Hopp til innhald

Identitet i mediesamfunnet

Vi er omgitte av medium. På sosiale medium utrykkjer vi oss sjølv, og media er med på å skape eit bilete av kven vi er og kven vi vil vere. Utforsk korleis vi blir påverka av media, og korleis vi bruker dei til å forme identiteten vår.
Tre ungdommar bruker sosiale medium inne i ein skulebygning. I lufta rundt dei svevar ikon som illustrerer interaksjonen som går føre seg. Illustrasjon.

Er du den same på sosiale medium som blant vener og familie, eller er du ein litt annan? I kor stor grad er media med på å påverke kva du er oppteken av, korleis du ser på verda, og kva du trur og tenkjer om deg sjølv?

På den eine sida er sosiale medium ein stad du kan utrykke, prøve ut og utforske identiteten din. På den andre sida er media med på å forme biletet du har av deg sjølv og kven du vil bli. Tilbakemeldingane du får frå andre på sosiale medium, formar oppfatninga du har av deg sjølv. Musikken, seriane, spela, bloggane, filmane eller videoane du er oppteken av, seier noko om kven du er, og kva for grupper du identifiserer deg med.

I dette emnet skal du utforske korleis sosiale medium påverkar identiteten din. Emnet er tverrfagleg. Artiklane og oppgåvene kan brukast i mange ulike fag, men somme av dei eignar seg spesielt godt i samfunnskunnskap, mediefag, norsk, kultur og kommunikasjon og sosiologi og sosialantropologi.

Du kan jobbe med dette temaet på ulike måtar. Saman med artiklane finn du forslag til fleire ulike oppgåver og øvingar. Somme av artiklane og oppgåvene er òg sette saman i læringsstiar.

  • I læringsstien "Identitet og sosiale medium" kan du utforske korleis vi framstiller oss sjølv på sosiale medium, og korleis sosiale medium er med på å forme identiteten vår.
  • I læringsstien "Identitet, sosialisering og mediepåverknad" kan du utforske korleis media påverkar identiteten vår.

Bruk stiane som dei er, tilpass dei til eige bruk eller lag din eigen sti på stier.ndla.no.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2020