Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Heile klassen samskriv om Gjengangere

I denne oppgåva skal alle bidra til det som skal bli klassen sin fagartikkel om Gjengangere. Målet er å både diskutere, lese og skrive om dramaet. Når alle bidreg, blir det berre litt jobb på kvar.
Til læraren

Målet med samskrivinga er at alle skal bidra til klassen sin felles fagartikkel om Gjengangere. Be gjerne kvar gruppe levere inn eit utkast og gi tilbakemelding, slik at elevane kan forbetre avsnittet sitt.

Viss de skal ha ein munnleg vurderingssituasjon der Gjengangere er pensum, så legg opp fagartikkelen til elevane som pensum. Ved å lese klassen sin fagartikkel vil elevane få dekt mange sider ved skodespelet. I tillegg vil dei lese klassen si felles tolking av stykket i staden for ei ekstern tolking.

Del 1: Skriv klassen sin fagartikkel om Gjengangere

Gå saman i grupper på tre eller fire. De skal vere åtte grupper. No skal de skrive ein fagartikkel om Gjengangere. Kvar gruppe har ansvar for eitt avsnitt kvar i fagartikkelen.

  1. Sjå på presentasjonen under og fordel dei åtte avsnitta mellom dykk. Viss de trykkjer på oppgåva i presentasjonen under, finn de tips til avsnittet de skal skrive.

  2. Sit i grupper og skriv avsnittet. Pass på at alle deltek i skriveprosessen.

  3. Lever inn avsnittet til læraren for tilbakemelding.

  4. Når de får avsnittet tilbake frå lærer, skal de revidere teksten ut frå tilbakemeldingane.

  5. Lever det ferdige produktet til læraren igjen. Læraren set saman til ein ferdig artikkel.

Del 2: Revider teksten i fellesskap

Gå gjennom fagartikkelen i plenum. Læraren kan til dømes vise han på lerret og redigere etter dykkar forslag. Det kan til dømes gjere det på denne måten:

  1. Les avsnitta høgt. Diskuter språk og innhald etter kvart avsnitt i plenum. Om nokon har gode forslag til endringar, reviderer læraren teksten medan de ser på.

  2. Lag gode overgangar som skaper flyt i teksten mellom avsnitta.

Kjelder

Brun, M.W. (1879). Omtale av Et dukkehjem i Folkets Avis i København (Språket er modernisert). Henta frå https://www.hf.uio.no/is/tjenester/virtuelle-ibsensenteret/ibsen-arkivet/tekstarkiv/anm/du/du-m-w-brun.html

Hamsun, K. (1989). Sult. (5 utg.). Gyldendal. (Opphavleg gitt ut 1890).

Ibsen, H. (1972). Peer Gynt (4. opplag). Gyldendal. (Opphavleg gitt ut 1867).

Ibsen, H. (1966). Gengangere. Gyldendal. (Opphavleg gitt ut 1881).

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Opprøret mot autoritetane!