Hopp til innhald

Fagstoff

Hald orden på dokumenta dine

Synest du det er vanskeleg å finne igjen det du har jobba med på skulen? Lær korleis du kan lage namn på dokument og sortere dei i mapper på datamaskina di.
Mappestruktur med ei overmappe og tre undermapper. Illustrasjon.

Lag gode mappenamn

Når du jobbar på ei datamaskin, kan du lagre dokument, bilete, videoar og anna innhald i .

Mappa bør få eit namn som gjer at du skjønner kva du kan finne der. Har du mange dokument, treng du mange mapper. Kanskje treng du mapper inne i mapper også? Start med å lage ei mappe for kvart av faga du har. I oversikta under har vi i tillegg lagt til forslag til undermapper i mappa Norsk. Der kan det til dømes ligge undermapper som heiter Språk, Litteratur og Innleveringar.

  • Norsk

    • Språk

    • Litteratur

    • Innleveringar

  • Matematikk

  • Samfunnskunnskap

  • Naturfag

  • Kroppsøving

Døme på mappestruktur for elevar. Det er to hovudmapper: Privat og Skolearbeid. Mappa Skolearbeid inneheld undermappene: Kroppsøving, Matematikk, Naturfag, Norsk og Samfunnskunnskap. Mappa Norsk har undermappene: Innlevering, Litteratur og Språk. Illustrasjon.

Tenk over

Kva for nokre mapper har du bruk for? Diskuter gjerne med ein medelev og skriv ned forslag de kjem på.

Lag gode filnamn

Namn på dokument og andre filer du lagrar på datamaskina, bør ha namn som gjer det lettare å finne dei igjen. Mappene hjelper deg til å finne fila, men i tillegg kan du søke etter filer når du kjenner heile eller delar av filnamnet.

Namnet på fila bør vere kort og seie noko om kva det er. Vi har laga nokre døme. Klarer du å gjette kva fag dei tilhøyrer, og kva som ligg i dokumentet/fila?

Døme på filnamn

  • Praksis-rapport.docx

  • Slik snakkar eg-innlevering.docx

  • Fotosyntese-notat.docx

  • Samanlikning norsk-arabisk.ppt

  • Drivhuseffekten.jpg

Søk etter filer

Forstørringsglas over digitale mapper. Illustrasjon.

Gode namn på mapper og filer hjelper deg å finne innhald på datamaskina di. I tillegg har du ein annan måte å finne filer på: Du kan søke på ord i namnet eller ord du hugsar frå teksten.

Leit etter symbolet for søk, som gjerne er eit . Skriv inn ordet, så får du opp forslag med alle dokument som inneheld akkurat det ordet.

Relatert innhald

Få tips til korleis du kan halde orden på alle filene du lagrar på datamaskina di. Lag deg gode namn på mapper og dokument, slik at du finn dei igjen.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2023

Læringsressursar

IT-ferdigheiter