Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på tekstbehandling: rette feil i tekst

Bruk tekstbehandlingsverktøy til å finne språkfeil og rette dei opp. I denne oppgåva skal du bruke ein tekst som er skriven av ein elev. Klarer du å finne alle feila?

Lær om hurtigtastar

Hurtigtastar er når du trykker på ulike tastar/knappar på tastaturet for å få tilgang til verktøy og funksjonar på datamaskina utan å bruke . Viss du lærer deg dei funksjonane du bruker mest, går det mykje raskare enn å bruke musa.

Hurtigtastar på Mac

Hurtigtastar i Windows

Del 1: Feil med strek under seg

Filer

Opne dokumentet "Elevtekst: Analyse av "Skylappjenta". Husk å velge rett språk (norsk nynorsk) i dokumentet. Blå understreking betyr at det er feil grammatikk. Raud strek betyr at ordet er skrive feil.

No skal du prøve å rette teksten:

  1. Sjå først på orda som har blå strek under seg. på orda (eller bruk Alt+F7), så får du opp ei forklaring og forslag til retting. Endre til det du meiner er rett.

    • NB! Retteprogrammet fungerer ikkje like godt når det skal finne grammatiske feil i nynorskversjonen som det gjer i bokmål, så det kan vere feil i teksten sjølv om du ikkje finn blå strekar. Då kan det vere lurt å sjekke teksten med bokmålsordboka i dokumentet først.

  2. Gjer det same med orda som har raud strek under seg. Endre til det som retteprogrammet foreslår.

Del 2: Lytt etter fleire feil

Det er fleire feil i teksten enn det retteprogrammet har funne. Klarer du å finne dei når du høyrer dei opplesne?

Les teksten høgt eller bruk "Engasjerende leser" i nettlesaren din.

  • Høyrer du kva som er feil? Endre til det du meiner er rett.

Sjå ein film om korleis du bruker "Engasjerende leser" på Statped.

Del 3: Omset teksten

Omset så teksten frå norsk til førstespråket ditt. Kva for ord og setningar blir omsette feil? Sjekk dette først:

  • Er ordet skrive og bøygd korrekt i norsk? Bruker du til dømes rett form av substantiva (bestemd/ubestemd)?

  • Er orda med lang vokal skrivne med dobbelt konsonant?

  • Har du med alle nødvendige i setninga? Sjekk at verba står på rett plass. Det same med .

  • Får du eit rart ordforslag? Sjekk om ordet har ulike betydningar på norsk i ordboka. Kanskje har omsetjingsprogrammet valt feil betydning eller gått ut frå at det var eit anna ord som liknar.

Tips til gratis omsetjingsprogram

Google Translate

DeepL Translator

Binge Translator

Engasjerende leser

Del 4: Sjekk fasiten

I oppgåva under skal du rette opp nokre av feila du har funne i teksten. Det er lurt å ha teksten du har retta framfor deg når du skriv inn forslaga dine:

Del 5: Forklar kva som var feil

Forstod du kva som var feil og kvifor? Det er faktisk det viktigaste når du jobbar med verktøya i tekstbehandlingsprogrammet.

  • Bruk videoar, artiklar og øvingsoppgåver til å lære deg reglane.

  • Spør læraren når du ikkje forstår.

Tenk deg at du skal gi eleven som skreiv teksten nokre gode råd. Skriv råda inn i teksten eller les dei inn ved å bruke stemmestyrt skriving (diktering).

Lenker til ulike verktøy for stemmestyrt skriving

Diktering Chromebook

Diktering i Google dokument

Diktering iPad og iPhone

Diktering Mac

Diktering Office 365

Jobb med grammatikkreglar

Du finn videoar, artiklar og øvingsoppgåver i emnet "Språket som system og mogelegheit".

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2024

Læringsressursar

IT-ferdigheiter