Øv på tekstbehandling: endre på formatering
Opne dokumentet i lenka under og forandre på utsjånaden i teksten (formatere teksten). Du finn innstillingane i verktøylinja øvst i dokumentet.
- Dei tre Bukkane Bruse(DOCX)
![Eit dokument i Microsoft Word online med markert verktøylinje for tekstformatering. Skjermbilete.](https://api.ndla.no/image-api/raw/6E4zPXgI.jpg?width=1024)
Marker heile teksten. Endre skrifttype til "Times New Roman" og skriftstorleiken til 12.
Marker og gjer første setning om til feit skrift og skriftstorleik 14.
Marker alle "Bukken Bruse" i teksten og gjer om til kursiv.
Marker og strek under dei første orda i setningane som startar avsnitta:
Det var ein gong
Først
Kort tid etter
Etter ei stund
Og så
Snipp, snapp, snute
Marker heile teksten og forandre linjeavstanden til 1,5.
I denne oppgåva er det viktigaste å lære korleis du bruker tekstbehandlingsprogrammet til å dele teksten inn i avsnitt og markere overskrifter. Bruk dokumentet under til å øve deg. Det er ein tekst som er heilt utan avsnitt og overskrifter.
- Tekstfil om symbol(DOCX)
Del 1: Jobb med tekstbehandling
Start med å lage avsnitt i teksten.
Marker så ein tittel på teksten.
Finn deretter ord og setningar som kan fungere som underoverskrifter og marker dei.
Del 2: Jobb med innhald
Sette du avsnitt og overskrifter tilfeldig? Vi bruker overskrifter og avsnitt til å hjelpe lesaren. Det finst ikkje nokon fasit, men dette er viktig å tenke over:
Overskrifter fortel noko om kva som står i avsnitta under.
Vi deler inn i avsnitt når det trengst ein liten pause i teksten, og for å markere at det kjem eit nytt poeng.
Samanlikn og diskuter med ein annan elev. Fungerer overskriftene og inndelinga du valde i del 1?
Diskuter dykk fram til ei felles løysing, før de går gjennom teksten i klassen.