læraren blir utfordra

Det kan kjennast skummelt å tillate at eleven bruker all språkkompetansen dei har tilgjengeleg. Du får jo ikkje sjekka om det elevane seier og skriv, er korrekt, og du har ikkje kontroll på kva dei snakkar om viss dei samarbeider på morsmålet sitt. Då bør vi ha som grunntanke at elevane som oftast byter over til førstespråket for å hjelpe kvarandre til å forstå faginnhaldet endå betre.

Det er ingen som forventar at du som lærar skal meistre eller kunne veldig mykje om alle dei språka som blir snakka blant elevar i norsk skule. Som lærar i klasserom med elevar med norsk som andrespråk kan det likevel vere ein fordel å ha noko kunnskap om førstespråket til elevane. Då kan du i større grad forstå kva elevane gjer feil og kvifor.

Det fleirspråklege klasserommet

Vi skal sjå på nokre metodar og prøve å gi nokre råd om korleis du kan bruke transspråking i klasserommet.

Kartlegging av språkkompetansen til elevane er viktig for å få ei oversikt over kva for nokre språk elevane faktisk bruker når dei transspråker. Viss du har ei gruppe der alle elevane har norsk som andrespråk, vil du antakeleg ha ganske mange ulike språk tilgjengeleg i klasserommet.

Av og til kan vi som lærarar bli overraska over kor mange språk elevane har kjennskap til, også i ein klasse med få elevar med norsk som andrespråk. Ein elev kan ha ein fransk far og snakke fransk heime og på besøk i heimlandet til faren. Ein annan elev har vakse opp med å snakke berre somalisk heime, eller ei blanding av norsk og somalisk, sjølv om eleven har norsk som førstespråk.

Det kan derfor vere fint å synleggjere språkleg mangfald i alle klasserom. Då lærer vi elevane betre å kjenne og veit òg kva for nokre språkressursar vi har tilgjengeleg. Nokre av språka vil kanskje fleire kjenne til, som til dømes arabisk, fordi det er eit opplæringsspråk mange stader i Midtausten. Det er òg forholdsvis lett å finne ressursar om arabisk språk. Andre språk finst det færre ressursar om, og kanskje har du berre éin elev som meistrar språket. I tillegg vil det som nemnt vere ulik kompetanse innanfor dei ulike språka. Det er lurt å starte med å kartlegge språkkompetansen til elevane.

Finn ut av dette:

  1. Kva for nokon språk kan eleven? På kva nivå?

  2. Har eleven berre språka som kvardagsspråk, eller kan hen skulespråket også?

  3. Kva personar har eleven rundt seg som kan støtte hen i nokon av språka hen kan? (slektningar, morsmålslærarar eller andre ressurspersonar)

  4. Kva for nokon andre ressursar finst det om språka eleven kan? Til dømes grammatikk, lydlære eller tekstar på språket.

Du kan kartlegge språkkompetansen til eleven ved hjelp av teikningar som desse du kan laste ned og skrive ut:

Filer

Omriss av av eit menneske og fire ressurspersonar plasserte rundt. Illustrasjon.

Bruk elevane som ressurs

  1. Set saman elevar som kan dei same språka, så kan dei støtte kvarandre i forståinga og diskutere på eit språk dei er trygge på.

  2. Elevar som ikkje kan same språka, har likevel felles erfaring ved at dei er andrespråksinnlærarar. Dei kan òg oppdage likskapar og forskjellar mellom dei ulike førstespråka og norsk.

Førstespråket i skriftleg tekstskaping

  1. I skriveoppgåver, og kanskje spesielt i kreative tekstar, kan du la eleven bruke førstespråket sitt i prosessen. Skal elevane skrive dikt eller noveller, vil det vere lettare for mange å skrive på det språket som er tettast på kjenslene. Det føreset at eleven meistrar språket skriftleg. Tips: Det er mogleg å bruke "tekst til tale" og omsetjingsfunskjonar i tekstbehandlingsverktøya som støtte.

  2. Utforsk kva for nokre tekstar elevane skriv og les på fritida. Døme frå ulike situasjonar, som sosiale medium, meldingar, brev og kommunikasjon med det offentlege kan brukast som utgangspunkt for diskusjonar om form, stil og språkbruk.

Kjelder

Dewilde, J. Flerspråklighet i opplæringen. Henta 29. mai 2024 frå https://kompetansepakker.hkdir.no/norsk/den-nye-lareplanen/flerspraklighet-i-opplaeringen/

Neteland, R. Transspråking i Store norske leksikon. Henta 29. mai 2024 frå https://snl.no/transspr%C3%A5king

Van Hommeren, R. (2022). Andrespråksopplæring for nyankomne ungdommer. Vigmostad & Bjørke AS.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2024

Læringsressursar

Til læraren