Intro
CC BY-SA 4.0
For mange ungdommar er sosiale medium ein viktig arena for å uttrykkje identiteten sin. Korleis framstiller vi oss sjølv på sosiale medium, og korleis er sosiale medium med på å forme identiteten vår?
I arbeidet med denne læringsstien vil du
- utforske korleis sjølvframstilling på sosiale medium kan påverke identiteten vår og sjølvbiletet vårt
- analysere og reflektere over korleis du framstiller deg sjølv på sosiale medium, og kva for identitetsmarkørar du bruker
- få kunnskap om sosiale roller, rollekonflikt og status og bruke det til å reflektere over din eigen identitet
- få kunnskap om Erving Goffmans teori om sjølvrepresentasjon, og reflektere over korleis sjølvframstilling har endra seg gjennom historia
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i alle fag, men somme artiklar og oppgåver kan passe spesielt godt i samfunnskunnskap, mediefag og kultur og kommunikasjon.