Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Mensa rotunda" – om skulepress før og no

"Mensa rotunda" var det siste Marius i romanen Gift av Alexander Kielland sa før han døydde. "Mensa rotunda" er latin, som var nettopp det Marius døydde av – å pugge latin. Her skal de lese utdrag frå romanen, undersøkje kva forhold klassen har til skulepress og sjå filmen Fra barn til borger.
Gammalt klassefotografi av små gutar med ein lærar i midten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Korleis opplever de skulen?

Ta ei undersøking

Lag ei undersøking i klassen der de svarer anonymt på spørsmåla under. De kan til dømes bruke skulen si eiga læringsplattform, Kahoot eller Mentimeter.

  1. Kor lang tid bruker du gjennomsnittleg per dag på lekser og anna skulearbeid utanom skuletida?

  • gjer aldri/nesten aldri skulearbeid

  • mindre enn ein halvtime

  • 1/2–1 time

  • 1–2 timar

  • 2–3 timar

  • 3–4 timar

  • meir enn 4 timar

  1. Kor ofte blir du stressa av skulearbeidet?

    • aldri

    • sjeldan

    • av og til

    • ofte

    • svært ofte

Diskuter resultata

  1. Ungdata 2021: Samanlikn resultata dykkar med Ungdataundersøkinga frå 2021 som de finn på s. 24 i rapporten publisert av NOVA, Oslomet.

  2. Undersøkinga de tok i klassen, skilde ikkje mellom gutar og jenter. Det gjer Ungdataundersøkinga. Diskuter i klassen: Trur de forskjellen mellom kjønna er like stor i klassen dykkar som i Ungdataundersøkinga?

  3. Kvifor trur de så mange stressar med skulen? Kom med dei personlege erfaringane og/eller teoriane dykkar.

  4. Kvifor trur de gutar er mykje meir avslappa til skule enn jenter?

Del 2: Gift av Alexander Kielland

Gift er ein tendensroman om skule og undervisning. Det vil seie at Alexander Kielland kritiserer skuleverket og ønskjer å vise lesaren kva som er gale.

Romanen handlar om Abraham og venen hans, lille Marius. Marius er dårleg på skulen, men er god til éin ting – å pugge latin. Derfor jobbar han så hardt med latinen at han til slutt blir sjuk av skulearbeidet og døyr.

Kielland gjekk sjølv på latinskule, så han kjende godt til kva som skjedde i klasserommet.

Relatert innhald

Lesetips til læraren

Gift passar ypparleg til høgtlesing. Utdraga frå Gift blir meir levande for elevane om du deler ut roller til dei og lèt dei lese høgt.

Utdrag 1: Lille Marius

  1. Boka startar med ei personskildring av lille Marius på skulebenken. Kva inntrykk får du av Marius?

  2. Kva verkemiddel bruker Alexander Kielland for at lesaren skal få sympati med lille Marius allereie på boka si første side?

Tips til oppgåve b

Sjå på ordbruken i den direkte personskildringa. Kva ord bruker Kielland om Marius, utsjånaden hans og reaksjonen hans på spørsmålet til læraren og reglane i skulen?

Utdrag 2: Ein vanleg skuletime

  1. Skriv ned førsteinntrykket du sit med etter å ha lese scenen frå klasserommet.

  2. Kva meiner du Kielland vil vise lesarane når han skildrar ein vanleg skuletime på desse sidene?

  3. Legg merke til skrivestilen til Kielland. Kva vil du peike på som skaper realisme? Altså – korleis skriv Kielland for å gi lesarane inntrykk av at scenen frå klasserommet kunne skjedd i verkelegheita?

Tips til oppgåve c

Korleis lagar Kielland ei scenisk framstilling som lesarane kan sjå levande for seg? Sjå på forholdet mellom

replikkar

personskildringar

referat

Utdrag 3: Lekser og ei bekymra mor

Frå "Aa, les ikke mer lille venn..." til "samfunnets priviligerte snegler". Skriv ned svar på spørsmåla under:

  1. Korleis oppfører lille Marius seg når han les lekser? Kvifor blir mora så bekymra?

  2. Er noko av det du les her aktuelt i dag, etter di meining? Strek eventuelt under utdrag du meiner er aktuelle.

  3. Samanlikn svara dykkar på oppgåve b i grupper.

Utdrag 4: Nyttig og unyttig lærdom

Utdraget er ein samtale mellom Wenche Løvdahl, mora til lille Marius sin beste ven, og Michael Mordtmann.

