Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstbehandling

Du bruker eit tekstbehandlingsprogram til å skrive og omarbeide tekst digitalt. Her får du vite om nokre av mogelegheitene som finst.
Ung mann skriv på eit tastatur mens bokstavar svevar i lufta rundt han. Foto.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Tekstbehandling
Tekstbehandling er å arbeide med ein tekst, gjere endringar.
Verktøy
Verktøy er noko du bruker for å utføre noko, eit hjelpemiddel.
Funksjon
Her betyr funksjon den oppgåva eit verktøy har, det verktøyet skal gjere.
Verktøylinje
I verktøylinja i digitale program finn du ei rekke med symbol som viser kva du kan forandre på i eit dokument. Ofte ligg linja øvst i dokumentet du har ope. Det finst eitt symbol for kvart verktøy.
Formatering
Formatering er å forandre på korleis skrifta ser ut i eit dokument, som det å forandre skrifttype, storleik, linjeavstand og liknande.
Stave- og grammatikkontroll
Stave- og grammatikkontroll er eit verktøy som finst i mange digitale program. Dei hjelper deg til å skrive rett ved å markere ord og setningar som kan vere feil.

Når bruker du tekstbehandling?

Eit tekstbehandlingsprogram bruker du som oftast til å skrive dokument, som til dømes ei innlevering på skulen, rapportar eller brev. I eit tekstbehandlingsprogram kan du forandre på teksten. Du får òg hjelp til å skrive rett.

Funksjonar

Ingen tekstbehandlingsprogram er heilt like, men som oftast vil dei kunne gjere det same. Dei har dei same .

Forandre tekst

I stort sett alle tekstbehandlingsprogram har du høve til å tekst. Til dømes kan du forandre på skrifttype, skriftstorleik, fargar eller anna som forandrar utsjånaden i teksten. I tillegg er det vanleg å kunne legge til bilete og tabellar.

Du finn alle verktøya i ei verktøylinje. Ho ligg gjerne øvst i dokumentet.

Teksteditor. Knappar i Microsoft Word online. Skjermdump.

Lage struktur

Du bruker tekstbehandlingsverktøyet til å lage avsnitt og overskrifter som gjer teksten lettare å lese. Tekstbehandlingsverktøyet kan òg hjelpe deg med å lage oversikt over innhald i ei og i .

Funksjonar som hjelper deg å skrive rett

Du kan bruke verktøy i tekstbehandlingsprogrammet til å skrive rett norsk. Verktøya finn mange feil, men dei oppdagar ikkje alt. Av og til tek dei sjølv feil, men likevel er dette veldige nyttige verktøy. Viss du i tillegg alltid sjekkar det verktøya markerer som feil, vil du lære deg meir om staving og grammatikk i norsk.

Stave- og grammatikkontroll

Stavekontrollen
Stavekontrollen markerer ord du har skrive feil ved å setje ein raud strek under. Du får forslag til rett ord når du klikkar på ordet som har raud strek under seg. Sjekk at du då vel rett ord.
Grammatikkontrollen
Grammatikkontrollen markerer med blått og foreslår endringar når setninga er feil grammatisk. Han oppdagar dessverre ikkje alle feil, så du må alltid bruke annan kunnskap i tillegg.

Når du vel orda som er streka under, får du opp forslag om kva som er korrekt. Av og til kan du velje mellom fleire forslag. Viss du ikkje er sikker på valet, spør læraren eller andre som er gode i norsk.

Stave- og grammatikkontroll i Word online. Skjermdump.

Andre verktøy

Mange av verktøya i lista under finn du i tekstbehandlingsprogrammet du bruker. Dei kan ha litt ulike namn, så spør læraren om hjelp viss du ikkje finn dei.

Les høgt
Du kan markere delar av teksten og få han lesen opp. Av og til er det lettare å oppdage feil i ei setning når du høyrer setninga bli lesen opp.
Oversett
Du kan markere tekst og velje språket du vil omsetje til (til dømes førstespråket ditt). Då får du sjekka om det du har skrive gir meining, at du har valt rett ord. Det er viktig å vite at omsetjingsprogrammet kan ta feil og misforstå kva for ord du har brukt.
Stemmestyrt skriving
I nokre tekstbehandlingsverktøy kan du snakke inn teksten du vil skrive. Du må snakke sakte og tydeleg for at det skal få med seg alt. Etterpå må du sjekke teksten nøye, spesielt ord som liknar kvarandre i uttale (til dømes og/å). Dette er ein funksjon som er fin å bruke viss du synest det er enklare å snakke enn å skrive ein lang tekst på norsk – og treng hjelp med skrivinga i ein kort periode.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2024

Læringsressursar

IT-ferdigheiter