Hopp til innhald

Fagstoff

Identitet

Identitet handlar om korleis vi som enkeltpersonar oppfattar oss sjølv, men òg om korleis vi blir definerte ut frå den gruppa eller dei gruppene vi tilhøyrer.

Individuell og kollektiv identitet

Med identitet meiner vi korleis individ og grupper oppfattar og definerer seg sjølv:

  • Individuell identitet er den identiteten du sjølv utformar, i tråd med kven du føler du er og vil vere.
  • Kollektiv identitet er noko som du utviklar fordi du tilhøyrer ulike geografiske, sosiale og kulturelle grupper. Kjønn, etnisitet og religion er døme på forhold som pregar den kollektive identiteten din.

Vestlege samfunn har eit sterkt fokus på individet: Du kan bli nærast kven du vil (i alle fall i teorien). I andre kulturar blir kollektiv identitet vektlagd sterkare enn individuell identitet.

Identitet og rolle

Vi har alle kjensla av å vere éin person, men identiteten vår består av mange sider. Kva side vi vel å vise, avheng av situasjonen.

Du verkar gjerne som ein litt annan person når du heng med gjengen enn når du besøkjer bestemor. Men det betyr ikkje at ikkje begge delar er deg. Du tek berre ulike roller i samspel med andre. I samfunnsvitskapen er det vanleg å definere omgrepet rolle som summen av dei normene og forventingane som knyter seg til ei bestemd oppgåve, stilling eller gruppe.

Du har kanskje teke eller fått tildelt rolla som "klovnen til klassen" eller som "den stille og sjenerte". Slike roller kan det vere vanskeleg å bryte ut av, sjølv om du eigentleg helst vil framstå i klassen som den du verkeleg er.

Tenk etter

  • Finst det nokon situasjonar der forventingar frå andre pressar deg til å opptre som ein annan enn den du eigentleg vil vere?
  • Kva vil du seie er identiteten til den næraste vennegruppa di?
  • Kven i gruppa har fått lov til å definere identiteten til gruppa?

Utvikling av identitet

Du har utvikla identiteten din sidan du som toåring oppdaga at du var eit sjølvstendig individ, ein annan enn mamma og pappa, og du vil halde fram med å utvikle identiteten din resten av livet. I ungdomstida er det vanleg å eksperimentere med ulike identitetar for å finne ut kven du eigentleg er eller ønskjer å vere.

Identiteten din blir forma gjennom , men også gjennom eit auka medvit om identiteten til dei gruppene du tilhøyrer eller kjenner tilhøyrsel til, til dømes

  • stad (identitet som nordlending, innvandrar, bygdejente)
  • familie (identitet som dotter, far, medlem av slekt)
  • kjønn (identitet som gut, lesbisk, transperson)
  • yrke (identitet som lærar, bonde, elektrikar)
  • venner og fritidsaktivitetar (identitet som gjengmedlem, idrettsutøvar)
  • referansegrupper (identitet som sosialist, black metal-fan, Liverpool-supporter)

Kjønnsidentitet

Ein viktig del av identiteten vår er knytt til kjønn. Kjønnsidentiteten vår blir i stor grad styrt av oppfatningar om det å vere mann eller kvinne i den kulturen vi tilhøyrer. I dei fleste kulturane er den kollektive oppfatninga av kjønnsidentitet så sterk at det er vanskeleg å utvikle ei individuell forståing som avvik frå denne.

I nokre vestlege samfunn blir det likevel lagt vekt på retten den enkelte har til å definere eige kjønn og seksuell legning. Ofte kan det opplevast som vanskeleg å vite kven ein vil vere, særleg dersom ein føler seg som noko anna enn gut eller jente, eller lurer på om ein er noko anna enn heterofil.

Kva er kjønnsmangfald?

For dei fleste er kjønnsidentiteten konstant, sjølv om vi kanskje legg andre ting i identitetar som "mann" eller "kvinne" etter kvart som vi blir eldre. Men for nokre få er kjønnsidentitet meir problematisk. Enkelte har kanskje levd barneåra som jente, men utviklar ein identitet som mann seinare. Andre har spelt rolla som heterofil i ungdommen og først blitt medviten den seksuelle legninga si i vaksen alder.

Kultur og identitetskonflikt

Dersom du er fødd i Noreg og blir busett i Noreg heile livet, vil du sjå på deg sjølv som nordmann heile livet. Men dersom du kjem til Noreg frå eit anna land, eller har foreldre med ein annan kulturell bakgrunn, kan du oppleve ein identitetskonflikt. Ein viktig del av deg er jo norsk, men samtidig har du òg djupe røter i det samfunnet du eller foreldra dine blei fødde i.

NRK-serien Norsk-ish viser på ein glimrande måte korleis slike konfliktar kan opplevast.

Det same kan òg seiast om sosial klasse. Er du vaksen opp i ein typisk mellomklasseheim der foreldra dine har høg utdanning, vil du oftast møte sterkare forventingar til at også du sjølv skal ta høgare utdanning, enn om du har vakse opp i ein typisk arbeidarklasseheim.

Viktige omgrep

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020

Læringsressursar

Identitet i mediesamfunnet