Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis isceneset du seg sjølv?

Sosiale medium er ein arena der folk isceneset sitt eige liv for andre gjennom å ikle seg ei spesiell maske eller ein «profil». Maska kjem blant anna til syne gjennom val av profilbilete og annan informasjon som avsendaren vel å dele med andre.
Ei kvinne smiler og blunkar med auget, mens ho tar ein selfie. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Tenk over desse spørsmåla:

  • Kven er du eigentleg?
  • Kven ønskjer du å vere?
  • Korleis vel du å framstille deg sjølv overfor foreldre, venner, lærarar, ukjende?

Oppgåve 2

Ta utgangspunkt i din eigen profil på det sosiale mediet du bruker mest (til dømes Instagram), og gjer ein analyse av korleis du framstiller deg for vennene dine der. Dersom du ikkje har ein eigen profil, kan du jobbe saman med ein venn.

  1. Kva fortel profilbiletet du har valt, om deg?
  2. Kva formidlar andre bilete du har valt å poste dette året, om interessene og verdiane dine?
  3. Studer dei skriftlege innlegga du har posta den siste veka. Kvifor har du valt å dele nettopp denne informasjonen?
  4. Gir profilen din i sosiale medium eit sant bilete av den du eigentleg er? Kvifor? Kvifor ikkje?
  5. Nokre vel å ha to profilar – éin open og éin lukka profil. Dersom du har det, kan du analysere begge og forklare kvifor profilane er ulike.

Oppgåve 3

Studer profilen til ein klassekamerat.

  1. Korleis presenterer denne personen seg i sosiale medium ?
  2. Synest du profilen speglar den personen klassekameraten din eigentleg er?
  3. Samanlikn måten han eller ho isceneset seg sjølv på, med det som er vanleg blant personar på din alder. Kva er likt? Kva er ulikt?
  4. Diskuter gjerne det du har kome fram til, med klassekameraten din. Er han eller ho einig?
Jonas Gahr Støre (midten), partileiar i Arbeidarpartiet, Stefan Löfven (t.h.), partileiar i Socialdemokraterna og Sveriges statsminister, Helle Thorning-Schmidt (t.v.), formann i Socialdemokraterne og Danmarks statsminister.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 4

Mange idrettsutøvarar, artistar og politikarar bruker sosiale medium til å iscenesetje seg sjølve og det dei driv med. Norske politikarar vender seg gjerne til veljarane sine på Facebook og Twitter.

  1. Studer Facebook-profilane til tre kjende politikarar. Kva fortel profilane om kva verdiar og eigenskapar desse personane gjerne vil assosierast med?
  2. Er det sider ved livet eller virket til desse personane som ikkje blir synleggjorde?
  3. Tenk deg at du er kommunikasjonsrådgivar for ein av desse politikarane. Kva tre gode råd ville du ha gitt han eller henne når det gjeld måten vedkomande framstiller seg sjølv på i sosiale medium?
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Identitet i mediesamfunnet