"Kristendommen, den tiende landeplage" og Muhammed-karikaturane
Når verdiar blir angripne og motsetningar mellom kulturar kjem til uttrykk i tekstar, skaper det gjerne sterke reaksjonar. Kva gjer vi med tekstar som har ytringar vi ikkje liker? Her skal du sjå på to tekstar som har utfordra samtida sitt syn på ytringsfridom.
Les utdraget frå "Kristendommen, den tiende landeplage". Du finn det på nettsida til Signatur.
Formuler hovudsynet i teksten. Skriv ned eit sitat som særleg får fram det du meiner er hovudsynet.
Det viktigaste verkemiddelet i teksten er sarkasme. Skriv ned to sitat du meiner viser den sarkastiske skrivestilen til Øverland.
Meiner du at Øverlands tekst er blasfemisk? Grunngi svaret ditt.
Kva seier det om det norske samfunnet på 1930-talet at denne teksten blei sett på som blasfemisk og sjokkerande?
I 2006 trykte den danske avisa Jyllands-posten karikaturteikningar av profeten Muhammed. Dette utløyste ein kraftig strid som har vore bakgrunnen for både drapstruslar, eit angrep på eit fransk tidsskrift og drapet på ein lærar.
Set deg inn i striden om Muhammed-karikaturane og dei følgjene striden har hatt i ettertid ved å lese teksten og sjå videoane på NUPI Skole.
Diskuter denne påstanden:
Når essayet "Kristendommen, den tiende landeplage" er pensum i skulen, bør også Muhammed-karikaturane trykkjast i lærebøker og på NDLA.
Etter å ha jobba med dei to tekstane som har utfordra samtida sitt verdisyn, diskuter følgjande:
Bør det vere grenser for ytringsfridom i eit demokrati, eller bør alle få lov til å seie kva dei vil?
Relatert innhald
Dikt kan vere samfunnskritiske. "Du må ikke sove" av Arnulf Øverland er framleis aktuelt i dag.
Novella "Ærens mark" er ei novelle om den skylda hovudpersonen kjenner på etter å ha drepe under første verdskrigen.