Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på tekstbehandling: kjelder i tekst

I denne oppgåva skal du bruke informasjon frå to ulike kjelder til å skrive ein kort tekst. Du skal øve på å setje inn og vise til kjeldene på rett måte.

Øv på å føre kjelder og lage kjeldeliste

Når du skriv fagartiklar og andre tekstar der du bruker kjelder, skal kjeldene setjast opp både i teksten der du har brukt dei, og på slutten av teksten i ei kjeldeliste. Her skal du øve på å føre kjelder og lage kjeldeliste.

Før du startar på oppgåva

Les fagartikkelen "Korleis sitere og vise til kjelder?".

Del 1: Skriv ein kort tekst om identitet

Skriv ein tekst med temaet identitet på 200–300 ord. Du skal bruke desse kjeldene i teksten din:

I teksten skal du både sitere ordrett og referere (indirekte sitat).

Del 2: Set inn kjeldene i teksten

Du skal vise kvar i teksten din du har brukt kjeldene. Du kan anten få med kjelda i setninga (sjå døme A), eller du kan legge kjelda inn i ein parentes rett etter der du har brukt han (sjå døme B).

Døme

  1. Setninga "Du skal ikke tro at du er noe" er henta frå "Janteloven" i romanen En flyktning krysser sitt spor (1933) av Aksel Sandemose.

  2. "Et sitat er en mindre del av en tekst som gjengis ordrett" (Persvold, 2021).

For eksperten: Bruk formatering

Vi har markert tittelen på romanen med kursiv. Det viser at det er ei heil bok som er kjelda, ikkje ein enkelttekst. Har du brukt ein artikkel eller ein annan enkelttekst som kjelde, markerer du tittelen med hermeteikn.

Sjå ein gong til på dømet vi brukte i A i del 2. Der viser vi til ein enkelttekst som er ein del av ein roman.

Setninga "Du skal ikke tro at du er noe" er henta frå "Janteloven" i romanen En flyktning krysser sitt spor (1933) av Aksel Sandemose.

Del 3: Lag kjeldeliste

Alle kjeldene du har brukt i teksten, skal òg stå samla i ei liste på slutten av teksten din.

I kjeldelista skal du ha med så mykje informasjon at lesaren din kan finne igjen kjeldene. Ein vanleg måte å gjere dette på er å setje det opp slik: forfattar, dato, tittel på artikkel, tittel/namn på staden teksten er publisert. Dersom kjelda er ei nettside, tek du med nettadressa (URL).

Døme

Sandemose, A. (1933). En flyktning krysser sitt spor. Tiden norsk forlag.

Persvold, A. Z. (2021, 8. november). Sitat. I Store norske leksikon. https://snl.no/sitat

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2023

Læringsressursar

IT-ferdigheiter