Jobb raskare med hurtigtastar
Som oftast bruker du tastaturet på datamaskina til å skrive tekst. Men visste du at du òg kan gjere andre oppgåver ved å trykke på to eller tre tastar samtidig? Ved å bruke ulike kombinasjonar av tastar får du opp menyar med mange nyttige verktøy. Når vi held mange tastar inne samtidig, får vi det vi kallar hurtigtastar, noko som erstattar bruken av datamusa. Som namnet "hurtigtastar" seier, går det ofte hurtigare.
Lær deg hurtigtastane for det du som oftast bruker datamusa til, som til dømes å markere og kopiere tekst, for deretter å lime han inn ein annan stad. I tabellen under har vi sett opp dei hurtigtastane du kan ha mykje bruk for i løpet av ein skuledag.
Oppgåve | Windows | Mac |
---|---|---|
Markere tekst | Ctrl+Shift+piltastar | Cmd+Shift+piltastar |
Markere all tekst | Ctrl+A | Cmd+A |
Feit tekst | Ctrl+B | Cmd+B |
Kursiv | Ctrl+I | Cmd+I |
Kopiere tekst | Ctrl+C | Cmd+C |
Klippe ut tekst | Ctrl+X | Cmd+X |
Lime inn tekst | Ctrl+V | Cmd+V |
Lime inn tekst utan formatering | Ctrl+Shift+V | Cmd+Shift+V |
Angre handling | Ctrl+Z | Cmd+Z |
Søk etter ord i tekst | Ctrl+F | Cmd+F |
Skrive ut | Ctrl+P | Cmd+P |
Lagre dokument | Ctrl+S | Cmd+S |
Opne søk på datamaskina | Windowstast | Cmd+mellomrom |
Dele skjerm (til dømes dele på storskjerm) | Windowstast+P | Cmd + F1 (ikkje alle einingar) |
Fleire vindauge på skjermen | Windowstast piltast høgre eller venstre | Control Cmd + F |