Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sosialisering i mediesamfunnet

Korleis har du blitt deg? Vi deltek på fleire ulike sosialiseringsarenaer som er med på å forme identiteten vår. Familie, vener og medium er nokre av dei arenaene som påverkar oppfatninga vår av oss sjølv.

Oppgåve 1. Sosialisering

Diskuter før de ser filmen:

  1. Kven påverkar identiteten din mest? Vener, familie eller media?
  2. Opplever gutar og jenter ulike forventningar på skulen og i familien? Gi konkrete døme.

Oppgåve 2. Media som sosialiseringsarenaer

Sjå filmen og svar på spørsmåla:

  1. Kva er ein sosialiseringsarena?
  2. Kva lærer du på ulike sosialiseringsarenaer? Kva normer og reglar lærer du på skulen? Kva normer og reglar lærer du i familien?
  3. Gi nokre døme på at du lærer ulike normer og reglar i ulike sosialiseringsarenaer, til dømes i familien, blant vener og på skulen.
  4. Korleis kan media vere ein sosialiseringsarena?
  5. Ungdomsforskaren Kristinn Hegna seier i filmen at opplevingane i familien legg grunnlaget for måten din å tenkje om deg sjølv og den sosiale identiteten din på. Medan musikksmak, klesstil, kva du liker å gjere, der du vil reise og kva filmar du liker, er meir krydderet på toppen. Diskuter denne påstanden med ein medelev. Er de einige med Hegna?

Oppgåve 3. Kjønn og mediepåverknad

Diskuter i par eller grupper med minst ein av kvart kjønn.

  1. Fortel dei andre etter tur kva slags type medieinnhald de brukte tid på i går, og kva de delte i sosiale medium.
  2. Finn de nokon døme på kjønnsforskjellar i måten de bruker media?
  3. Reflekter saman: Er det forskjell på jenter og gutar i mediebruk? Kva kan i tilfelle årsakene vere?
  4. Korleis trur de eventuelle forskjellar i mediebruk blant gutar og jenter er med på å påverke identiteten deira?

Oppgåve 4. Identitet og mediepåverknad

Media kan påverke identiteten vår på fleire ulike måtar. Svar på spørsmåla og bruk gjerne konkrete døme frå ditt eige liv.

  1. Media set dagsorden ved å bestemme kva saker som er viktige, og kva vi skal vere opptekne av. Korleis kan media påverke identiteten din ved å setje dagsorden?
  2. Media kan vere normgivende ved å framstille noko som riktig, bra og normalt, medan andre ting er feil og unormalt. Korleis kan media påverke identiteten din ved å vere normgivende?
  3. Media bidreg til globalisering ved å spreie informasjon, idear og kunnskap frå ulike delar av verda. Korleis kan media påverke identiteten din gjennom globalisering?
  4. Diskuter om sosiale medium har ført til eit meir ope og demokratisk samfunn, der mange fleire kan vere med å setje dagsorden – til dømes bloggarar, aktivistar og vanlege folk.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020

Læringsressursar

Identitet i mediesamfunnet