Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag mapper for å halde orden

No skal du lage deg eit system på datamaskina di. Systemet skal hjelpe deg å halde orden på alle dokumenta du jobbar med på skulen.
Ei gul mappe som inneheld filer. Illustrasjon.

Del 1: Lag hovudmapper

Start med å lage ei mappe for kvart fag du har på skulen.

  1. Start datamaskina di og logg inn.

  2. Finn symbolet som ser ut som ei mappe og klikk på det. Då vil du få opp ei oversikt over innhaldet på datamaskina di.

  3. Vel deg den staden der du vil lagre skulearbeidet ditt. Når du klikkar på ei av mappene i oversikta, vil du få opp moglegheita til å lage nye mapper. Spør læraren om hjelp viss du ikkje finn ut av dette!

  4. Lag ny mappe og skriv inn namnet på eit fag du har, til dømes "Norsk" og klikk på mappa, slik at namnet blir lagra.

  5. Gjenta og lag ei ny mappe til kvart av faga dine.

Del 2: Lag undermapper

No skal du lage undermapper til mappene du laga i del 1:

  1. Start med å skrive opp kva slags mapper du treng. Kanskje treng du ei mappe med oppgåver læraren gir deg. Den kan du kalle "Oppgåver". Så kan du lage ei mappe med tekstar du har skrive. Den kan heite "Innleveringar". Diskuter gjerne med ein annan elev kva for nokre andre mapper du kan trenge, og kva dei kan heite.

  2. Legg undermapper ved først å opne ei av hovudmappene.

  3. Følg så oppskrifta i del 1. Gjer dette for kvar av hovudmappene du har laga.

Del 3: Flytt dokument inn i mapper

Har du dokument som ikkje ligg i mapper? Følg bruksrettleiinga og sorter dei inn i mappene du laga i del 1 og del 2.

Du kan bruke program som "Filutforsker" eller "Finder" til å finne dokumenta. Sjå etter symbolet som liknar eit .

Lær om hurtigtastar

Hurtigtastar er ulike tastar\knappar på tastaturet som gir deg tilgang til verktøy og på datamaskina utan at du må bruke musa. Viss du lærer deg dei funksjonane du bruker mest, går det mykje raskare enn å bruke musa.

Hurtigtastar på Mac

Hurtigtastar på PC

  1. Finn dokumentet du ønsker å flytte.

  2. Bruk eller på dokumentet, så blir det opna ein meny.

  3. I menyen vel du "Kopier" eller "Klipp ut", alt etter om du vil behalde ein kopi av dokumentet i den opphavlege mappa eller ikkje.

    1. Viss du vel "Kopier", vil dokumentet bli verande i den opphavlege mappa, og ein kopi vil bli flytt til den nye mappa.

    2. Viss du vel "Klipp ut", vil dokumentet bli fjerna frå den opphavlege mappa og flytt til den nye mappa.

  4. Finn mappa du vil flytte dokumentet til.

  5. Klikk på den nye mappa og vel "Lim inn" frå menyen. Dokumentet vil no bli flytta til den nye mappa.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2023

Læringsressursar

IT-ferdigheiter