Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Formar media identiteten din?

I kva grad er fjernsynsunderhaldning og dataspel med på å forme oss som individ og setje standard for det vi meiner er moralsk akseptabelt?

er ei nemning på teoriar som handlar om korleis media over tid kan påverke og endre haldningane våre gjennom måten dei framstiller verda på.

Sjå først undervisningsvideoen om mediepåverknad. Jobb deretter med ei eller fleire av oppgåvene nedanfor med utgangspunkt i det du har lært om identitet og mediepåverknad.

Oppgåve 1: Drøftingsoppgåve

Reality-serien Paradise Hotel har blitt send samanhengande på TV3 sidan 2009. Programmet er ein norsk versjon av eit amerikansk TV-konsept med same namn. Nokre meiner at serien står for eit kvinnediskriminerende kjønnsrollemønster, og at dei egoistiske deltakarane er dårlege rollemodellar for ungdom. Andre hevdar at Paradise Hotel er ein ufarleg draumefabrikk, og at det er positivt at serien flyttar på moralske grenser.

Bruk argumentasjonslista til å drøfte påstanden:

  • Paradise Hotel er ein ufarleg draumefabrikk.

Drøftinga kan gjerast munnleg i ein diskusjon i klassen eller i ei skriftleg oppgåve.

Reflekter i etterkant:

  • Har du grunngitt standpunkta dine på ein måte som viser at du kjenner til ulike teoriar om mediepåverknad?
  • Har du nytta omgrep frå medieteorien på riktig måte i drøftinga di?

Oppgåve 2: Gjennomfør eit rollespel

Ikon for rollespel. Det klassiske teatersymbolet med ei trist maske og ei glad maske. Illustrasjon.

Del klassen inn i grupper på tre. I kvar gruppe får éin elev rolla som pessimist, éin får rolla som optimist, og éin får rolla som dommar.

  1. Ta utgangspunkt i eit dataspel eller ein film/TV-serie som alle i gruppa kjenner til, og som nokre har hevda kan vere skadeleg for barn og unge.
  2. Pessimisten og optimisten snakkar saman i inntil 10 minutt om korleis og i kva grad spelet eller serien kan påverke identitetsutviklinga til barn og unge, i lys av ulike påverknadsteoriar.
  3. Dommaren bruker deretter 5 minutt på å oppsummere synspunkta som har kome fram i samtalen.

I Verktøykassa i NDLA finn de ei grundigare skildring av rollespelet om pessimisten, optimisten og dommaren under emnet «Idéutvikling og kreative metodar».

Oppgåve 3: Lag eit portrettintervju

Intervju ein vaksen person om ei film- eller fjernsynsoppleving i barndommen eller ungdommen som vedkomande sjølv meiner har betydd mykje for tankane og haldningane han eller ho har i dag. Spør òg om kva det var som gjorde at han eller ho blei påverka av nettopp denne opplevinga.

  1. Bruk opptaksfunksjon på mobiltelefonen til å gjere eit lydopptak av intervjuet, og ta fleire bilete med mobilen som illustrerer det intervjuet handlar om.
  2. Lag eit skriftleg portrettintervju. Finn passande tittel og ingress, og vel ut bileta du vil bruke.
  3. Skriv ut intervjuet, og heng det opp saman med andre intervju på ei veggavis i klasserommet. NB! Hugs at intervjuobjektet ditt må samtykkje i at intervjuet blir brukt på denne måten.
  4. Gjennomfør ein klassesamtale om identitet og mediepåverknad med bakgrunn i det intervjuobjekta fortel. Her er nokre stikkord til kva de kan snakke om:
  • Kva slags medieopplevingar er det som har påverka intervjuobjekta mest?
  • Kvifor trur de nettopp desse opplevingane har sett varige spor?
  • Var det noko de blei overraska over?
  • Blir de påverka av dei same medieopplevingane som dei de intervjua? Eller er det heilt andre ting som påverkar unge i dag?

Relatert innhald

Deltakarane i realityseriane opptrer som seg sjølve, ikkje som fiktive personar. Konfliktar er avgjerande for å skape spenning i seriane.

CC BY-NC-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2020

Læringsressursar

Identitet i mediesamfunnet