  1. Kva meiner Wenche Løvdahl er gale med skulen? Og korleis meiner ho den gode skulen bør vere?

  2. Wenche Løvdahl er nok Alexander Kiellands talerøyr i romanen. Det vil seie at ho seier det forfattaren sjølv meiner. Kva trur du Alexander Kielland ville sagt om skulen på 2000-talet? Grunngi ved å vise til tekstsitat.

  3. Diskuter svara på oppgåva over i plenum.

  4. Lag ein munnleg dialog i par der de diskuter kva fag i dagens skule som er unyttige, og kva for nye fag som bør inn. Hugs at argumenta bør vere like solide som dei er i utdraget frå romanen!

Utdrag 5: Marius døyr

Les om Marius sin død.

  1. Diskuter i klassen: Kvifor trur de Alexander Kielland vel å la Marius døy?

  2. Les sitatet frå litteraturprofessor Tone Selboe under. Diskuter Selboes tankar om sympati og lesing. Kan det hjelpe dykk til å forstå korleis historia om lille Marius skal påverke lesaren til å sjå kva som er gale med skulen?

At den som leser, oppøver forestillingsevnen, får åpenbart ikke alltid positive konsekvenser for det praktiske livet. At liv og litteratur henger sammen, betyr ikke at det er en garantert forbindelse mellom empati for litterære personer (...). Det vi i dag kaller empati, ble på 1700- og 1800-talet omtalt med ordet "sympati", og mange av de realistiske romanforfatterne (...) var opptatt av å engasjere leserens forestillingsevne - følelse, fantasi og sosiale samvittighet. (...)
Liv er mer enn vitenskap, og skal vi forstå livet, må vi også få det framstilt i et språk som går lenger enn det rasjonelle. Vi må rett og slett få det i litteraturens framstilling. (Selboe, 2018, s. 82–84)

Del 3: Fra barn til borger

Sjå filmen Fra barn til borger av Janne Lindgren. Diskuter deretter:

  1. Kva er det denne filmen kritiserer?

  2. Samanlikn korleis samfunnskritikken kjem til syne i filmen med utdraga frå Alexander Kiellands roman Gift. Ta med følgjande moment i diskusjonen:

    • I Gift av Alexander Kielland blir kritikken tydeleg uttalt, til dømes av somme av karakterane i romanen. Korleis er dette i filmen? Sjå på kameraføring og mangelen på ei forteljarstemme.

    • Prøv å bruke Tone Selboes tankar om sympati (del 2) på filmen. Vil de seie at tankane hennar om skjønnlitteraturen sin rolle òg kan brukast på denne filmen?

    Del 4: Ein diskusjon om skulepress før og no

    No skal de ha ein diskusjon i klassen om skulepress før og no. De skal diskutere desse to påstandane:

  • Romanen Gift viser at den norske skulen ikkje har forandra seg. Han påfører barn og unge altfor mykje press.

  • Romanen Gift viser heldigvis at den norske skulen i dag er demokratisk og open. Når dagens unge rapporterer om skulestress, er det berre syting.

Korleis få alle til å delta i klassediskusjonen?

Det er ikkje alle som liker å delta i diskusjonar. Derfor skal de prøve ein metode som forhåpentleg vil få fleire til å snakke høgt:

  1. Start med å skrive ned argument på eiga hand. Bruk ca. 10 minutt.

  2. Sit i små grupper. Diskuter argumenta de har skrive ned og diskuter korleis de kan argumentere godt for synet dykkar.
  3. Diskuter i plenum. Det er lov å lese opp argumenta sine frå eit ark viss nokon synest det er skummelt å diskutere.
Tips til diskusjonen

Tenk over

Korleis viser romanen Gift at den norske skulekvardagen har forandra seg sidan slutten av 1800-talet?

Sjølv om skulekvardagen har forandra seg, kan det vere at skulestresset er like mykje til stades, berre på ein annan måte. I så fall – korleis?

Ungdataundersøkinga frå 2021 viser at over halvparten av elevane i vg3 brukar under ein time om dagen på skulearbeid utanom skulen. Den same undersøkinga viser at over 75 % i vg3 bruker over tre timar på skjermaktivitetar som ikkje er skulearbeid (Bakken, 2021). Betyr det at ungdom kanskje burde jobbe meir med skulen og klage mindre over press?

Kjelder

Selboe, T. (2018). Leselyst. Oslo: Kolon forlag

Bakken, A. (2021). Ungdata 2021. Nasjonale resultater. Henta frå https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/handle/11250/2767874.

Relatert innhald

Som forfattar var Alexander Kielland oppteken av å sette samfunnsproblem under debatt.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Opprøret mot autoritetane!