Oppgåve
Kjønn, makt og fantastisk litteratur
I romanen Egalias døtre blir forholdet mellom kjønna snudd på hovudet. Korleis kan fantastisk litteratur som dette seie oss noko om vårt eige samfunn?
- Kva betyr omgrepa "utopi" og "dystopi"? Søk opp i Store norske leksikon og noter ned ein definisjon for kvart omgrep.
- Skum gjennom artikkelen om fantastisk litteratur og skriv ned ei beskriving av kva fantastisk litteratur er.
- Kva er science fiction? Finn omgrepet i artikkelen om fantastisk litteratur og sjå korleis dei to omgrepa står i forhold til kvarandre. Les òg artikkelen om science fiction i Store norske leksikon. Skriv ned ein definisjon på science fiction ut frå desse to kjeldene.
Relatert innhald
Kjeldemateriale
Fantastisk litteraturFagartikkel om fantastisk litteratur; utgreiande tekst om undersjangrar og sjangerhistorikk.
- Les intervjuet med forfattaren Naomi Alderman, der ho fortel om romanen The Power. Den har blitt omsett til norsk og fått namnet Kraften: NRK: Blir verden bedre om kvinnene overtar?
- Kva er handlinga i romanen, slik han blir beskriven i dette intervjuet?
- Korleis tolkar du det når Alderman seier at boka berre er dystopisk viss du er mann?
- Kva seier ho om vald og betydinga vald har for korleis verda fungerer?
- Krafta tilhøyrer sjangeren science fiction, som er det vi kallar fantastisk litteratur. Les sitatet frå Tor Åge Bringsværd nedst i fagartikkelen om fantastisk litteratur. Kva seier han om kva den fantastiske litteraturen kan gi oss?
- I intervjuet beskriv Alderman kva ho ønskjer at lesarane skal oppleve og oppdage ved å lese boka. Kva er dette, og kan du sjå det i samanheng med det Bringsværd seier?
- Diskuter det Naomi Alderman seier i sitatet nedanfor:
Et gammelt feministisk argument for at kvinner bør styre verden, er at den ville blitt fredeligere.
- Les frå side 180 til side 184 i romanen Egalias Døtre av Gerd Brantenberg på Nasjonalbibliotekets sider.
- Korleis er arbeidsfordelinga mellom kjønna når det gjeld barn i dette samfunnet? Korleis blir dette grunngitt?
- Korleis er dette i samfunnet vårt, og kva er grunngivingane vi har for dette?
- Korleis blir det forklart at kvinner fekk eigedomsretten til både jorda og mennene?
- Forfattaren bruker språket til å vise desse forskjellane i status og makt mellom kjønna, ved å bruke ord som "rådsfruer" der vi bruker "rådmenn" , "kvinneske" for "menneske" og "herken" i staden for "frøken". Gå saman i par og kom på så mange ord som mogleg som ikkje er kjønnsnøytrale i samfunnet vårt.
I dette sitatet ser vi korleis mennene i Egalia tenkjer om kjønnsforskjellane. Samanlikn dette med korleis vi forklarer kjønnsforskjellane i samfunnet vårt, når det gjeld barn og arbeid.
De unge mennene sukket. De hadde lyttet og tenkt og spurt seg selv hvorfor og hvorfor. De hadde liksom på følelsen at de ikke trengte å ha gått slik, selv om det føltest nesten uunngåelig. De var for evig håpløst innkapslet i sin egen biologi.
- Oppsummer kva det står om historieskrivinga og kjønn i Egalia: Kven handlar historia om, og kven skriv ho? Diskuter: Korleis er dette i samfunnet vårt?
- I utdraget les vi om praksisen med å drepe gutebarn, og å snøre føtene til menn på ein måte som avgrensar rørslefridomen deira. Finn de døme på dette i vår verd?
- Diskuter: Kva slags parallellar ser de mellom dette plottet og situasjonen mellom kjønna i samfunnet vårt?
- Diskuter: Kva trur de forfattaren ønskjer å oppnå med å skrive om dette samfunnet?
Vel ei av desse:
- Skriv ei novelle frå den oppdikta verda til Kraften eller Egalias døtre. Skap eit handlingsforløp som set på spissen kva som kan skje viss kvinner som gruppe får mest makt i samfunnet.
- I grupper: Lag ein kortfilm frå den oppdikta verda til Kraften eller Egalias døtre. Skap eit handlingsforløp som set på spissen kva som kan skje viss kvinner som gruppe får mest makt i samfunnet.
Relatert innhald
Kjeldemateriale
FilmkjøkkenetFilmkjøkkenet består av fire korte episodar. Du får ei enkel innføring i kva du treng å vite for å lage film og i verkemidla til filmmediet.