Hopp til innhald

Fagstoff

Innlærartekstar og mellomspråk

Korleis kan du hjelpe elevar som held på å lære seg norsk? Kunnskap om kva som er typisk for innlærartekstar, er viktig når du skal rettleie elevar med norsk som andrespråk. Her får du ei kort innføring i kva som kjenneteiknar slike tekstar.

Kva er mellomspråk?

Mellomspråk er det språket ein innlærar bruker når hen held på å lære seg eit andrespråk. Det består gjerne av trekk frå både førstespråket og . Eit anna omgrep for det same er innlærarspråk (NAFO, 2024).

Kjenneteikn på eit mellomspråk

  • enkle setningar, dårleg utvikla ordforråd

  • fleire ulike versjonar av same ord i same tekst, til dømes ord som er stava eller bøygd rett nokre stader, feil andre stader

  • transfer: ord, former og reglar frå førstespråket

  • generaliseringar og feil bruk av reglar

  • systematikk i feila: Eleven testar ulike hypotesar om språket

Mellomspråket er ein viktig del av læringa

Ifølge språkforskar Larry Selinker er mellomspråket ein del av språklæringsprosessen der innlæraren bruker ulike strategiar for å lære.

Ein elev som skal lære norsk, vil både overføre reglar frå førstespråket sitt og bruke det hen har lært i norskundervisninga i læringsprosessen. Eleven vil veksle mellom å forenkle og overgeneralisere reglane for norsk. Feila er ein viktig del av språklæringsprosessen. Det er bevis på at eleven testar ut og lærer (Selinker, 1972).

Forskjell på kvardagsspråk og skulespråk

Det er lett å tru at skulespråket er meir utvikla enn det eigentleg er hos andrespråkselevar med eit godt, norsk kvardagsspråk. Vi kan bli villeia til å tru at eleven snakkar godt norsk når samtalen er om meir kvardagslege tema. Det er derfor viktig at du som lærar er bevisst forskjellen på kvardagsspråk og skulespråk, og at du tek deg tid til å undersøke elevane sitt skulespråk. Kva kan eleven av fagspråk i dei ulike faga?

Ifølge den kanadiske forskaren Jim Cummins tek det frå to til tre år å utvikle eit andrespråk som fungerer i kvardagen, mens det tek så mykje som fem til sju år å utvikle eit akademisk skulespråk. Dette har òg blitt bekrefta frå andre studiar (Collier, 1987; Demie 2013).

Korleis utvikle skulespråket?

Ifølge Monsen og Randen (2017) kan det gjerast fleire grep for å støtte elevane med utvikling av skulespråket. Elevane med minoritetsspråkleg bakgrunn treng støtte for å forstå orda i lærebøkene, og i undervisninga di. Lærarar må ha spesielt fokus på ord og lite . Det er til dømes ikkje gitt at ein elev veit kva det vil seie "å drøfte" eller kva kjeldekritikk er. Det kan ha noko med kulturen deira å gjere – at dei ikkje er vane med å jobbe slik på skulen.

I tillegg bør det brukast tid på uttrykk som kan ha fleire betydningar. Også tekstbindarar er viktige, sidan dei til dømes markerer motsetningar, likskapar, årsakssamanhengar og liknande som er viktig for å forstå fagtekstar. Idiomatiske uttrykk er det òg viktig å vere merksam på. Dei blir brukte ganske hyppig, også i fagspråk.

Kvar elev sitt forløp

Kvar elev har sitt læringsforløp. Ein elev kan meistre nokre delar av språket godt, men streve med andre. Vi kan beskrive ulike fasar ein elev går gjennom, men det er verd å merke seg at ikkje alle går gjennom alle fasane, og at somme bruker lengre tid enn andre på dei ulike områda som skal lærast.

Ulike fasar i mellomspråket

Begynnarspråket
Eleven bruker innhaldsord, men få bøyingsformer. Det er enkle konstruksjonar med subjekt og verbal, innlærte frasar og enkel tekstbinding. Tekstane som blir produserte, er kontekstavhengige.
Reisverkspråket
Eleven har avgrensa ordforråd, men kan spørje, konstatere og så vidare. Eleven prøver ut bøyingsformer, til dømes å skilje mellom eintal og fleirtal og bruke ulike presensformer av verbet. Eleven har gjerne feil ordstilling, men bruker både det-setningar, leddsetningar og konjunksjonar. Tekstane er mindre kontekstavhengige.
Utbyggingsspråket
Eleven har utvikla eit ganske funksjonelt norsk og forstår hovudreglane, men har litt avgrensa ordforråd og manglar nyansar. Ein kan sjå overhyppigheit av enkelte ord. Eleven kan lage ganske avanserte setningar med både konjunksjonar og subjunksjonar. Det er gjerne feil i bestemtheit, kjønn og adjektivbøying, og verbtider kan òg skape problem, men tekstane kan bli forstått utan kontekst.
Mot eit jamalderlikt språk
Eleven har eit funksjonelt norsk språk og kan tilpasse seg fleire tekstsjangrar. Språket kan vere avansert med ulike tekstbindarar, komplekse setningar og korrekt ordstilling. Eleven sitt språk skil seg likevel frå språket til jamaldrande som har norsk som førstespråk. Det gjeld spesielt ordforråd og forståing av idiom. I tillegg er preposisjonsfeil ganske vanleg.

Kjelde: Alver, Berggren og Sørland. (2021). God nok i norsk?

Kva gjer vi med mellomspråket?

Du kan sjå på feila elevane gjer som ei utprøving av ulike hypotesar. Eleven har oppfatta at det finst nokre reglar i det norske språket, og så blir dei testa ut på ulike måtar. Det vil til dømes seie at du kan sjå at eit ord er skrive korrekt ein stad og feil ein annan, utan at det betyr at eleven har slurva. Derimot kan det bety at eleven er usikker på kva versjon av ordet som er rett. Eleven er i ein viktig læringsprosess, og med støtte frå læraren kan hen få på plass det som er riktig.

Hugs at det kan vere overveldande å få tilbakemelding på "alt" som er feil i ein tekst. Ta tak i det som eleven er i ferd med å meistre og dei feila hen gjer som er til størst hinder for kommunikasjon. Eit godt tips er å lage ei oversikt for deg sjølv over kva slags feil eleven gjer og jobbe systematisk med tilbakemeldingane.

Nyttige ressursar

Vanlege feil i mellomspråkstekst: Typiske mellomspråksfeil

Tips til tilbakemeldingar på typiske mellomspråksfeil: Korleis rettleie andrespråkseleven?

Artiklar som samanliknar norsk og nokre store innvandrarspråk: Samanlikning av språk

Oversikt over dei viktigaste forskjellane mellom norsk og ein del innvandrarspråk: Veilederkorpset skole i Stavanger kommune: Språkbeskrivelser

Fordjuping i enkeltspråk (litteraturtips): NAFO: Kontrastive beskrivelser

Kjelder

Alver, Berggren og Sørland. 2021. God nok i norsk?

Selinker, L. 1972. Interlanguage. International Review of Applied Linguistics in Language. https://www.degruyter.com/document/doi/10.1515/iral.1972.10.1-4.209/html

Mellomspråk. NAFO. Lest 02.02.24. https://nafo.oslomet.no/kompetanseheving/ord-og-uttrykk-spraklege-minoritetar-i-opplaeringa/#mellomsprak

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2024

Læringsressursar

Til læraren