Hopp til innhald

Fagstoff

Sosiale roller – eller meg sjølv?

Når vi snakkar om roller, låner vi eit omgrep frå teaterverda. Skodespelarane går inn i ei rolle og får ein posisjon i ei gruppe. På same måte kan sosiale roller definerast som den åtferda eller oppførsla ein ventar mellom einskildindivida i ei gruppe.
Ungdommar som leiker. Ei jente prøver å ta capsen frå ein gut mens ein annan gut ser på. Alle tre ler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som individ er vi del av mange grupper som har ulike normer og ventar ulik framferd av oss. På skulen har vi éi rolle, mens vi har ei anna når vi er heime eller på fotballaget. Kva som blir venta av oss, endrar seg etter kva rolle vi opptrer i. Kvar rolle har altså eit sett forventningar knytte til seg.

Ulike roller

Døme på ulike roller ein kan ha, er:

  • son/dotter (rolla di i familien)
  • skuleelev (rolla di på skulen)
  • leiar av elevrådet (rolla di i organisasjonslivet)
  • fiolinist (rolla di i orkesteret)
  • kioskarbeidar (rolla di i arbeidslivet)
  • mann (kjønnsrolla di)
  • 17 år (aldersrolla di)
  • vegetarianar (rolla di som forbrukar)

Og så vidare ...

Elevar presenterer gruppearbeid i klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Uformelle og formelle roller

Rolla som son er meir uklart definert enn rolla som leiar av elevrådet. Som son har du ei uformell rolle. Sjølv om foreldre nokre gonger meiner dei veit korleis rolla skal bli kledd, finst det ingen nedskrivne reglar eller retningslinjer for korleis ein skal vere ein son. Ein kjem ikkje bort frå at ein òg i rolla som son har nokre forventningar knytte til seg, men ein har òg rettar.

Når ein derimot blir vald eller tilsett til å ha ei særskild rolle i ei gruppe, får ein ei formell rolle. Rolla som leiar av elevrådet blir definert med ein tittel. Når du blir tilsett, får du både ein tittel og ofte ei stillingsbeskriving. Nokre stillingar har formelle ansvarsområde, og ein får tildelt ei fullmakt i samband med rolla. Eit døme er da Mette-Marit gifta seg med kronprins Haakon. Da fekk ho tildelt rolla som kronprinsesse og det ansvaret som følger med det. Ein ventar at menneske oppfører seg i samsvar med den rolla dei har. Ein ventar at ein sjef oppfører seg annleis enn ein assistent, ei kronprinsesse annleis enn ein kokk.

Rollekonflikt

På same måte som at ein kan oppleve normforvirring, opplever ein som menneske rollekonflikt. Vi kan komme opp i situasjonar der vi må leve opp til forventningar knytte til to motstridande roller. Av ein skuleelev blir det venta at ein skal setje av tid til lekser og møte førebudd på skulen. Som fiolinist blir det venta at ein set av tid til å øve. I praksis kan desse rollene difor komme i konflikt.

Det finst òg meir alvorlege rollekonfliktar. Politikarar kan vere inhabile i somme saker, fordi dei kjem i konflikt med rolla dei har som bedriftseigar eller hytteeigar. I dei tilfella rollekonfliktane blir så tydelege, blir det eit spørsmål om habilitet og om personen må seie frå seg retten sin til å delta i til dømes den politiske avgjerdsprosessen.

Sosial status

Sosial status er ofte knytt til roller. Nokre roller blir påskjønt med høge lønningar, stor fridom med omsyn til arbeidstid, og makt og innverknad. Ein kan òg søke sosial status på andre arenaer enn jobb. Val av vener, fritidsaktivitetar, utdanning og arbeid er med på forme korleis ein opplever seg sjølv, og korleis andre opplever ein.

Rolle – eller meg?

Dersom roller er forventningar og normer knytte til deg som individ, kven er du da? Er du ein annan enn det dei rollene du har, skulle tilseie?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gro-Anita Mortensen.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2017

Læringsressursar

Identitet i mediesamfunnet